Sider

31. mai 2013

Oppsummering mai


Påbyrja i april, fullført i mai
Erica Jong (red.) - Sukker i skålen - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Mørke rom - Amerikansk spenning - Kjøpt papirbok 


Lest i mai

Haruki Murakami - 1Q84 bok 3 - Roman - Lydbok lånt på biblioteket 
Karin Alvtegen - Svik - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - Hungerilden - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Mikael Niemi - Fallvann - Svensk roman - Kjøpt lydbok
Levi Henriksen - Snø vil falle over snø som har falt - Norsk roman - Papirbok lånt av mor

Thomas Enger - Blodtåke - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Arne Dahl - Skjulte dyp - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Ingelin Røssland - Kirsebærsnø - Norsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
Birger Baug - Straff - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Birger Baug - Paradis tapt - Norsk krim - Papirbok lånt av mor

Skjermdump: Bokelskere.no
Påbyrja i mai, fullførast i juni
Sommerperler 2013 - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Flink pike - Amerikansk thriller - Digikort lånt på biblioteket

Påbyrja, ikkje fullført
Helene Uri - Kjerringer - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket 

Du finn ein oversikt over andre bokbloggarar sine oppsummeringar for mai hos anettesbokboble

29. mai 2013

Dobbel kjappomtale

av to "kjappe" bøker. Eg har lese Straff og Paradis tapt av Birger Baug. Tidlegare har eg lese Død sjel, som er tredje bok i politikrimserien med førstebetjent Halvor Heming som hovudperson. Alle tre bøkene er lettleste og ganske spennande.

Baug debuterte i 2008 med krimromanen Straff. Her presenterer forfattaren oss for Halvor Heming, ein mann litt annleis enn sine kollegaer i krimlitteraturverda; han har verken rusproblem, brysam eks-kone eller psykopatisk sjef. Det er høgst uvanleg (men kanskje litt kjedeleg?) med ein mannleg krimhelt som ikkje har stort andre utfordringar i privatlivet sitt enn den tidsklemma som alle småbarnsforeldre har.

Straff handlar om, som tittelen antydar, skuld, hevn og straff. Om kva ekstrem mobbing i barndommen kan føra til av skade, ikkje berre for offeret, men òg for andre involverte. Boka er på omlag 250 sider og veldig fortlest, samstundes som ho er engasjerande og med høg sidevendarfaktor. Til debutbok å vera, er ho svært bra. Det er tydeleg at Baug skriv med samfunnsengasjement. Han har evne til empati og innleving, særleg når han skildrar det stakkars einsame mobbeofferet. Oppklaringa og sjølve plottet vert noko oppkonstruert og oppfattast kunstig, men boka anbefalast, - ho passar perfekt som "sommarkrimlektyre".
Terningkast 4.

I bok nummer to, Paradis tapt (2009), er det fleire parallelle historiar. Ei av dei foregår på Helgelandskysten og ei anna i det hardbarka narkotikamiljøet i hovudstaden vår. Dessutan får me gjennom ei dagbok høyra om ein far som er villig til å gjera absolutt alt for at den narkomane sonen hans skal komma seg ut av narkohelvetet. Det skjer uvanleg mange overdosedødsfall i Oslo, og etterforskingsleiar Halvor Heming og teamet hans ser at dette umuleg kan vera tilfeldig.

Forfattaren viser også i denne boka empati, engasjement og kunnskap, her spesielt om narkotikaproblematikken. Dei ulike historiane vert fletta saman på ein OK måte til slutt. Denne andreboka "heng litt betre saman" enn den fyrste boka, og er ein smule meir utfordrande for lesaren, - men er likevel svært lettlest og "kjapplest".
Terningkast 4 pluss.

Tidlegare har eg skrive ein litt fyldigare omtale av bok nummer tre, Død sjel (utgjeven 2012). Den kan lesast her.

Dei tre bøkene i serien er sjølvstendige og treng ikkje lesast i rekkefølge, men som alltid er det ein fordel å starta med starten :-)

Ei heilt grei terrassebok

27. mai 2013

Bokomtale: Blodtåke av Thomas Enger


Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Christoffer Staib
Speletid: 9 t 50 min

Blodtåke er den tredje boka (av seks) i serien med den brannskadde journalisten Henning Juul i hovudrolla. I fyrste bok vart me kjende med den tragiske bakgrunnen hans; etter ein påsett brann der sonen Jonas omkom, er Henning skada både inni og utanpå. Men han har kjempa seg attende til eit tilnærma normalt arbeidsliv som krimreporter i ei nettavis.

