Påbyrja i mars, fullført i april:
Anne Holt og Even Holt - Sudden death - Norsk krim - Lånt ebok
William Landay - Til Jacobs forsvar - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Lest i april:
Merete Junker - Pumasommer - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Arne Dahl - Etterskjelv - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Arne Dahl - Himmeløyet - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Linda - som i Lindadrapet - Svensk krim - Lånt ebok
Yrsa Stenius - Tills vingen brister - Svensk biografi - Lånt lydbok
Ragnar Kvam jr. - Straffen - Biografisk/historisk - Kjøpt papirbok
Camilla Läckberg - Løvetemmeren - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Frode Grytten - Vente på fuglen - Mikronoveller - Papirbok lånt på biblioteket
Sascha Arango - Sannheten og andre løgner - Tysk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Harald Welzer - Gjerningsmenn - Krigshistorisk/dokumentar - Papirbok lånt på biblioteket
Simon Stranger - De som ikke finnes - Ungdomsroman - Lånt ebok
Ragnhild Kolden - Krigens skugge - Norsk roman, (etter)krigshistorisk - Lånt ebok
Påbyrja i april, fullførast i mai:
Tana French - Lik - Irsk krim - Papirbok lånt av mor
Arne Dahl - Elva - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Merete Junker - Venuspassasjen - Norsk krim - Lånt ebok
Litt meir variert denne månaden. I tillegg til 8 krim- og spenningsbøker vart det to biografiar, ei mikronovellesamling, ein ungdomsroman, ein etterkrigsroman og ei sakprosabok om 2. verdskrig.
I alt 4 ebøker, 3 lydbøker og 7 papirbøker. Som vanleg eit klårt fleirtal mannlege forfattarar.
Månadens høgdepunkt: Avslutninga av serien om A-gruppen, Etterskjelv og Himmeløye
Månadens nedtur: Sudden death
Sider
▼
30. april 2015
25. april 2015
Bokomtale: De som ikke finnes av Simon Stranger
Cappelen Damm 2014
174 sider
Kjelde: Lånt ebok
Vanlegvis les eg ikkje ungdomsromanar, men sidan De som ikke finnes er nominert både til Bokbloggerprisen 2014, Uprisen 2014 og til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015 - følte eg at dette var ei bok som måtte lesast. Det vart dessutan sagt at boka er ein politisk roman som også vaksne kan lesa.
Eg lånte boka via ebokbib - og las ho ut på ein kveld. Fyrst og fremst fordi ho er kort (174 sider), men også fordi boka er aktuell og meiningsfull og fordi temaet er fengande og opprørande. Det er ei bok som grip tak i lesaren umiddelbart - og grepet vert verande der - også etter avslutta lesing. Boka har ein viktig bodskap til oss alle.
Forfattaren Stranger (som ser ut som om han er 15 år på det offisielle biletet sitt, men ifølge Wikipedia er han faktisk ein vaksen mann på 39) har gitt ut 5 romanar og 2 barnebøker før De som ikke finnes. Sjølv har eg ikkje lest noko av forfattaren tidlegare.
Boka handlar om Samuel frå Ghana og Emilie frå Bærum. Samuel er ein av desse personane "som ikkje finst"; han er ein papirlaus flyktning, noko som vil sei at han er utan papir, utan rettar, utan status, utan vern - og nesten utan vener. Berre Amadou - som han mistar kontakten med medan dei er på flukt i Europa - og Emilie, som han ein gong traff på Gran Canaria - og som han har adressa til på ein lapp i lommen sin. Men korleis i alle dagar skal Emilie kunna hjelpa han? Og - kan ho i det heile stola på han? Ho vart så betatt av Samuel der nede på Gran Canaria - men når han dukkar opp i den trygge heimen hennar, vert ho både skremt og fortvila. Samuel er vanskeleg å forholda seg til - nettopp fordi han ikkje "kan finnast".
Mange ungdommar har skrive anmeldelsar av denne boka på nettsida til Uprisen. Dei fleste er klart positive, men ikkje alle. Dei som er negative grunngjev dette med "for lite spenning" - men eg vil heller tru at det skuldast temaet og det urettferdige og brutale innhaldet som kan gjera boka ubehageleg å lesa.

