Påbyrja i juli, fullført i august:
Jan Guillou - Brobyggerne - Svensk roman - Kjøpt pocketbok
Agatha Christie - Plymouthekspressen - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket
Lest i august:
A.J. Kazinski - Søvnen og døden - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Lee Child - 61 timer - Amerikansk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Tom Kristensen - Dødsriket - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Jens Lapidus - Aldri fucke opp - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Roar Sørensen - Smertens aveny - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Agatha Christie - Mordet på seiersballet - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket
Henning Mankell - Hånden - Svensk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Fredrik Backman - En mann ved navn Ove - Svensk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Håkan Nesser - Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
Påbyrja i august, fullførast i september:
Katherine Webb - Arven - Roman - Kjøpt E-bok
Elizabeth George - Denne dødens kropp - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
11 bøker vart fullførte i august, tre av dei er uvanleg korte (Dei to Agatha Christie-samlingane og Hånden), medan to er på over 500 sider (Aldri fucke opp og Brobyggerne). Dei resterande er av meir normal storleik, 250-400 sider. Denne dødens kropp er boka eg startar opp med i dag, den siste dagen i august, - og den tek eg med meg eit godt stykke ut i september. Den er på over 800 sider.
Månadens høgdepunkt: Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla. Berre Nesser er Nesser. Få kan konkurrera med han. (Omtale kjem seinare). Smertens Aveny var ei sterk og god bok som forener fleire lesarar.
Månadens nedtur: Det går treeegt med Arven. Eg starta på e-boka i midten av månaden og er framleis ikkje halvveges. Det skuldast mest sjølve boka, som eg tykkjer er usamanhengande og har dårleg framdrift, men òg at eg ikkje er heilt fortruleg med å lesa på "ebokmåten" enno. Kanskje eg giddar å lesa ferdig boka i løpet av september.
-------------------------------
Blogghopp - via Anette
Sider
▼
31. august 2013
Bokomtale: En mann ved navn Ove av Fredrik Backman
Cappellen Damm 2013
Oversetjar: Nina M. Due
Opplesarar: Trond Brænne og Kim Haugen
Oversetjar: Nina M. Due
Opplesarar: Trond Brænne og Kim Haugen
Speletid: 10 t 27 min
Dette er ein feelgood-roman, ei fornøyeleg bok med ein litt trist undertone. Mange har samanlikna En mann ved navn Ove med Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant av Jonas Jonasson, men eg tykkjer ikkje dei har så veldig mykje til felles.
Boka om Hundreåringen er berre morosam og absurd. Boka om grinebitaren Ove er litt i same gate, men forfattar Fredrik Backman spelar meir på dei sentimentale strengene til lesaren.
Mannen som heiter Ove er 59 år, køyrer Saab og ser med mistru på alle som har andre biltypar - japanske, franske og tyske. Særleg Audi, sjølvsagt. Han har velfylt verktøykasse og er hysterisk oppteken av orden og rutinar. Han er sur og sær, - langsint, snarsint og furten - ein Narvestad-type som sjekkar alt alltid og passar på at alle reglar vert haldne. Han har mange naboar i burettslaget der han bur, men ingen vener. Ingen barn. Ikkje har han jobb lenger heller, han er "rasjonalisert vekk" - og kona Sonja er nyleg død, - så Ove tenkjer at det er like greitt å avslutta det heile.
Han har altså bestemt seg for at han skal ta livet av seg, men det viser seg at det er vanskeleg å få til - han vert stadig "forstyrra". Han får ikkje fred for dei nyinnflytta naboane; ein koloss av ein klossete mann som ikkje kan rygge med tilhengar og kona hans som er høggravid og utlending. Dessutan dukkar det opp ein skamfert katt, eit blondt mehe med ein hund liknar på ein beksømstøvel...og mange fleire. Alle saman legg dei beslag på Ove si tid og planane hans.
Det er sjølvsagt ein grunn til at Ove er blitt som han er blitt, og etter kvart som forfattaren avslører fortida hans, blir ein meir og meir glad i hovudpersonen. Under det harde, usympatiske og uforsonlege skalet sitt er Ove både sjarmerande og snill. Egentleg. En mann ved navn Ove er ei lett, tragikomisk og underhaldande kosebok. Det er ikkje noko overraskande at ein person som ser gretten og avvisande ut, viser seg å vera grei og hyggeleg når ein blir kjend med vedkommande, - så eg vil hevda at verken historia eller handlinga er spesielt original, men som sagt: Ei søt og vittig bok.
Å lytta til lydbokversjonen vart ei spesiell, men ekstra fin oppleving denne gongen. Dette var den siste boka skodespelar og innlesar Trond Brænne las før han døydde. I forståing og samråd med familien vart det bestemt at lydboka skulle gjevast ut sjølv om Brænne aldri fullførte opplesinga. Kim Haugen les innleiinga og dei siste kapitla.
Sjå også: Fredrik Backman sin blogg

28. august 2013
Bokomtale: Smertens Aveny av Roar Sørensen
Commentum forlag 2013
320 sider
Lånt på biblioteket
Eg har lese mengder av kriminallitteratur i "alle" år. Eg torer difor sei at eg er ein svært røynd krimlesar, og dessutan ein kresen krimlesar. Det er ikkje alle krimbøker eg les som får terningkast 5 og 6, for å sei det slik. Ei god krimbok skal fyrst og fremst vera underhaldande og spennande, og dersom boka i tillegg har eit meiningsfullt og gjerne samfunnskritisk tema, eit godt plott, ein sjarmerande hovudperson, eit variert og truverdig persongalleri, samt sterke og gode miljøskildringar - ja, då snakkar me god krim. Roar Sørensen byr på alle desse ingrediensane i Smertens Aveny. Dette er ein underhaldningsroman som samstundes handlar om alvorlege, motbydelege og triste ting. Handlinga er lagt til Kirót Avenue - Smertens Aveny - i Angeles City, Filippinene.
Roar Sørensen debuterte som krimforfattar med Magellans kors i 2009, og Smertens aveny er den andre og frittståande boka om den rufsete ekspolitimannen Stein Inge Olsen, aka Stingo. (Eg ser for meg Stingo som ein slags "fjern ukjend fetter" av Harry Hole) I Smertens Aveny vert me betre kjent med Stingo og bakgrunnen for at han lever eit "eksiltilvære" på den andre sida av jordkloden. Stingo slit med depresjon, sjukdom, sorg, einsemd og alkohol - og når historia startar, er han i ferd med (nok ein gong) å ta livet sitt. Ein telefon stoppar forsøket denne gongen, - ein kjenning, Martin Werner, eigar av baren Forbidden Pleasures, er funnen drepen.
Martin si eks-kone i Noreg engasjerer Stingo som privatetterforskar for at han skal finna ut kva som har skjedd. Stingo er ein anti-helt med alle sine skavankar, men han er ein dyktig etterforskar og eit medmenneske med sterk sans for rettferd. Problemet hans er at han ikkje veit kven han kan stola på og kven han ikkje kan stola på.
Har kona eller eks-kona noko å skjula? Kva med sonen og hushjelpa? Det korrupte politiet gjer ikkje mykje for å oppklara saka, - dei er meir opptekne av at ei 15 år gammal barjente er sporlaust vekke. Har drapet på Martin og denne forsvinninga ein samanheng? Kva er egentleg agendaen til Marissa frå hjelpeorganisasjonen?
Stingo får ikkje mykje hjelp frå norske styresmakter eller det norske miljøet i byen heller. Han får litt av kvart å bryna seg på og møter motstand frå fleire kantar.
Språket i boka kler handlinga; røft og tøft. Tidvis, i action-scenene, brukar forfattaren korthogne setningar, medan det vert brukt lange utbroderande setningar når han skildrar ulike miljø og omgjevnader. Dette driv handlinga framover, men i eit skiftande tempo.
Sørensen viser i denne boka at problema med menneskehandel og prostitusjon er samansett og at det neppe kan løysast med lover, reglar og forbod. Fattigdom og korrupsjon er rota til mykje av elendigheita og tragediane. Forfattaren er busett på Filippinene og har god kjennskap til samfunnet der, på godt og vondt. Miljøskildringane er glimrande, - det same er personskildringane. Karakterane og miljøet rundt vert så tydelege at dei vert nesten filmatiske: Lesaren føler gatelivet; me høyrer støyen og musikken og kjenner varmen og stanken.
Boka ber altså preg av autensitet og truverdigheit. Ein skulle jo gjerne ønska at alt det motbydelege som det vert fortalt om i Smertens Aveny (trafficking, prostitusjon, korrupsjon og fyrst og fremst: fattigdom) ikkje var sant, - men dessverre er det all grunn til å tru at det faktisk er slik. Dette innblikket i all jævelskapen gjer Smertens Aveny til noko meir enn ei krimbok.
Konklusjon: Ei god og viktig bok med ei mørk stemning frå eit eksotisk miljø. Terningkast 5.
Anbefalast!
Les også: Bokomtale Magellans kors
---------------------
Skriveleifar og rettskriving er ein av mine kjepphestar - og eg skulle ønska at alle forlag hadde meir fokus på korrekturlesing. Det er ikkje mange feil i denne boka, men eg fann nokre få. Ikkje så mykje å "henga seg opp i" kanskje, men for meg tel slike ting når det gjeld den totale leseopplevinga.

26. august 2013
Bokomtale: Hånden av Henning Mankell
Lydbokforlaget 2013
Oversetjar: Kari Bolstad
Opplesar: Ola G. Furuseth
Speletid: 3 t 6 min
Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jørn Lier Horst har skrive eit fint etterord til Hånden. Horst fortel at han las den fyrste Wallander-boka Morder uten ansikt medan han var student på Politihøgskulen:
Oversetjar: Kari Bolstad
Opplesar: Ola G. Furuseth
Speletid: 3 t 6 min
Lydfil fått frå Lydbokforlaget
For fire år sidan gav Henning Mankell ut den siste boka i Wallander-serien; Den urolige mannen. Den boka var eit vemodig og definitivt farvel med Kurt Wallander. Hånden, som nettopp er utgitt på norsk, er eit hyggeleg gjensyn med kriminalførstebetjenten. Kronologisk kjem denne rett før Den urolige mannen.
I denne korte romanen (som er meir som ei lang novelle) snublar Wallander bokstaveleg tala over ei sak. Han snublar i noko han trur er ei rot eller ei gammal rive, men det viser seg å vera skjelettet av ei hand. Liket har vore nedgravd lenge, truleg i fleire tiår - og etter ei stund finn etterforskarane enno eit lik. Kven var desse menneska? Kvifor har ingen meldt dei sakna? Det vert ei vanskeleg oppgåve for Wallander og kollegaene hans når dei lyt grava i fortida for å finna svar på mysteriet.
Kurt Wallander er ein krimhelt eg er veldig glad i og eg tykkjer Henning Mankell er ein eminent forteljar.
Hånden er eit triveleg og uventa gjensyn med Wallander, - og passar nok best for alle dei som har lest heile serien (10 bøker) tidlegare. Lydboka er på kun omlag tre timar og eg høyrde heile boka samanhengande medan eg gjekk tur ein kveld. Det vart ein fin tur. Ola G. Furuseth har ei behageleg, tydeleg og roleg stemme som passa godt til stemningen i boka, og som gjorde Hånden til ei verkeleg god leseoppleving.Jørn Lier Horst har skrive eit fint etterord til Hånden. Horst fortel at han las den fyrste Wallander-boka Morder uten ansikt medan han var student på Politihøgskulen:
"En slik politimann ville jeg også bli. En etterforsker med samvittighet, integritet og menneskelighet og med tro på at han kan være med å skape en bedre verden. Slik sett var det Kurt Wallander som var med på å stake ut min karrièrevei i politiet."Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.
25. august 2013
Smertefull smakebit
Eg er i skrivande stund i ferd med å avslutta Smertens Aveny av Roar Sørensen. I tillegg til å vera ei underhaldande og spennande krimhistorie, er denne boka ei sterk og rystande forteljing frå - og om - ei verd ein skulle ønska ikkje fantes. Ei verd av vald, utnytting, korrupsjon, svik, (barne)prostitusjon, trafficking, kriminalitet og fattigdom:
Smakebitar frå mange ulike bøker finn du kvar søndag hos Mari og den fine bloggen Flukten fra virkeligheten.
"Hva får en mor til å selge en elleve år gammel datter til et horehus?"Eg har tenkt å skriva ein omtale av boka, men eg trur faktisk eg må fordøya innhaldet eit par dagar før eg lagar den. Enn så lenge kan eg berre sei: Les! Les Smertens Aveny.
"Fattigdom."
"Hvor fattig går det an å bli?"
"Du forstår ikke dette."
"Kanskje fordi det ikke er så lett å forstå."
"Vil du forstå?"
Han lente seg tilbake i stolen og lukket øynene.
Smakebitar frå mange ulike bøker finn du kvar søndag hos Mari og den fine bloggen Flukten fra virkeligheten.
20. august 2013
Bok på vent: Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla
Dersom du treng boktips eller har lyst til å sjå andre fine ventebøker: Ta ein tur innom til Beathe og beathesbokhylle. Der er "Boken på vent" tema kvar einaste tysdag.
Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla er den litt snåle tittelen på boka eg har på vent i dag. Eg har lese dei fleste bøkene som Håkan Nesser har skrive, og gler meg verkeleg til å ta fatt på denne. Boka er ein oppvekstroman med handling frå ein liten svensk by på 1960-talet. Eg forventar ei forteljing som liknar på Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen; ei stemningsfull og nostalgisk historie - "krydra" med eit mord som får ei oppklaring, mange år etterpå. Nesser byr alltid på lun humor, sjarmerande persongalleri og språkleg eleganse i bøkene sine. Boka vart utgjeven i 2002 og eg har lånt ho på biblioteket.
Forlaget presenterer boka slik:
"En etter en hadde de forsvunnet, beboerne i det lundbomske huset. I begynnelsen av sommeren hadde det bodd fire mennesker og en hund der. Alt hadde virket normalt, mer eller mindre. Og så, på bare et halvt år:
Kalevi Oskari Kekkonen, kolerisk urmaker og sjakkspiller. Båret ut med føttene først. Signhild Kristina Kekkonen-Bolego, datter. Flyttet til ukjent adresse av ukjent årsak. Poeten Olsson og O Sole Mio. Borte hele høsten, men nå kommet tilbake for å med seg enken Ester Bolego og lille Maria.
Sommeren 1967. «The summer of love». Men ikke bare. Gåtefulle og skremmende ting skjer på Närkesletten, i Verdens Midte. Og forklaringen lar vente på seg, i 35 år."
19. august 2013
Lesarprofilen min
Via Mellom linjene via Bokmerker etter ein idé frå Bokhora. Her er min lesarprofil.
1. Hvilken bok leste du sist?
1. Hvilken bok leste du sist?
Dødsriket av Tom Kristensen, vinnar av Rivertonprisen 2006. Ei OK spenningsbok, men som ikkje imponerte meg i særleg grad.
2. Hvilken bok skal du begynne på nå?
2. Hvilken bok skal du begynne på nå?
Eg har nettopp starta på mi fyrste e-bok; Arven av Katherine Webb. I tillegg har eg Smertens Aveny av Roar Sørensen liggjande på nattbordet, denne er i papirformat og lånt på biblioteket. Pluss at eg høyrer på Nils Nordberg som les Agatha Christie-noveller i lydbokformat innimellom. Eg likar variasjon. Neste vert ei bok av ein av favorittane mine; Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla av Håkan Nesser.
3. Er det mest mannlige eller kvinnelige forfattere i bokhyllen din?
Her måtte eg sjekka. Eg trudde kjønna var omlag likt fordelt i hylla mi, men det er nok eit klart fleirtal av mannlege forfattarar.
4. Teller du alltid hvor mange sider du har igjen av en bok, eller tenker «nå har jeg kommet en fjerdedel/halvparten» eller lignende?
Det hender, spesielt om eg har mange bøker liggjande på vent. Og det har eg som regel..
5. Hvordan velger du hvilke bøker du vil lese? (For eksempel omslag, tips fra venner, anmeldelser, topplister, blogger osv)
Eg er lettpåverkeleg og plukkar opp tips frå mine medbokbloggarar, og oppdaterar meg jamnleg på nettsidene til ulike forlag, bokklubbar og bokhandlarkjeder, samt bokelskere.no. Når eg har tid går eg og tafsar på bøker i bokhandelen og på biblioteket - og oppdagar såleis ofte bøker som passar for meg. Omslaga har lite å sei, men eg orkar ikkje romantiske cover!
6. Når er en bok for lang?
Er boka verkeleg god, kan ho aldri bli for lang. Men det er ofte utfordrande å komma i gang med bøker på over 500-600 sider.
7. Leser du like gjerne på engelsk (hvis det er originalspråket) som på norsk?
Absolutt ikkje. Eg er elendig i engelsk og hadde neppe komme gjennom ei heil bok. (Faktisk så slit eg litt med skriftleg svensk og dansk også, eg ventar til den norske oversetjinga er tilgjengeleg)
8. Hvilken bok var den siste du bare måtte overtale ALLE vennene dine til å lese?
Eg anbefalar gjerne Barbarotti-serien (Håkan Nesser), Minnesota-trilogien (Vidar Sundstøl) og Jarle Klepp-serien (Tore Renberg), samt bøkene til Chelsea Cain og Mo Hayder - men berre til dei som er "tøffe" nok.
9. Kan du slutte å lese en bok hvis den er kjedelig? I så fall – når gir du opp?
Eg gir fort opp dersom ei bok kjedar meg, då giddar eg ikkje å bruka tid på å lesa ferdig boka. Verda er full av gode, uleste bøker.
10. Hvilken sjanger er overrepresentert i bokhyllen din – og hvilken finnes ikke?
Haha! Dette var eit enkelt spørsmål :-) Krim-, thriller- og spenningsbøkene tek sikkert opp 90 prosent av hylleplassen. Dei resterande 10 prosentane er fordelt på historiske romanar, diverse romanar, humor-/satirebøker og jakt- og viltbøkene til min "betre halvdel". Biografiar er det lite av i hylla og lyrikk finst ikkje, sjølv om eg er veldig glad i dikt. Fantasy og sci-fi finst heller ikkje.