Blodtåke I denne boka handlar det om
 - Trine Juul-Osmundsen, justisminister og Henning Juul si syster, som vert beskulda for seksuell trakassering mot ein ung mannleg partikollega. Hysteriet er eit faktum når heile medieverda går inn i blodtåka.
  - Ei eldre kvinne vert brutalt drept og skjenda på ein sjukeheim. Kort tid etter vert ei yngre kvinne funnen drepen i heimen sin. Etterforskarane mistenkjer ein samanheng og at den skuldige har vore ute etter hemn.
  - Henning Juul rapporterer om sakene og etterforskar på eiga hand. Samstundes føler han at han lyt engasjera seg i saka om systera Trine, sjølv om dei ikkje har hatt kontakt på årevis.

Blodtåke er utan dei store overraskingane og ikkje så intenst spennande. Eg opplevde det meste av handlinga som liksomdramatisk. Den fyrste boka i serien, Skinndød, vart eg veldig begeistra for, men oppfølgjaren Fantomsmerte var litt nedtur for meg. Dessverre ser nedturen til å fortsetja, - for eg ser på Blodtåke som den svakaste hittil. Likevel kjem eg truleg til å lesa dei neste bøkene i serien, fordi eg er spent på korleis forfattaren kjem til å nøsta opp i hovudplottet; Henning Juul si private tragedie.

Eg har lytta til lydboka, - Christoffer Staib gjer ein OK jobb som opplesar. Blodtåke er ei heilt grei krimbok, godt komponert med ei hovudhistorie og fleire parallelle historiar. Men historia er for lite spennande og løysinga for enkel. Konkluderer med ein svak firar på terningen.

26. mai 2013

Ein smak av sommar

...har me hatt dei siste par dagane. Her inst i Sognefjorden er himmelen blå, liene grøne, toppane snøkvite og fjorden turkis. Postkortnatur. Me som bur her set vel kanskje ikkje nok pris på alt det vakre som naturen byr på i desse dagar.


Ein smak av sommar i litterær form dukka opp i postkassen min forrige veke; Sommerperler 2013, tilsendt frå Juritzen forlag. Ei fin lita bok å ta med i veska. Forlaget presenterer novellesamlinga slik:
"Sommerperler er den første boken i et helt nytt konsept for en fast utgivelse hver sommer. I Sommerperler får du 16 noveller skrevet av norske kvinnelige toppforfattere. Dette er en miks av litterære og underholdende noveller. Legg deg på stranden, og drøm deg bort med sommerens perler."

Enno har eg ikkje lese så mykje i boka, eg tenkjer ho skal få bli med meg rundt omkring, - og så kan eg ta ho fram og lesa ei novelle når det passar seg slik.

Ei av novellene eg har lese er Barnet som elsket veier av Cora Sandel. Ei fin, varm og vemodig historie om ein svunnen barndom. Novella startar slik:


Ute etter bok- og lesetips? Ta ein tur innom bloggen Flukten fra virkeligheten og få smakebitar frå mange ulike bøker!

24. mai 2013

Sorry Helene Uri

Kjerringer....men eg giddar ikkje å lesa (høyra) ferdig Kjerringer. Her er det for mykje latin og for mange spesielle damer. Eller kanskje det er meg som ikkje skjønnar humoren. For det er slett ikkje sikkert at Kjerringer er ei dårleg bok, men boka passar ikkje for meg, og i alle fall ikkje no.

Så eg vel å avbryta lesinga. Eg orkar ikkje å trua meg sjølv til å lesa ferdig ei bok eg ikkje tykkjer om. Verda er full av bøker som ventar på å bli lest.

Neste lydbok for meg vert Flink pike av Gillian Flynn.

Ei heilt anna type kjerring.




22. mai 2013

Bokomtale: Kirsebærsnø av Ingelin Røssland

Samlaget 2012
201 sider
Lånt på biblioteket

Beathe i beathesbokhylle skriv i omtalen sin at dette er ei perle av ei bok.
Det har ho heilt rett i.

Eg hadde lagt merke til at Kirsebærsnø vart omtalt på ymse bloggar og nettstader, men ikkje sett på boka som spesielt fristande for min eigen del. Likevel vart boka med meg heim då eg var ein snartur på biblioteket her ein dag. Seint i går kveld tok eg ho fram og bladde litt, og før eg visste ordet av det hadde eg lest halve boka! Siste halvdel er nettopp ferdiglest.

Dette er ei kvardagshistorie frå Hardanger. Kan hende er historia enkel og banal, men ho er velsigna ujålete og gir fyrst og fremst eit ærleg inntrykk. Difor er boka rett og slett god. Røssland brukar eit levande og enkelt språk, og boka inneheld mange fine og ekte dialogar. For meg er det òg eit pluss at ho er skriven på nynorsk.

Hovudperson er Cathrine som har vore gift med Tom Ove i mange år, - og i ekteskapet har ho nok ofra seg og "mista litt av seg sjølv". Men så dukkar det opp ein mann som verkeleg ser henne, - den nyinnflytta svenske dyrlegen Alex. Cathrine slit med at omgjevnadene tek ho for gitt, og no - omsider -  får ho den merksemda ho så sårt saknar, frå ein mann ho vert veldig betatt av.
"Alex går nærmare henne, farlig nær. Ho ser opp på han, inn i dei blå auga, og der inne ser ho seg sjølv falla. Falla for måten han ser på henne på, fordi det er som om han verkeleg ser henne.."
I tillegg til samlivsvanskar, slit Cathrine med konfliktfylte forhold til mor si og dotter si. Samstundes har ho eit varmt og godt forhold til bestemora si.
"Besta tar handa til Cathrine og klemmer den, det er framleis kraft i den gamle kroppen. Så lukkar ho auga igjen. Cathrine legg andre handa si varsamt over handa til besta. Stryk med fingertuppane over den hovne handbaken med raudleitt, spent hud. Cathrine stryk og stryk, det er så mykje ho vil ha sagt. Det er ingen som forstår henne sånn som besta gjer.."
For meg var boka ei svært positiv overrasking. Kirsebærsnø er ei lettlest, passe lang, truverdig og tankevekkjande bok. Me er mange som kan kjenna oss att i historia som vert fortald. Ingelin Røssland skriv om det moderne livet på bygda, på godt og vondt. Og slagordet "det enkle er ofte det beste" kan også gjelda for bøker.

Meir om Kirsebærsnø og andre fine tekstar finn du på Ingelin Røssland sin blogg.

21. mai 2013

Trilogi på vent

(Ja, for det heiter trilogi. Ikkje triologi.)

Ei av bøkene i ventebunken min er Livet de luxe av Jens Lapidus, - eg kjøpte pocketutgåva då eg var ein snartur innom ein bokhandel i lunsjpausen ein dag. (Eg skulle berre kjøpa ein liten bursdagspresang til eit tantebarn, men kom ut att frå bokhandelen med eit par bøker i tillegg. De veit korleis det er..)

Livet de Luxe har stilig omslag med slagorda "Bestselger krim", "Kritikerrost thrillersuksess", "Glimrende", "Storslagent" og "Mesterstykke", samt tre terningkast: to seksarar og ein femmar. Er det rart eg vart frista, eg som er så glad i svensk kriminallitteratur?

Då eg kom heim og googla forfattaren, oppdaga eg at eg hadde kjøpt den siste boka i ein trilogi som vert kalla Stockholm Noir. Så - eg lyt altså skaffa meg dei to føregåande bøkene før eg startar på Livet de Luxe; Cash og Aldri fucke opp.

Jens Lapidus er fødd i 1974, busett i Stockholm og jobbar som forsvarsadvokat i eit leiande svensk advokatfirma. Serien Stockholm Noir har vore ein stor suksess, men er omdiskutert.
Eg trur dette må vera ein bra trilogi å ha på vent.



"Boken på vent" er fast boktema på bloggen beathesbokhylle.

Du finn mange andre ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn her!

20. mai 2013

Smakebit på overtid

Eg har vore til fjells og offline i pinsen og gjekk glipp av Smakebit på søndag, Mari sitt faste boktema i bloggen Flukten fra virkeligheten. Betre seint enn aldri deler eg ein liten bit av boka eg les akkurat no; Skjulte dyp av Arne Dahl.

Skjulte dyp er den femte boka i Arne Dahl sin fantastiske serie om A-gruppen. Dette er etter mi meining ein av dei aller beste skandinaviske kriminalbokseriane, - og fortener absolutt fleire lesarar. Serien er fullt på høgde med serien om Kurt Wallander (Henning Mankell), Martin Beck (Sjöwall & Wahlöö), Avdeling Q (Jussi Adler-Olsen) og Van Veeteren (Håkan Nesser).

Bøkene i serien om A-gruppen har mange interessante hovudpersonar, er samfunnskritiske og -aktuelle, - og byr på spenning og gode gjennomtenkte plott. Hovudhistoria i Skjulte dyp er mordet på ein asylsøkar. Den skuldige er politimann, men drapet har skjedd utan vitne og med eit svært uklart motiv.

Boka startar slik:
Helt svart i øynene, tenkte han og fikserte speilbildet sitt. Konturene ble et flyktig øyeblikk utydelige av en lett, lett skjelving.
Bare ett minutt senere, oppe på taket, tenkte han: Burde jeg ikke ha reagert allerede da? Burde jeg ikke ha vært mer på vakt? Burde jeg ikke ha forstått at den lette, lette skjelvingen var et forvarsel?
Da ville jeg fortsatt vært i live...
Kronologien i serien er slik:
  1. Misterioso
  2. Ondt blod
  3. Blind jakt
  4. Europa blues
  5. Skjulte dyp
  6. En midtsommernattsdrøm
  7. Dødsmesse
  8. Mørketall 
  9. Etterskjelv
  10. Himmeløyet  

18. mai 2013

Ventebunken

...vert ikkje akkurat mindre av at ein les ein del bokbloggar om dagane...Takk for tips, alle saman! :-)

Dette er berre nokre av bøkene som ventar..
Alle skal lesast, men rekkefølga osv. vert etter innfallsmetoden, - og dessutan må bibliotekbøkene prioriterast. Her er norsk krim av forfattarar eg ikkje har lest før: Eystein Hanssen - Giftstrøm, Lars Mæhle - Den mørke porten, Frode Granhus - Stormen og Helge Thime-Iversen - X. Her er svensk krim av forfattarar som er velkjende: Arne Dahl (Skjulte dyp) og Karin Alvtegen (Savn). Jens Lapidus og Ninni Schulman har eg ikkje lest noko av tidlegare, heller ikkje Peter Temple og Ann Patchett. Flink pike av Gillian Flynn har "alle" lest og likt, - det skal bli spennande å sjå om den fell i smak. Eg har lest mykje av Gert Nygårdshaug, men faktisk ikkje den som skal vera best av alle; Mengele Zoo. No har eg vore på biblioteket og lånt lydbokversjonen.

Det er kjekt å ha så mange fine leseopplevingar til gode.

16. mai 2013

Van Veeteren - ein presentasjon


”Det finns mycket mer moral i kriminal-litteraturen än i verkligheten”. 

Mannen bak desse orda til ettertanke er Håkan Nesser. Er du interessert i moral og umoral, god krim, elegant språk og underfundig humor? Då vil eg anbefala serien om Van Veeteren.

Håkan Nesser
Lydbokforlaget fortel i eit nyheitsbrev at det har merka ei auka interesse for Håkan Nesser sitt forfattarskap etter at De sørgende kom ut tidlegare i år. ”Dette er noe for deg som vil ha annerledes krim: Langsom, vemodig og samtidig veldig spennende,” skriv forlaget. Dette kan eg verkeleg skriva under på, og difor denne presentasjonen av førstebetjent Van Veeteren.

Hovudpersonen i dei ti bøkene heiter altså Van Veeteren, og det er uvisst for meg om han har noko førenamn i tillegg. Det vert ikkje "avslørt" i bokserien, så vidt eg kan hugsa. I dei fyrste bøkene er han etterforskar/politimann, i dei siste er han antikvariatsbokhandlar. Me vert i tillegg godt kjende med kollegaene hans; Moreno, Jung, Münster og Rooth.
Van Veeteren er i 50-60 års-alderen, svak for godt øl, god mat, gode samtalar og sjakk. Han har vaksne born, er skilt og får i løpet av bokserien ny sambuar. Han er ein intellektuell og tannpirkartyggande politimann, - skarp, sarkastisk og brysk, - til tider gretten, men har òg emosjonelle og empatiske evner. Han er ein person som brukar intuisjonen like mykje som logikken.

Handlingane går stort sett føre seg i Maardam, ein fiktiv by i eit fiktivt land i Nord-Europa. Maardam har, ifølge den fyrste boka, omlag 300000 innbyggjarar. Namn på personar og stader i serien minner om det nederlandske språket. Håkan Nesser skreiv dei ti bøkene i serien i tidsrommet 1993 – 2003. Dei handlar meir om kvifor enn om kven som er mordar; han er oppteken av motiv, psykologi og forhold mellom menneske.

Nesser er svært stilsikker og språkleg elegant, og overraskar ofte lesarane sine med ein ny vri, eit nytt ord, ein ny setning, ein ny tanke. Eg er veldig betatt av språket til Nesser, samt måten han brukar humor og ironi på. Eg las bøkene i serien hulter til bulter, fordi eg las dei etter kvart som dei var tilgjengelege på biblioteket, - og det vart dessverre i noko feil kronologisk rekkefølge. Alle bøkene er frittståande, men ein går glipp av utviklingstrekka i serien om ein ikkje les bøkene frå start til slutt.

Bokserien var ei stor leseoppleving for meg, nesten like stor som Barbarotti-serien.
Slik er kronologien, og kort om handlinga i bøkene:

1. Det grovmaskede nettet
Læraren Janek Mitter vaknar svært fyllesjuk ein morgon og finn kona si drepen i badekaret. Han hugsar ingenting – heller ikkje om det er han sjølv som har utført udåden. Det ser ut som ei opplagt sak – men Van Veeteren tvilar. Boka er underfundig og løysinga tankevekkjande.

2. Borkmanns punkt
Denne boka er blodigare enn den fyrste; ein økse-seriemordar er på ferde. Det virkar som om nedslaktinga er tilfeldig, men Van Veeteren anar eit visst mønster. Tittelen på boka kjem frå eit ressonnement frå eks-sjefen til Van Veeteren, Borkmann: Han var av den meining at kvar einaste etterforsking før eller seinare kjem til det punkt då ein ikkje lenger treng meir informasjon for å finna den skuldige. Det vanskelege ligg i å oppdaga dette punktet. 
Boka vart kåra til årets beste svenske kriminalroman i 1994.

3. Tilbakekomsten
Den som vender tilbake i denne boka er Leopold Verhaven. Han vert sleppt fri frå fengsel etter å ha sona ein drapsdom på 24 år, og ein mann ventar i skjul når han kjem tilbake til heimplassen sin. Fleire månader seinare finn ein barnehage på tur eit lemlesta lik i skogen. Den døde er utan hovud, hender og føtter, - og det syner seg at det er restane etter Verhaven ein har funne.
Historia får ei svært overraskande løysing og boka er etter mi meining ei av dei beste i serien.

4. Kvinnen med fødselsmerke
Tre menn vert skotne og drepne. Felles for dei alle er at nokon har ringt dei midt på natta for å spela av eit musikkstykke. Forklaringa og løysinga ligg langt tilbake i tid. Ei spennande og godt komponert bok. «Årets bästa svenska deckare» i 1996.

5. Førstebetjenten og tausheten
Handlar om ei religiøs sekt, ein fanatisk leiar og unge kvinnelege sektmedlemmer. Ingen av sektmedlemmene seier eit ord når det skjer eit mord i nærleiken. Van Veeteren sin planlagde ferie går i vasken, i staden lyt han analysera, tenkja og grubla på denne saka. I denne boka er Nesser på det mest ettertenksame og langsame.

6. Münsters sak
Van Veeteren har trekt seg attende. Han klarar rett og slett ikkje meir av ondskapen i verda; han sluttar i politiet og byrjar å jobba som bokhandlar i eit antikvariat. Det vert Münster som får i oppdrag å finne ut av ei sak der ein gammal mann vert funnen drepen – med 28 knivstikk i kroppen. Når etterforskinga ikkje fører fram, lyt Münster venda seg til læremeisteren sin.

7. Carambole
Dramatisk bok på mange plan, vinnar av Glassnøkkelen i 2000. Ei perle av ei bok, spennande og thrilleraktig, og dessutan fortald med eleganse og stor psykologisk innsikt. Van Veeteren har fått seg kjæreste, - men livet og tilværet hans tek brått ei endring når sonen hans plutseleg vert riven vekk.

8. Ewa Morenos sak
Som i «Münsters sak» og som tittelen syner, er Van Veeteren kun ein biperson i denne boka. Moreno er på ferie med den nye kjæresten sin, men vert involvert i ei forsvinningssak. Stilsikkert som alltid frå Nesser.

9. Svalen, katten, rosen, døden
Ein gal kvinnemordar er sentral i handlinga i dette som kanskje er den beste boka i serien. Politistasjonen i Maardam har stadig bruk for «førstebetjenten». Van Veeteren er fortsatt ein tenkjar, - og meir melankolsk og poetisk enn før. Tittelen på boka er òg nesten poetisk.