"Det verket i fingrene. Hadde han vært som alle de andre i byen, da hadde han dratt til legen. Da hadde han fått tatt røntgenbilde av hånden, fått sårsalve, bandasje, en sykemelding, men han er ikke som dem. Fingrene må bare verke, for heller ikke de finnes. Verkingen finnes ikke. Smerten hans finnes ikke."De som ikke finnes fortel ikkje egentleg noko nytt, men er skremmande aktuell akkurat no. Det finst ufatteleg mange "Samuelar" der ute. Unge menneske som i desperasjon flyktar frå heimlandet sitt, gjennomgår urett, redslar, fornedringar og lidingar, - og som har som mål å skapa ei betre framtid for seg og sine. På ein lettfatteleg måte viser forfattaren også kor enkelt det er å vera fordomsfri og positiv til flyktiningar og asylsøkjarar - så lenge dei held seg litt på avstand. Kjem dei for nær, vert det liksom meir problematisk.
Mange ungdommar har skrive anmeldelsar av denne boka på nettsida til Uprisen. Dei fleste er klart positive, men ikkje alle. Dei som er negative grunngjev dette med "for lite spenning" - men eg vil heller tru at det skuldast temaet og det urettferdige og brutale innhaldet som kan gjera boka ubehageleg å lesa.
For meg er det negativt at boka sluttar som ho gjer - men eg kan likevel anbefala ho - spesielt til unge lesarar. Boka er lettlest, med konkrete handlingar, lågt sidetal, korte setningar og utan vanskelege ord. Skiftet av perspektiv og skifte av notid/fortid bør heller ikkje by på problem.
De som ikke finnes er dyster og trist - på grensa til å vera for sentimental faktisk, etter min smak - men er likevel ein svært viktig roman. Boka er samlesingsboka for april i samband med nominasjonen til Bokbloggerprisen 2014, open klasse.

21. april 2015
Samleinnlegg: Vårlesing - del 2
Dei siste par månadene har eg kun lest etter lystprinsippet og innfallsmetoden - og det vert såleis mykje krim og spenning. Og ein og annan biografi innimellom.
Sudden death av Anne og Even Holt
Vigmostad og Bjørke 2014
445 sider
Tittelen spelar ikkje på sportsuttrykket, men viser til ein hjartesjukdom som kan råka friske og veltrente idrettsutøvarar.
Omhandlar ulike tema som spionasje og agentverksemd, farmasi og forsking, fotball og doping, samt væpna ran, truslar og drap. Sentralt i hendingane både i Oslo og i London står hovudpersonen Sara Zuckermann - som denne gongen er ein meir truverdig type enn i Flimmer.
Bok nummer to frå søskenparet Holt var likevel ikkje så bra som forventa. Historia er spennande nok og handlinga er lagt til eit uvant og interessant miljø, men eg tykkjer at spenninga og framdrifta vert øydelagt av irriterande mange tekniske/ medisinske/farmasøytiske forklaringar og detaljar. Terningkast 3.
Pumasommer av Merete Junker
Gyldendal 2012
368 sider
Junker si tredje krimbok med handling frå Grenlandsområdet er fortlest og grei. NRK-journalisten Mette Minde deler i denne boka merksemda - og meir til - med politimannen Torkel Vaa. Frå kvar sin kant nærmar dei seg ein temmeleg spesiell drapsperson. Det viser seg at det er Torkel personleg som er i fokus for dei sjuke ideane til denne personen.
Boka har god framdrift og forholdsvis truverdige karakterar og hendingar. Ho er brukbart engasjerande, men plottet er frykteleg oppkonstruert. Løysinga fann eg ut av ganske tidleg, - og det er for så vidt greitt - men eg likar best å bli overraska når eg les krim. Terningkast 4-.
Løvetemmeren av Camilla Läckberg
Gyldendal 2015
381 sider
Bok nummer ni i Fjällbackaserien er ein irriterande bra og lettlest pageturner. Läckberg held seg til den velkjende oppskrifta/ formelen ho har nytta tidlegare - den som fungerer og som har skaffa ho titusenvis av begeistra lesarar. Fansen vert ikkje skuffa denne gongen heller.
For altså - trass i at ein får ei kjensle av å ha lest det før; historia er godt samanskrudd og temmeleg spennande og engasjerande. Eg irriterer meg alltid over familie- og kvardagspludringa til Läckberg, men dersom ein klarer å sjå vekk frå desse irritasjonsmomenta er ikkje boka så verst.
Som vanleg er det politimannen Patrik som etterforskar og ektefellen og forfattaren Erica som blandar seg borti politisaka. "Tilfeldigvis" jobbar ho med ei sak som har forgreiningar til den pågåande etterforskinga. Som vanleg vert det også fortalt ei parallellhistorie frå ei mørk fortid. Terningkast 4-.
Linda - som i Lindadrapet av Leif GW Persson
Schibsted 2015
589 sider
Nyutgjeving av boka frå 2005. GW Persson er i sitt ess når han skriv om den håplause og uspiselege politimannen Evert Bäckström. Boka er skriven i ein satirisk stil og har høg humrefaktor, samstundes som ei interessant kriminalgåte får si oppklaring.
Det handlar om valdtekt og drap på ein kvinneleg politistudent. Saka ser enkel ut, men visar seg å vera nokså komplisert, - og dermed altfor vanskeleg for den vulgære, fordomsfulle og egoistiske kommissær Bäckström. Til slutt må kollega Anna Holt ta grep.
GW skriv som alltid treffsikkert og med snert. Eg likar skrivestilen; humor og alvor side ved side - men tykkjer boka er for lang. Terningkast 4.
Silkeormen av Robert Galbraith
Cappelen Damm 2015
524 sider
Bok nummer to i serien med privatetterforskar Cormoran Strike og assistenten hans, Robin Ellacott; eit sjarmerande og originalt par.
Klassisk krim i ny innpakning frå sjølvaste Harry Potter-opphavet. Galbraith/Rowling er kjempegod når det gjeld skildringar, karakteristikkar og i det å byggja ei god historie.
Sjølve krimforteljjinga handlar om eit ganske så brutalt drap. Ein forfattar forsvinn med eit spesielt bokmanus og kona hans engasjerer Strike for å finna att ektemannen. Og han vert funnen - svært så død, surra som ei svinesteik, med innvollar og diverse fjerna frå kroppen. Rundt den døde har mordaren dekka på med tallerkar og bestikk..! Politiet mistenker kona for å stå bak. Strike og Robin jobbar på sidelinja og prøver å finna ut av det heile.
Terningkast 5.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Sannheten og andre løgner av Sascha Arango
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:33
Ein fin tittel på ein underhaldande og overraskande spenningsroman med ein hovudperson heilt utanom det vanlege. Boka er både ein psykologisk thriller og ein humoristisk kriminalkomedie.
"Forfattaren" Henry Hayden har eit litt "romsleg forhold" til dette med sanning, løgner, bedrag og hemmelegheiter. T.d. er det kona som egentleg skriv bøkene hans, sjølv er han heilt talentlaus.
Ein dag viser elskerinna hans eit ultralydbilete av barnet dei ventar - og Henry sin oppkonstruerte fasade er med eitt i ferd med å smuldra opp. For å komma ut av denne knipa lagar Henry ein listig og dristig plan - men så skjer ein feil - og forviklingane er utan ende.
Eg likte boka godt. Ho er vittig og smart, har ei sarkastisk og elegant forteljarstemme og er passe lang. Karakterane er fargerike og mangfaldige. Godt opplest av Duc Mai-The. Terningkast 5-.
Til Jacobs forsvar av William Landay
Cappelen Damm 2014
Speletid 14:14
Eg brukte unormal lang tid og sleit med å komma i gang med denne. Boka bør lesast mest muleg samanhengande fordi ho krev ein del konsentrasjon.
Handlar om at den 14 år gamle sonen til ein visestatsadvokat vert sikta og tiltalt for overlagt drap på ein skulekamerat. Eg likte den kyniske, intense og litt bitre forteljarstemma til faren i familien. Etter kvart som rettssaka går sin gang vert lesaren meir og meir i tvil:
Er Jacob skuldig eller ikkje? Og kva med forteljaren - faren - snakkar han sant? Fortel han alt han veit? Kan ondskap og drapslyst gå i arv? Finst det eit drapsgen? Kor langt kan ein forelder gå for å forsvara barnet sitt?
Eit interessant og skremmande møte med amerikansk rettsvesen og -praksis. Dialogane/utspørjingane i rettssalen er spesielt velskrivne. Boka gir også eit fascinerande innblikk i ein tidlegare tilsynelatande velfungerande familie på veg mot full oppløysing. Avslutninga er uventa og sterk, men på ein måte "riktig".
Til Jacobs forsvar er ubehageleg å lesa/lytta til, men det vart alt i alt ei god leseoppleving - trass i startvanskane. Nydeleg opplest av Anders Ribu. Terningkast 5.
Tills vingen brister av Yrsa Stenius
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek 2005
Via ein kollega som er svaksynt lånte eg denne biografien om Jussi Bjørling. Lydboka er på svensk, men opplesaren les behageleg, tydeleg og passe seint og er difor ikkje vanskeleg å forstå.
Det blir ikkje jul utan at ein har høyrt O Helga Natt med Jussi Björling. 54 år etter at han døydde "lever" Björling enno - på ein måte, takka vere plateinnspelingar og andre opptak av den unike stemma hans.
Ei god bok om ein av dei største operasongarane verda har sett nokon gong - ein heilt spesiell mann med eit heilt spesielt talent. Forfattaren legg vekt på baksida av medalja - det var nok vanskeleg å veksa opp med ein einsleg kunstnarfar, verta barnestjerne i ein alder av 4 år og seinare; ein verdskjend og beundra kunstnar med dårleg helse og alkoholproblem.
Björling "brann sitt lys i begge endar" og døydde berre 49 år gammal. Terningkast 4.

Fleire samleinnlegg:
Vårlesing del 1
Vinterlesing

15. april 2015
Biografilesesirkel: Straffen av Ragnar Kvam jr.
Tema for årets andre biolesesirkel hos Ingalill/Moshonista er Forbrytelser og straff - eit tema som ein skulle tru passa bra for min kriminelle lesesmak. Eg ser fram til å lesa blogginnlegg om meir eller mindre skumle forbrytarar og meir eller mindre barbariske straffemetodar.
I forrige runde, då det handla om Herrer med bart, las eg (heilt tilfeldig; boka vart vald ut på måfå) Den tredje mann, historia om Hjalmar Johansen - og fekk då sans for Ragnar Kvam jr. sin skrivestil og evne til å formidla historiske hendingar og menneskelege lagnader.
Så eg hadde verkeleg flaks då eg fann Straffen av same forfattar i den lokale bokhandelen for nokre veker sidan. Der hadde nok boka lege og samla støv sidan ho vart utgitt i 1999; ho hadde fleire raude prislappar på og smussomslaget var blitt nokså slitt. Eg kjøpte boka for 20 kroner.
Straffen handlar om Knud Geelmuyden Bull (1811-89) - bror til den verdenskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull. Knud var i likskap med broren utstyrt med kunstneriske evner; han synte alt i ung alder talent for teikning og måling. Då han var 15 år var han elev hos den store kunstnaren J. C. Dahl, men han lukkast ikkje heilt i å skapa seg ein karriere som kunstmålar. Han var på farten rundt i Europa og fekk sannsynlegvis etter kvart økonomiske problem. Den kreative Knud freistar å finna ei løysing på dette - men det går galt.
I desember 1845, i Central Criminal Court i London, vart Knud og kompanjongen Peter Schmidt, også han norsk, dømt "til transport for ein periode på 14 år" - dvs. deportasjon til straffekolonien Australia. Dei to vart dømde for falskmyntneri, og ein kan jo stussa på den umenneskelege strenge straffen dei vart idømde. Men brotsverket var ganske grovt og både norske og britiske styresmakter slo hardt ned på det. Bull og Schmidt lukkast berre nesten i å forfalska ein 100-dalarseddel (ein norsk spesidaler), men hadde skaffa seg utstyr og papir til å trykka omlag 2000 sedlar - tilsvarande ein femtedel av det norske statsbudsjettet i 1845. Så langt kom ikkje dei to - gravøren dei engasjerte tipsa politiet og dei to vart tatt før dei var skikkeleg i gang med forfalskinga.
Eit halvt år etter at Knud Bull mottok dommen, vart han stua saman med eit par hundre andre fangar på fangeskipet "John Calvin". Forfattaren brukar store deler av boka til å fortelja om denne reisa til Australia. Ombord var det skrekkelege og mildt sagt kummerlege forhold. Tenk deg alle desse fangane; i lenker, sjøsjuke, brennande tropesol, tyfus-utbrot, dårleg hygiene, lite mat...
Overfarten varte i 4 månader og i løpet av den tida fekk Knud Bull visse privilegiar. Skipslegen ombord var kunstinteressert og gav nordmannen målarsaker.