18. august 2013
Mi fyrste e-bok
Eg har sjølvsagt både sett på og høyrt om e-bøker tidlegare, men har faktisk ikkje brydd meg om å prøva å lesa bøker i slikt format. Eg har hatt nok med papirbøker og lydbøker - og har venta litt på at bibliotektenestene også skal omfatta utlån av e-bøker. (E-bok-utlån er som kjent enno kun muleg på nokre få utvalde bibliotek) Ikkje er eg blant dei fyrste som skaffar meg nye tekniske duppedittar heller..
Eg vart frista til å prøva e-bok denne veka då ark.no hadde kampanje og tilbod på e-bøker frå kroner 29,- pr stk. Utvalet var høgst begrensa (eg hadde lese alle tilbodskrimbøkene tidlegare) og valet mitt fall på Arven av Katherine Webb. Ei bok og ein forfattar eg har høyrt mykje bra om, men som eg tidlegare ikkje har hatt spesielt lyst til å lesa. Eg er nemleg full av fordommar når det gjeld typiske dameromanar - som eg har inntrykk av at dette er. (Eg har aldri lest noko av Kate Morton og Lucinda Riley heller - men har prøvd meg på Samartin)
Etter fleire hardbarka og testosteronfulle machobøker på rad (Lee Child, Jens Lapidus, Tom Kristensen og no - Roar Sørensen) har eg behov for litt avveksling og håpar at eg kan roa meg ned med Arven og kanskje finna fram den meir feminine sida av meg sjølv?
Eg brukar mobilen som lesebrett. Det er uvant å lesa bok på den måten, men det funkar greitt. Førebels har eg ikkje lest meir enn omlag 30 sider, så eg veit ikkje kva eg meiner om boka enno.
Arven er ei bok med to parallelle historiar. Historia frå notida handlar om dei to søstrene Beth og Erica. I historia frå fortida, byrjinga av 1900-talet, møter me oldemora deira, Caroline. Til høgre kan du lesa starten av prologen.

Omslaget på papirboka er altfor idyllisk og søtt etter min smak. Håpar innhaldet ikkje står heilt i stil med coveret.
Smakebit på søndag er ei bloggutfordring som går ut på å dela ein liten bit av boka du les akkurat no.
Ta ein tur innom hos Mari og flukten fra virkeligheten og smak!
14. august 2013
Bokomtale: Søvnen og døden av A. J. Kazinski
Dansk krim
Lydbokforlaget 2013
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Opplesar: Håkon Strøm
Speletid: 15:05
Lydfil fått frå Lydbokforlaget
A.J. Kazinski er eit pseudonym for filminstruktøren og forfattaren Anders Rønnow Klarlund og forfattaren Jacob Weinreich. Samarbeidet mellom desse to har vore vellukka: Både Søvnen og døden og den fyrste boka, Den siste gode mann, har fått god mottaking og er utgivne i meir enn 20 land. Det er fortent, - forfattarduoen som kallar seg A. J. Kazinski står på mange måtar for ei fornying av krimsjangeren.
I denne andre boka om gisselforhandlar Niels Bentzon handlar det også om mystikk, filosofi og vitenskap, - og ei heller spesiell krimhistorie. Boka er velskriven og godt komponert, med hurtige sceneskift og fleire perspektiv. Plottet er originalt og omhandlar m.a. nær døden-opplevingar, eksperimentering med "nesten-død" og kva som eventuelt kan finnast på "den andre sida". Forfattarane byr på mange tankar om livet, døden og sjelen.
I fyrste scene møter me ein ukjend person som held ei ung kvinne fanga. Denne personen druknar - og gjenopplivar - henne, fleire gonger. Deretter møter me Nils Bentzon igjen - han vert utkalla til ein sjølvmordskandidat på ei bru i København. Nils har aldri mislukkast i slike oppdrag tidlegare; han har heilt spesielle evner når det gjeld å snakka med og å overtala dei suicidale. Men denne gongen lukkast han ikkje.
Under obduksjonen finn rettsmedisinarane til si store overrasking ut at kvinna har drukna - men alle veit og har sett at ho kasta seg ut frå brua. Kva har egentleg skjedd? Nils tek sjølvmordet svært tungt, og har nok med seg sjølv. Han forstår ikkje at kona hans, Hannah Lund, også har tunge og vanskelege tankar å stri med. Han er heller ikkje klar over at Hannah er gravid, med tvillingar, og ønskjer å ta abort.
Som nemnt har romanen fleire ulike synsvinklar. Lesaren får følgja både Nils, Hannah og gjerningspersonen sine tankar og handlingar. Dessutan møter me ei jente som held til på lukka avdeling ved ein psykiatrisk institusjon. Denne jenta er sterkt traumatisert og har ikkje sagt eitt ord etter at ho som lita såg mora bli drept av den hemmelege elskaren sin.
Meir kan egentleg ikkje nemnast når det gjeld sjølve handlinga i boka - utan å røpa for mykje. Eg tykte boka var spennande, men at det (ny)religiøse, mytologiske, filosofiske og alle "tankane" tek for stor plass. Boka kunne gjerne vore kutta ned fleire ti-tals sider. Platon og Sokrates interesserar meg lite. Men eg har forståing for at andre, som er interesserte i filosofi, kan finna mykje spennande - også i dette stoffet. For meg vart det heile for oppkonstruert, kunstig og liksom-intellektuellt.
Hovudpersonane i Kazinski sine bøker, Nils og Hannah, er eit annleis etterforskarpar: Den filosofiske og tvilande Nils og den kunnskapsrike og intelligente vitenskapskvinna Hannah. Totalt forskjellige, og nettopp difor interessante, - men lite truverdige.
Eg likte veldig godt Den siste gode mann, og vart litt skuffa over Søvnen og døden. Slik vert det gjerne når debutboka er så lovande; ein forventar så mykje av oppfølgjaren. Boka inneheld, i tillegg til sjølve krimgåta, store tema; Kva er liv og kva er død? Kva skjer med sjelen når ein døyr? Kan abort kallast drap? Finst det liv etter døden? Slike store tankar kan vera spennande nok å lesa om, men eg tykte som sagt at det vart for mykje slike funderingar. Eg likar godt det elegante språket forfattarane brukar, og spesielt at dei krydrar det med underfundig humor og absurde tankar - og ser fram til fleire bøker frå Kazinski-duoen si side.
Haakon Strøm gjer på nytt ein finfin jobb som opplesar av lydboka. Han les svært tydeleg, i eit OK tempo og med passe innleving.
Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.
---------------------------------------------
I det siste har det vore mange diskusjonar i facebook-gruppa "Norske bokbloggere" om kva ein god bokomtale skal innehalda og ikkje innehalda. Mellom anna har bruken av terningkast vore omdiskutert. Eg ser på det meste av dei diskusjonane og debattane som har føregått som flisepikkeri, og kjem til å halda fram på same måte som tidlegare. Eg tykkjer eg har funne min eigen stil som eg vil halda fast ved - og gir faktisk blaffen i om enkelte blogglesarar ikkje likar terningkastet oppe til høgre. Eg ønskjer å presisera at mine terningkast er basert på mi personlege leseoppleving.
13. august 2013
Blåblåmandag på ein tysdag
Forfattaren, forleggaren, litteraturanmeldaren og kommentatoren Vidar Kvalshaug kjem med ny bok; ein politisk underhaldningsroman som vert publisert på Dagbladet.no. Kvar vekedag fram til stortingsvalet den 9. september kan ein få lesa eit nytt kapittel av denne nye romanen som har fått tittelen Blåblåmandag. Boka startar slik:
I det fyrste kapittelet får me følgjande skildring frå TV-valkvelden:
Denne "boka" er mitt bidrag til Beathe sitt boktema "Boken på vent" i dag. Ønskjer du å sjå andre ventebøker og få nokre boktips, klikk deg inn hos Beathesbokhylle.
"Det er kveld, niende september 2013. I flere hundre tusen norske kjeller- og loftsstuer og stoler fra Ekornes, er det ettertenksomt og mutt."Eg trur dette vert fornøyeleg lesnad for oss som likar politisk satire. Ifølge Dagbladet er boka "en underholdningsroman om bokloven, nakenbilder, maktbruk og en ulykkelig Venstre-velger." Kvalshaug har teke utgangspunkt i at han sjølv er ein frustrert Venstre-veljar: "Jeg har veldig lyst til å stemme Venstre, men hvis jeg gjør det bidrar jeg til å føre Frp inn i regjering", seier han.
Kapittel 1 kan lesast i dagens papirutgåve av Dagbladet |
"Hun som står på plassen Geir Helljesen pleide ha, blir mer og mer ivrig. Kakediagrammet blir blåere og blåere, som et stort sår etter en sykkelvelt. Andelen stemmer som er telt opp blir høyere og høyere og Venstre har ikke vært over sperregrensen siden omtrent Hamar eller Kristiansand ble meldt inn."Vidar Kvalshaug har tidlegare gitt ut romanar, novellesamlingar og barnebøker, men er kanskje best kjend som samfunnsdebattant, kommentator og twitrar.