10. Tilfellet G
Som ein slags raud tråd i alle bøkene i serien er den einaste uløyste saka til Van Veeteren; Tilfellet G. Van Veeteren er overtydd om at den gamle skulekameraten hans; Jaan G. Hennan (G.) var skuldig i mord, trass i at han hadde alibi. No, etter femten år, dukkar G. opp på nytt - med ny identitet og innblanda i eit nytt mord.
Boka rundar av serien på ein fabelaktig måte.

Som den lydbokentusiasten eg er: Alle bøkene finst i lydbokversjon, med unnatak av Münsters sak. (Det er nytta fleire ulike opplesarar, men det har liten betydning.) Fleire av lydbøkene i serien er no å få til pocketprisar hos Lydbokforlaget.
Fleire av bøkene er filmatiserte, med Sven Vollter i hovudrolla som VV.

14. mai 2013

Frå Japan til Sverige

- og frå Murakami til Niemi.

I går kveld lytta eg meg ferdig til 1Q84 bok 3, og enno er eg - reint mentalt - langt inne i Murakami sitt fantastiske univers. Verket 1Q84 har på alle måtar vore ei stor lese- og lydbokoppleving. Dei tre bøkene er på nesten 1200 sider til saman, lydbokversjonen på omlag 48 timar. Duc Mai-The er ein strålande opplesar, han formidlar stemninga i bøkene med stor innleving og i eit passande tempo.

Duc Mai-The er òg opplesar av lydboka som eg har på vent i dag;
Fallvann av Mikael Niemi.

Forlaget presenterer boka slik:
Det har regnet uten opphold hele høsten. Skogen, markene, myrene i Nord-Sverige er gjennomtrukket – jorden er mettet. Det er her, hvor Lulevassdraget strekker seg inn mot norskegrensen, at kraftverkenes store vannmagasiner ligger på rad. Og nede ved kysten ligger byene. 
En dag hender det som aldri skal skje. En liten sprekk i et damanlegg utvides, demningene brister – en katastrofe er under utvikling. En grå vegg av vann reiser seg. Flodbølgen velter fram, og den skal én vei – nedover. 
Blant dem som rammes, er mannen som kjører for livet i sin elskede sports-Saab mens tsunamien vokser i bakspeilet. Her er helikopterpiloten, som hadde planlagt selvmord denne dagen, men i stedet blir redningsmann for mange. Hans fraskilte kone skaper igjen problemer for ham, mens hans gravide datter klamrer seg fast i et flytende hus. En kraftverksarbeider blir rasende på en ung kvinne og søker hevn. En kvinne nede i Luleå prøver desperat å forsere den endeløse, helt stillestående bilkøen ut av byen for å komme hjem til sin datter.
Fallvann er en intens og åndeløst spennende katastroferoman – og samtidig full av Mikael Niemis varme, poesi og humor.

Eg har ikkje lese noko av Niemi før, - så eg ser fram til å ta til med denne.

Andre fine ventebøker finn du på bloggen Beathesbokhylle!

12. mai 2013

Smakebit på søndag: Sukker i skålen

"Ekte kvinner om ekte sex" er undertittelen på denne antologien der sjølvaste Erica Jong er redaktør. Boka inneheld noveller, essays og andre tekstar om - nettopp, sex. Skrive av seriøse kvinnelege amerikanske forfattarar. Boka er ingen samling erotiske noveller, men heller ei påminning om at sex er både naturleg og viktig for oss alle, gjennom heile livet.

Det er nok utfordrande å skriva inn sex-scener i skjønnlitterære tekstar. Mange elles gode bøker kan innehalda heller kleine sex-skildringar, så pinlege at ein berre skumleser den aktuelle teksten. Forfattaren Jean Hanff Korelitz seier det slik i novella "Snerpete":
For å komme meg gjennom disse scenene lagde jeg regler om hva som ikke kunne sies. Jeg ville, for eksempel, ikke bruke et klinisk språk - penis, vagina, klitoris, for eksempel, ord som smakte av dissekering på laben. Jeg ville ikke bruke den typen eufemismer man finner i kjærlighetsromaner og som var for dumme til at man kunne ta dem alvorlig. Jeg ville heller ikke bruke dagligdagse uttrykk kukk eller pikk, som for meg drepte stemningen. Så hva sto igjen? Ikke annet enn det personene, under selve akten, tenker.
 "Sukker i skålen" vart tilsendt meg frå forlaget, og eg hadde nok ikkje lese denne boka om eg ikkje hadde fått ho. Somme av tekstane er gode og til ettertanke, andre er faktisk berre tåpelege og uskjønelege. Alle forfattarane som har bidrege med tekstar i boka var ukjende for meg, med unnatak av Erica Jong sjølv og Fay Weldon. Dessverre er det mykje dårleg språk i boka, - eg er litt usikker på om det skuldast oversetjinga eller om det faktisk er bidragsytarane som uttrykker seg så krøkkete. Forlaget burde også ha teke seg betre tid til korrekturlesing, ein ser eksempel på feilskriving i sitatet over.

Treng du boktips?
Du finn gode smakebitar frå mange ulike bøker hos Mari og Flukten fra virkeligheten!

9. mai 2013

Bokomtale: Mørke rom av Gillian Flynn

Font forlag 2011
Originaltittel: Dark Places
Oversetjar: Stian Omland
379 sider

Mørke rom
er ei velskriven bok full av dyster stemning, tragiske hendingar og mørke sinn. Då eg las boka, slo det meg at Gillian Flynn kan minna mykje om John Hart. Han fortel også gode, intense og mørke historiar om dysfunksjonelle familiar med handling frå den amerikanske landsbygda.

Libby Day er forteljarstemme og hovudperson i boka. Som 7-åring var Libby vitne og einaste overlevande i ein dramatisk familietragedie. Mor og to søstre vart myrda i noko som såg ut som satanistisk motiverte drap. Libby sjølv klarar å rømme frå gjerningspersonen. Seinare vitnar ho i retten mot sin eigen bror Ben, den gongen 15 år gammal.

Tjuefem år etter er Libby blakk, einsam og forsatt prega av hendingane frå den gongen, både psykisk og fysisk. Ho møter ei gruppe kalla "Kill Club" som meiner broren er uskuldig dømd. Omsider prøver Libby no å finna ut meir om kva som verkeleg skjedde den gongen familien hennar vart myrda. Finst det andre vitne? Andre mistenkte? Kva var det ho sjølv såg og høyrde den skrekkelege natta? Libby fortel om oppveksten sin og livet sitt med ein ironisk distanse. Sjølv om ho utvilsamt er skadd og asosial, har ho sjølvinnsikt og klokskap.

Forfattaren nyttar eit godt forteljargrep: Parallellt med at Libby Day fortel om sine tankar og opplevingar i notid, får me i annakvart kapittel tilbakeblikk frå det siste døgnet før drapa skjedde, - sett frå mora Patty og broren Ben sine synsvinklar. Fleire av personane i boka vert framstilte som stakkarslege og usympatiske, ja bortimot motbydelege, - men dei er prega av det skakkøyrde samfunnet dei lever i. Språket i boka er enkelt og rått, - og står i stil med handlingane.

Mørke rom er ei velkomponert og sterk bok. Heilt frå starten av føler ein uhyggen og uvissa - og spenninga bygger seg opp heile vegen. Det er ein veldig god thriller med interessante og spesielle karakterar, - og med ei svært gripande og overraskande avslutning.

7. mai 2013

Levi Henriksen på vent

Kvar tysdag er det boktema Boken på vent på bloggen Beathes bokhylle. Dersom du er ute etter boktips, kan det vera lurt å klikka seg inn her og sjå ventebøkene ulike bokbloggarar presenterer. Ofte er det heilt nye bøker, andre gonger kan ein få påminning om ein gammal klassikar som ein skulle ha lest. Ein får gjerne inspirasjon til å lesa meir og - kanskje - lesa noko anna enn ein pleier å gjera.
"Snø vil falle over snø som har falt" av Levi Henriksen
Mi ventebok i dag er Snø vil falle over snø som falt av Levi Henriksen. Boka har eg lånt av mor mi, og ho seier at denne er sååå fin. Det er muleg ho har rett. Stort sett har me same lesesmak, men ikkje alltid.

Dette er debutromanen til Levi Henriksen, - boka kom ut i 2004 og vann Bokhandlerprisen same året. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka. Henriksen er fødd i 1964, og er både forfattar, journalist, låtskrivar og musikar.

På "vaskeseddelen" til boka kan ein lesa følgjande:

Historien om en gåte, en kjærlighet og om to brødre som kom bort fra hverandre. Dan Kaspersen vil selge småbruket og komme seg vekk fra Skogli etter brorens død. Men etter en urolig natt i et bånnfrosset barndomshjem dukker Mona Steinmyra opp. Smilet hennes blir Dans første holdepunkt i bygda. Mange vil likevel ha ham bort, og flere har en del å frykte så lenge Dan Kaspersen åpner skuffer og skap etter broren...