Fyrst havna Knud i den brutale straffekolonien Norfolk Island, ei lita øy mellom Austalia og New Zealand, - deretter vert han overflytta til ein annan og noko opnare straffekoloni på Tasmania. Her fekk han også høve til å måla. Takka vere sine kunstneriske evner og ein byråkratisk tabbe vart han ein "fri" mann alt i 1853. Han gifta seg med ei engelsk straffedømd kvinne og fekk fem barn med henne. Han livnærte seg som kunstmålar, teiknelærar og elles forefallande arbeid. Familien busette seg i Hobart, Tasmania, og flytta seinare til Sydney, Australia.
Ole Bull, felespelaren, hadde kontakt med bror sin og freista å få han til å flytta til USA då Ole grunnla nybyggjarkolonien Oleana i Pennsylvania, men Knud valde å bli verande i Australia. Han vende heller aldri heim til Noreg og døydde i Sydney i 1889.
Straffen er ei interessant, illustrert og lettlest bok på berre 187 sider; midt i blinken for ein biografilesesirkeldeltakar med (altfor) mange bøker på gang og på vent. Ragnar Kvam jr. fortel historia om Knud Bull med psykologisk innsikt og innleving, og eg fann det interessant å lesa om denne for meg heilt ukjende mannen, "det sorte fåret" i ein fin Bergensfamilie.
Interessant var det også å lesa om straffemetoden transportering eller deportasjon. Storbrittania sende (grunna fattigdom, aukande kriminalitet og overfylte fengsel) sine forbrytarar til andre deler av Det britiske imperiet: Til Nord-Amerika fram til slutten av 1700-talet - og til Australia fram til 1868 då det endeleg vart slutt på deportasjonane. Frankrike nytta heilt fram til 1946 Fransk Guyana i Sør-Amerika som straffekoloni. Alle som har lest Papillon av Henri Charrière kjenner godt til den berykta Djeveløya som høyrde til denne franske straffekolonien.
Ragnar Kvam jr. har fortalt at han "oppdaga" Knud Bull og lagnaden hans i samband med eit besøk i Hobart då han var på leit etter stoff om Hjalmar Johansen, Den tredje mann.
Forfattaren er elles mest kjend for trebinds-biografien om Thor Heyerdahl. Hittil har eg ikkje hatt så lyst til å ta til på det verket - heile tre bind om ein einaste mann liksom? - men eg vurderer no faktisk å prøva meg på den fyrste boka. Ragnar Kvam jr. er nemleg ein - om ikkje eineståande - så i alle fall ein god forteljar.
I forrige runde, då det handla om Herrer med bart, las eg (heilt tilfeldig; boka vart vald ut på måfå) Den tredje mann, historia om Hjalmar Johansen - og fekk då sans for Ragnar Kvam jr. sin skrivestil og evne til å formidla historiske hendingar og menneskelege lagnader.
Så eg hadde verkeleg flaks då eg fann Straffen av same forfattar i den lokale bokhandelen for nokre veker sidan. Der hadde nok boka lege og samla støv sidan ho vart utgitt i 1999; ho hadde fleire raude prislappar på og smussomslaget var blitt nokså slitt. Eg kjøpte boka for 20 kroner.
Straffen handlar om Knud Geelmuyden Bull (1811-89) - bror til den verdenskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull. Knud var i likskap med broren utstyrt med kunstneriske evner; han synte alt i ung alder talent for teikning og måling. Då han var 15 år var han elev hos den store kunstnaren J. C. Dahl, men han lukkast ikkje heilt i å skapa seg ein karriere som kunstmålar. Han var på farten rundt i Europa og fekk sannsynlegvis etter kvart økonomiske problem. Den kreative Knud freistar å finna ei løysing på dette - men det går galt.
I desember 1845, i Central Criminal Court i London, vart Knud og kompanjongen Peter Schmidt, også han norsk, dømt "til transport for ein periode på 14 år" - dvs. deportasjon til straffekolonien Australia. Dei to vart dømde for falskmyntneri, og ein kan jo stussa på den umenneskelege strenge straffen dei vart idømde. Men brotsverket var ganske grovt og både norske og britiske styresmakter slo hardt ned på det. Bull og Schmidt lukkast berre nesten i å forfalska ein 100-dalarseddel (ein norsk spesidaler), men hadde skaffa seg utstyr og papir til å trykka omlag 2000 sedlar - tilsvarande ein femtedel av det norske statsbudsjettet i 1845. Så langt kom ikkje dei to - gravøren dei engasjerte tipsa politiet og dei to vart tatt før dei var skikkeleg i gang med forfalskinga.
Eit halvt år etter at Knud Bull mottok dommen, vart han stua saman med eit par hundre andre fangar på fangeskipet "John Calvin". Forfattaren brukar store deler av boka til å fortelja om denne reisa til Australia. Ombord var det skrekkelege og mildt sagt kummerlege forhold. Tenk deg alle desse fangane; i lenker, sjøsjuke, brennande tropesol, tyfus-utbrot, dårleg hygiene, lite mat...
Overfarten varte i 4 månader og i løpet av den tida fekk Knud Bull visse privilegiar. Skipslegen ombord var kunstinteressert og gav nordmannen målarsaker.
Fyrst havna Knud i den brutale straffekolonien Norfolk Island, ei lita øy mellom Austalia og New Zealand, - deretter vert han overflytta til ein annan og noko opnare straffekoloni på Tasmania. Her fekk han også høve til å måla. Takka vere sine kunstneriske evner og ein byråkratisk tabbe vart han ein "fri" mann alt i 1853. Han gifta seg med ei engelsk straffedømd kvinne og fekk fem barn med henne. Han livnærte seg som kunstmålar, teiknelærar og elles forefallande arbeid. Familien busette seg i Hobart, Tasmania, og flytta seinare til Sydney, Australia.
Ole Bull, felespelaren, hadde kontakt med bror sin og freista å få han til å flytta til USA då Ole grunnla nybyggjarkolonien Oleana i Pennsylvania, men Knud valde å bli verande i Australia. Han vende heller aldri heim til Noreg og døydde i Sydney i 1889.
"View of Hobart Town" - måleri av Knud G. Bull, henta frå commons.wikimedia.org |
Interessant var det også å lesa om straffemetoden transportering eller deportasjon. Storbrittania sende (grunna fattigdom, aukande kriminalitet og overfylte fengsel) sine forbrytarar til andre deler av Det britiske imperiet: Til Nord-Amerika fram til slutten av 1700-talet - og til Australia fram til 1868 då det endeleg vart slutt på deportasjonane. Frankrike nytta heilt fram til 1946 Fransk Guyana i Sør-Amerika som straffekoloni. Alle som har lest Papillon av Henri Charrière kjenner godt til den berykta Djeveløya som høyrde til denne franske straffekolonien.
Ragnar Kvam jr. har fortalt at han "oppdaga" Knud Bull og lagnaden hans i samband med eit besøk i Hobart då han var på leit etter stoff om Hjalmar Johansen, Den tredje mann.
Forfattaren er elles mest kjend for trebinds-biografien om Thor Heyerdahl. Hittil har eg ikkje hatt så lyst til å ta til på det verket - heile tre bind om ein einaste mann liksom? - men eg vurderer no faktisk å prøva meg på den fyrste boka. Ragnar Kvam jr. er nemleg ein - om ikkje eineståande - så i alle fall ein god forteljar.
14. april 2015
Mikronoveller på vent
Eg var på biblioteket i dag og lånte Vente på fuglen av Frode Grytten. Denne mikronovellesamlinga kom ut i fjor og eg har tenkt at eg skulle lesa boka - berre eg fann ho ein plass. Og det har eg altså no gjort.
Eg ser fram til å lesa desse små underfundige tekstane frå ordkunstnaren Grytten. Kvar "novelle" er ein tweet på 140 bokstavar og teikn, ei på kvar side av boka (på i alt 208 sider). Eg har tenkt å bruka tid på denne og lesa nokre få tekstar kvar dag.
Frå omslagsteksten:
Fødsel. Død. Sorg. Glede. Kjærleik. Utruskap. Hengemagar. Trofékoner. Ungkarar. Augustkveldar. Søndagsturar.
Frode Grytten viser at det er mulig å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. På 140 teikn fortel han om korleis vi lever, elskar og går under.
Vente på fuglen er eit utval av dei beste mikronovellene frå Gyttens populære Twitter-prosjekt.
«Burettslagsblues i juni. Dugnad i femte. Oppussing i fjerde. Krangling i tredje. Stille i andre. Puling i første. Skitentøyvask i kjellaren.»
«Mange år seinare går det opp for ho kva ho skulle ha svart den junikvelden då ho var 17, han var ny og spurte om dei skulle vere kjærastar.»
«Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.»

Beathe har ny fin blogg; Beathes bokhjerte, der ho held fram med utfordringa "Boken på vent".
11. april 2015
Etterskjelv og Himmeløyet: Avslutning av ein god krimserie
I fleire innlegg på bloggen min har eg prøvd å framsnakka Arne Dahl sin serie om A-gruppen. Eg er usikker i kva grad eg har lukkast i å skaffa serien fleire lesarar, men eg håpar at eg ved å stadig gjenta kor begeistra eg er, kan bidra litt til at enno fleire får augene opp for ein verkeleg god skandinavisk kriminalbokserie. Serien kan samanliknast med serien om Martin Beck (Sjöwall og Walhöö) og serien om Van Veeteren (Håkan Nesser) både når det gjeld talet på bøker (10 i kvar serie) og når det gjeld innhaldsmessige og språklege kvalitetar.
Dei ti bøkene i serien om A-gruppen kan lesast som frittståande krimromanar, men lesegleda vert større og utbyttet av lesinga betre om ein les bøkene i rett rekkefølge. I tillegg er det greitt å bli gradvis introdusert for alle hovudpersonane.
Her i landet vart bøkene utgjevne i bortimot tilfeldig rekkefølge (faktisk vart den fyrste boka gitt ut heilt sist) - men kronologien er altså vesentleg for leseopplevinga og er slik:
Handlingane i bøkene går stort sett føre seg i Stockholm, med enkelte avstikkarar rundt om i verda, i tidsrommet 1997 - 2007. Dersom eg skal plukka ut favorittbøker blant dei ti, held eg ein knapp på Europa blues, Dødsmesse og den siste, Himmeløyet.
Etterskjelv las eg i påska og Himmeløyet umiddelbart etterpå - og det kjennest vemodig å vera ferdig med ein så bra serie. Ei "trøyst" kan vera at Arne Dahl har skrive eit slags etterord, ei bok nummer 11 (på svensk heiter boka rett og slett Elva) som er ei avrunding av serien og ein endeleg avskjed med A-gruppen. Den boka er, etter det eg har funne ut, ikkje utgiven på norsk enno. Det er heller ikkje Arne Dahl sin nyaste krimserie; Opcop-serien. Eg skulle ynskja at Dahl sitt norske forlag Cappelen Damm snarast muleg sørger for oversetjing og utgjeving av dei nyaste bøkene til Arne Dahl!
Serien om A-gruppen er altså underhaldande og spennande bøker som anbefalast på det varmaste. Arne Dahl er flink med tempoveksling og har elles ein heilt unik balanse i historiane sine: Balansen mellom humor og alvor, - mellom det actionfylte og det tankefulle. Språket er alltid elegant, tidvis poetisk, tidvis rått og ofte humoristisk. Dahl er ein forfattar med stil som beherskar å skriva lyrisk og draumande, men han har også gode skildringar av det mellommenneskelege og kvardagslege. Dialogane er naturlege og karakteristikkane treffsikre.
Dahl byr på så mangt: gjennomtenkte og intrikate plott, samfunnskritikk, tidsaktuelle tema, fleire gode sidehistoriar, masse spenning - men fyrst og fremst: Interessante og truverdige hovudpersonar.
I motsetnad til mange andre krimseriar handlar denne serien ikkje om ein enkelt protagonist, men om heile etterforskargruppa. Forteljarstemma er allvitande og går inn og ut av handlingar og tankar medan perspektivet skiftar mellom alle dei ti personane som ein etter kvart lærer godt å kjenna - og blir glad i. Dei ulike personlegdomane, forholda mellom dei enkelte og miljøet rundt dei gjer bøkene ekstra leseverdige.
TV-filmen/miniserien bygd på boka Etterskjelv vart nyleg sendt på svensk TV, men er ikkje tilgjengeleg på nettTV for oss som ikkje bur i Sverige. Det er heller ikkje så nøye. For meg vert som regel filmversjonar av bøker eg har lest og likt heilt "feil". Personane ser gjerne heilt annleis ut enn dei eg har sett for meg medan eg les - og dybden i forteljinga vert ofte fråverande på skjermen.
Har du lyst til å lesa intelligent, velskriven og artig krim?
Les serien om A-gruppen av Arne Dahl - men start med Misterioso så går du ikkje glipp av utviklinga og framdrifta.

- Misterioso
- Ondt blod
- Blind jakt
- Europa blues
- Skjulte dyp
- En midtsommernattsdrøm
- Dødsmesse
- Mørketall
- Etterskjelv
- Himmeløyet

7. april 2015
Bokomtale: Død manns kiste av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
Samlaget 2015
316 sider
Kjelde: Fått av forlaget
Duoen Kroken & Kolden gav ut den fyrste kriminalromanen sin Evig skal døden vera i 2011 og følgde opp med Døden kjem med bussen i 2013. No er dei attende med tredje bok i serien om lensmann Sylfest Seljestad i Lom; Død manns kiste. Denne tredje boka er mørkare og råare - og betre - enn dei føregåande bøkene.
Ikkje alle norske krimforfattarar kan vera Jo Nesbø - noko eg tykkjer altfor mange norske krimforfattarar prøver (altfor hardt) på. Difor tykkjer eg det er forfriskande med krimforfattarar som finn sin eigen personlege stil og som gir litt blaffen i dei meir hardbarka og bestialske krimlitterære trendane. I likskap med Rune Timberlid sin serie om Rolf Randen, er dette bygdekrim av beste merke; underhaldande og enkel "kvardagskrim" befriande langt vekke frå Harry Hole-universet - og som Ragnhild Kolden så treffande har sagt: "stuttreiste mord".
Det er haust i Lom og ein utspekulert og grusom mordar er på ferde. Lensmann Seljestad og lensmannsbetjent Jørgen Vold får det travelt med eit par vanskelege saker. Ei mystisk forsvinningssak og eit like mystisk likfunn ser fyrst ikkje ut til å ha noko med kvarandre å gjera, men truleg heng desse sakene saman. Lesaren får presentert fleire mistenkelege personar og mange besynderlege og betenkelege hendingar. Persongalleriet er avgrensa, men interessant - og ganske så truverdig. Her finst også verkelege personar, som t.d. soknepresten i Lom, Einar Gelius. Han spelar ei viss (bi)rolle når han oppdagar noko makabert midt under ei gravferd. Dei to lokale etterforskarane er ikkje akkurat dei skarpaste knivane i skuffen. For meg som lesar er det irriterande at dei er så trege - men på den andre sida er det jo tilfredsstillande at ein sjølv ser motiv og skjønnar samanhengar før politiet oppklarar saka.
Kroken og Kolden er etter kvart blitt stødigare både innhaldsmessig og språkleg sett. Denne boka har også eit langt betre driv enn dei fyrste bøkene. Forfattarane skildrar trivielle og kvardagslege hendingar og forhold samstundes som dei ulike trådane i krimgåta vert nøsta opp. Det gjer det heile gjenkjenneleg - og menneskeleg, på ein måte. Du treng ikkje å ha lest dei to føregåande bøkene for å ha glede av Død manns kiste.

1. april 2015
Oppsummering mars
Påbyrja i februar, fullført i mars:
Harlan Coben - Tilgi meg - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Reidar Müller - Det som ble Norge - fakta/populærvitenskap - Lånt ebok
Arnaldur Indridason - Reykjaviknetter - Islandsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Lest i mars:
Div. forfattarar - Kalde skygger - Svenske krimnoveller - Kjøpt pocketbok
Jo Nesbø - Blod på snø - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Ingar Johnsud - Wienerbrorskapet - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Patricia Cornwell - Portrett av en morder - Krimdokumentar/historisk/biografisk - Papirbok lånt på biblioteket
Torbjørn Grindheim - Kaldere - Norsk krim - Ebok fått av forfattaren
Rune Timberlid - Satans mor - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Åke Edwardson - Dans med en engel - Svensk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Robert Galbraith - Silkeormen - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Jussi Adler-Olsen - Den grenseløse - Dansk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden - Død manns kiste - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Nikolaj Frobenius - Så høyt var du elsket - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket (avbraut)
Påbyrja i mars, fullførast i april:
Anne Holt og Even Holt - Sudden death - Norsk krim - Lånt ebok
William Landay - Til Jacobs forsvar - Amerikansk spenning - Lånt lydbok
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bloggen tek no ferie nokre dagar: Påskefjellet ventar!
GOD PÅSKE!

Eg har lagt bak meg ein særdeles kriminell månad. I mars las eg 7 papirbøker, 4 lydbøker og 2 ebøker - og alle - med unnatak av steinboka - var krim eller krimrelatert. April månad startar sameleis; med påske og tilhøyrande påskekrim.
Den einaste vanlege romanen eg byrja på vart ikkje fullført. Lytta i omlag to timar, men boka fenga ikkje, dessverre.