Denne "boka" er mitt bidrag til Beathe sitt boktema "Boken på vent" i dag. Ønskjer du å sjå andre ventebøker og få nokre boktips, klikk deg inn hos Beathesbokhylle.
9. august 2013
Det vart ei jente
Eit litt meir personleg innlegg enn vanleg i dag..
I går - den åttande i åttande - kom det fyrste barnebarnet mitt til verda. Alt står bra til med den vesle og dei nybakte foreldra. Den nyfødde jenta, som har fått namnet Adele, er den fyrste i sin generasjon - og alle er me glade og lukkelege for dette nye barnet/barnebarnet/
tante- og onkelbarnet/oldebarnet osv.
Velkommen vesle prinsesse, eg gler meg til å sjå deg og bli kjend med deg!
Så bløt som fløyel er hennes kinn,
og hun er deilig og tykk og trinn.
Med dukkehender og to små tenner
i munnen sin.
Og hun kan bite i sine tær,
og hun kan danse foruten klær.
Og hun kan spise og stå og vise
hvor stor hun er.
Og Tulla rusker i pappas hår,
og ler og vinker til den som går.
Og baker kake og lar oss smake
på alt hun får.
I baljen plasker hun, kan du tro!
Vi hører aldri hun skriker no`.
Nei, jammen skulle du se vår tulle
hvor hun er god!
- Margrethe Munthe

Vi har ei tulle
Vi
har ei tulle med øyne blå,
med silkehår og med ører små.
Og midt i fjeset en liten nese
-så stor som så.
med silkehår og med ører små.
Og midt i fjeset en liten nese
-så stor som så.
Så bløt som fløyel er hennes kinn,
og hun er deilig og tykk og trinn.
Med dukkehender og to små tenner
i munnen sin.
Og hun kan bite i sine tær,
og hun kan danse foruten klær.
Og hun kan spise og stå og vise
hvor stor hun er.
Og Tulla rusker i pappas hår,
og ler og vinker til den som går.
Og baker kake og lar oss smake
på alt hun får.
I baljen plasker hun, kan du tro!
Vi hører aldri hun skriker no`.
Nei, jammen skulle du se vår tulle
hvor hun er god!
- som ikkje berre skreiv strenge og oppdragande barnesangar.
7. august 2013
Bokbyen Tvedestrand
Forrige veke var eg på ein liten miniferie på Sørlandet, og i Tvedestrand besøkte eg ein del av utsala i Bokbyen ved Skagerak. Kjempekjekt, men hadde dessverre litt liten tid til verkeleg å studera alle skattane som var der.
Den fyrste bokbyen som starta opp her i landet var Fjærland i 1996, bokbyen i Tvedestrand opna i 2003. Bokbyane er koselege, små og oversiktlege og verd eit besøk! Her finn du mange kilometer med bøker og uendeleg mange boktitlar i alle slag sjangrar.
Bokbyen Tvedestrand |
Bøker overalt på Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand |
Grei skilting gjer det lett å finna fram, og det er kort avstand mellom utsala. |
Den fyrste bokbyen som starta opp her i landet var Fjærland i 1996, bokbyen i Tvedestrand opna i 2003. Bokbyane er koselege, små og oversiktlege og verd eit besøk! Her finn du mange kilometer med bøker og uendeleg mange boktitlar i alle slag sjangrar.
6. august 2013
Rivertonprisvinnar på vent
Tom Kristensen vart tildelt Rivertonprisen i 2006 for Dødsriket. I juryen si grunngjeving for tildelinga heiter det:
For ein krimentusiast som meg er det eit mål å lesa alle Rivertonprisvinnarane, så det er ein annan grunn til at eg ser fram til å lesa denne. Dessutan er temaet i boka, finansiering av internasjonal terrorisme, svært så aktuellt framleis. Dessverre.
----------------
Dersom du har lyst til å sjå andre ventebøker - og kanskje få eit boktips eller tre - ta ein tur innom "hylla til Beathe" og Boken på vent.
"Vinneren av årets Rivertonpris er en mester i å skape spennende plot. Til tross for mange og kompliserte handlingstråder klarer han å komponere en helhetlig, logisk og troverdig intrige med usedvanlig god driv, velkomponerte sceneskift og overraskende vendinger, ikke minst avslutningen. Stilen kjennetegnes av en sterk genrebevissthet, og scenarier og miljøer tegnes konsist og effektivt. Dette er godt thriller-håndverk."Eg forventar meg ei slukebok, ei skikkeleg spennande leseoppleving.
For ein krimentusiast som meg er det eit mål å lesa alle Rivertonprisvinnarane, så det er ein annan grunn til at eg ser fram til å lesa denne. Dessutan er temaet i boka, finansiering av internasjonal terrorisme, svært så aktuellt framleis. Dessverre.
----------------
Dersom du har lyst til å sjå andre ventebøker - og kanskje få eit boktips eller tre - ta ein tur innom "hylla til Beathe" og Boken på vent.
5. august 2013
Til lukke med dagen!
Ivar Aasen fyller 200 år i dag. Bergens Tidende feirar ved å ha heile dagens papirutgåve på nynorsk. Det fører til varierande reaksjonar på avisa si facebookside: "Glimrande, i dag skal eg kjøpe avisa" og "I dag skal jeg ikke kjøpe avisen", "Hurra for BT" og "For noe tull". Bompengar, innvandring og nynorsk er dei emna som fører til lesarstorm i avisa, skriv sjefsredaktør Gard Steiro i kommentaren sin Lenge leve spynorsken:
"I dag feirer heile Noreg (i alle fall nokre av oss) at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Vi skuldar han stor takk. Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen. Vi ville ikkje fått gleda av litterære godsaker som Frode Gryttens "Bikubesong" eller "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse på sobert riksmål. Det går ikkje."Dagen blir elles feira på ymse vis rundt omkring. Nasjonalt Garborgsenter feirar med halv pris på Aasen-boksarar og Språkåret 2013 har laga denne musikkvideoen i høve dagen:
Eg set pris på ei slik lettbeint feiring av 200-årsdagen, sjølv om temaet nynorskbruk er seriøst nok. I samband med dagen vert det gitt ut ein biografi om Ivar Aasen som eg kan tenkja meg å lesa ein gong: Historia om Ivar Aasen av Ottar Grepstad. Boka har fått terningkast 6 i VG og god omtale i Dagbladet.
Sjølv er eg mest oppteken av at nynorsk skal kunna brukast i alle situasjonar, i kvardagen, i arbeidsliv og fritid. Eg ønskjer at dei store riksavisene skal tillata bruk av nynorsk. Eg ønskjer meg eit nynorsk bruksspråk, men også fleire skjønnlitterære bøker, gjerne krim!, på nynorsk.
Mykje interessant om Ivar Aasen og dagens nynorskpolitikk kan ein finna på nettsidene til Noregs mållag, framtida.no og Ivar Aasen-tunet.

1. august 2013
Oppsummering juli
Påbyrja i juni, fullført i juli:
Cecilia Samartin - Drømmehjerte - Roman - Papirbok lånt av mor
Jens Lapidus - Cash - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Lest i juli:
Haruki Murakami - Elskede Sputnik - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Dan Brown - Inferno - Spenningsroman - Papirbok lånt av mor
Lotte og Søren Hammer - Ensomme hjerter - Dansk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Frode Granhus - Stormen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Parinoush Saniee - Det som ventet meg - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Div. forfattarar - Sommerkrim 2013 - Novellesamling - Kjøpt pocketbok
Jan Mehlum - Bake kake søte - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Kaaberbøl og Friis - Nattergalens død - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Gillian Flynn - Åpne sår - Amerikansk thriller - Kjøpt pocketbok
Påbyrja i juli, fullførast i august:
Jan Guillou - Brobyggerne - Svensk roman - Kjøpt pocketbok
Agatha Christie - Plymouthekspressen - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket
-------------------------------
Blogghopp - via Anette
Cecilia Samartin - Drømmehjerte - Roman - Papirbok lånt av mor
Jens Lapidus - Cash - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Lest i juli:
Haruki Murakami - Elskede Sputnik - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Dan Brown - Inferno - Spenningsroman - Papirbok lånt av mor
Lotte og Søren Hammer - Ensomme hjerter - Dansk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Frode Granhus - Stormen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Parinoush Saniee - Det som ventet meg - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Div. forfattarar - Sommerkrim 2013 - Novellesamling - Kjøpt pocketbok
Jan Mehlum - Bake kake søte - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Kaaberbøl og Friis - Nattergalens død - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Gillian Flynn - Åpne sår - Amerikansk thriller - Kjøpt pocketbok
Påbyrja i juli, fullførast i august:
Jan Guillou - Brobyggerne - Svensk roman - Kjøpt pocketbok
Agatha Christie - Plymouthekspressen - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket
Skjermdump: Bokelskere.no |
Juli har vore ein jamt fin lesemånad. Eg har lese nøyaktig like mange bøker som i juni, og det er eg nøgd med.
Månadens høgdepunkt: Mengele Zoo - Til ettertanke. Denne bør lesast!
Månadens nedtur: Drømmehjerte - Interessant og fin historie, men for klissete og sentimentalt for meg.
Blogghopp - via Anette