....en spenningsfylt og lun roman som har sjarmert seg inn i mange leseres hjerter...

5. mai 2013

Smakebit på søndag: 1Q84

En smakebit på søndag
Ny søndag, nytt boktema, ny smakebit - og denne gongen i "ny" blogg. Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar. Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok (eller noko anna bokrelatert) med andre. Slik kan ein sjølv kanskje få gode bok- og bokbloggtips.

Eg les siste del av Haruki Murakami sitt store verk, 1Q84 bok 3, og er både betatt og bergtatt av boka. Det er ei absurd verd Murakami fortel om; ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp ned på tid, rom og verkelegheit. Eg vil gjerne dela ein liten smakebit av 1Q84, og har valt å gjera det med nokre videoklipp.

Det finst eit utal videoar om (og til) 1Q84 på Youtube. Boktrailers, bokomtalar, hyllestar, musikk frå bøkene (t. d. Janáceks Sinfonietta, som er med i opningsscenen i bok 1), intervju med forfattaren og mykje mykje meir, på mange ulike språk.

Her er ein fin boktrailer som skildrar stemningen i bøkene ganske godt:



1Q84 handlar om så mangt, og ein kan sei at kjærleik og einsemd er sentralt i handlinga.
Akkurat slik som i videoen nedanfor ser eg føre meg den eine hovudpersonen, Aomame.
Denne scenen er frå slutten av bok 2, og ein liknande scene vert det òg fortalt om i bok 3:



I denne videoen kan ein sjå ein presentasjon av forhistoria og fleire av personane som er sentrale i 1Q84:



Eg er veldig glad for at eg bestemde meg for å prøva meg på "fantasy for vaksne" og 1Q84. Eg var redd dette vart for sært og rart, men eg tykkjer bøkene er fengande og fengslande, handlinga er spennande og uforutseieleg. Murakami blandar saman austleg og vestleg mystikk på ein fascinerande måte, og eg har dessutan stor sans for den sære humoren hans. No er eg spent på slutten; eg har inga aning om kvar historia om Tengo og Aomame endar.

Lydbokversjonen anbefalast varmt, Duc Mai The er ein glitrande opplesar!

4. mai 2013

Velkommen

til "ny" blogg på ny portal.

Den gamle bloggen består, men vert ikkje lenger oppdatert. Du finn den her: http://beroene.blogg.no/

Eg kjem til å halda fram blogginga på same måte som tidlegare; det vert innlegg med jamne mellomrom, dvs. når eg har noko eg har lyst til å formidla. Eg har ikkje så mange i omgangskretsen min som eg kan diskutera bøkene eg les med, så då er det fint å kunna blogga om bøker i staden. Målet med blogginga er boktips og leseglede.

Bloggen min er personleg, men ikkje privat. Det er berre ein liten del av livet mitt eg deler her på bokbloggen.

Eg håpar alle som følgde meg på den gamle bloggen, vil følgja med meg vidare her! Legg gjerne ved ein kommentar, det er kjempehyggeleg.

1. mai 2013

Oppsummering april

Dette blogginnlegget er ein test og er kopiert inn frå den gamle bloggen.

Påbyrja i mars, fullført i april

Agatha Christie - Barneselskapet - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Kristina Ohlsson - Askepott - Svensk krim - Kjøpt pocket 
Lest i april
Lars Kepler - Sandmannen - Svensk krim - Kjøpt lydfil via Ordflyt
John Hart - Løgnenes konge - Amerikansk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Heidi Linde - Agnes i senga - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Sidsel Dalen - Dødelige dråper - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Jørgen Brekke - Menneskets natur - Norsk krim - Papirbok lånt av mor og lydfil fått frå Lydbokforlaget
Are Kalvø - Ny grunnlov - Humor/satire - Papirbok lånt på biblioteket
Chelsea Cain - Døden to ganger - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Pontus Ljunghill - En usynlig - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Haruki Murakami - 1Q84 bok 2 - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Kaaberbøl & Friis - Et stille, umerkelig drap - Dansk krim - Papirbok lånt av mor og lydbok lånt på biblioteket
Påbyrja i april, fullførast i mai
Erica Jong (red.) - Sukker i skålen - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Mørke rom - Amerikansk spenning - Kjøpt papirbok 


For å sjå andre bokbloggarar sine oppsummeringar for april månad, kan du klikke deg inn hos Anettes bokboble!



Skjermdump: Bokelskere.no