25. oktober 2013

Genial nettside

for alle krimelskarar og kronologifantastar!!

På nettsida til Trondheim folkebibliotek finn ein ei fin liste over krimheltar, bøkene om dei og rekkefølge på desse bøkene. Det er utruleg mange krimbøker, krimseriar, krimforfattarar og krimheltar å halda styr på - og her kan ein få hjelp til å skaffa seg oversikt. Dette er ei fyldig liste med hovudvekt på dei norske, men her finst også svenske, danske, islandske, franske, britiske og amerikanske krimforfattarar og -heltar. Ja, til og med ein kinesisk, ein siciliansk og ein russisk forfattar som eg aldri har høyrt om. Spennande!

http://www.trondheim.kommune.no/content/1117710131/Krimhelter#z

PS
Lista er ikkje absolutt fullstendig; eg finn t.d. ikkje kronologien når det gjeld Agatha Christie sine Miss Marple og Hercule Poirot-seriar. (Og det er ikkje så nøye. Ein har då Wikipedia.)
Eg har funne ein liten feil i lista; under Arne Dahl sin serie om A-gruppen har ein bytta om på dei to fyrste bøkene. Misterioso er kronologisk før Ondt blod. (Men det er vel kun sære folk - som meg sjølv - som legg merke til slikt..)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar