31. januar 2015

Oppsummering januar 2015

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Ken Follett - Stormenes tid, Bind 1: Sverdet og korset - Historisk roman - Papirbok lånt av mor

Lest i januar:
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Djevelens barn - Norsk krim - Lånt Ebok
Muriel Barbery - Pinnsvinets eleganse - Fransk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jon Hjørnevik - Eit liv i offside - Dikt, humor - Lydbok lånt på biblioteket
Ken Follett - Stormenes tid, Bind 2: Katedralen - Historisk roman - Papirbok lånt av mor
Levi Henriksen - Mannen fra Montana - Biografi/Reiseskildring - Kjøpt lydfil
John Williams - Stoner - Roman - Lånt ebok
Ragnar Kvam jr. - Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen - Biografi - Lydbok og papirbok, begge lånt på biblioteket
Anthony Horowitz - Silkehuset - Britisk historisk krim - Kjøpt papirbok
Edvard Hoem - Slåttekar i himmelen - Historisk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Geir Lippestad og Jon Gangdal - Det vi kan stå for - Personleg beretning/debatt/biografi - Lånt ebok
Edvard Hoem - Jordmor på jorda - Historisk/dokumentarisk roman - Kjøpt lydfil
Linnea Myhre - Kjære - Norsk roman - Lånt ebok (avbraut)
Jens Bjørneboe - Stillheten (Bestialitetens historie 3) - Norsk roman - Lånt lydbok

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Jens Lapidus - Livet de luxe - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Jeffrey Archer - Bare tiden vil vise - Historisk roman - Lånt ebok
Richard Herrmann - Med kniv om natten og andre mord - Kjøpt lydfil

Skjermdump: bokelskere.no

Fin start på leseåret 2015 - mørket, kulden, glatta og drittveret gjer at ein ofte vert sitjande i sofakroken med ei bok om kveldane. I tillegg må nemnast at eg brukar mykje tid til jobbpendling som bidreg til at eg får "lest" mange lydbøker. Det vart 6 lydbøker, 3 papirbøker og 3 ebøker i januar månad, - og ei bok lest i kombinasjon papir/lyd.

Månadens høgdepunkt:
Stormenes tid
 - Dramatisk og storslagent, med eit rikt og frodig persongalleri i ei historisk spennande tid.
Slåttekar i himmelen og Jordmor på jorda
 - var også to fine, lærerike og gripande leseopplevingar.
Stillheten
 - Avslutninga av Bjørneboe sitt hovudverk Bestialitetens historie

Månadens nedturar:
Stoner
 - Uengasjerande og skuffande, med ein patetisk hovudperson som ikkje tek tak i livet sitt.
Pinnsvinets eleganse
 - Hadde høge forventningar som ikkje vart innfridde.
Kjære
 - Hadde låge forventningar. Null kjemi. Uinteressant. Avbraut lesinga etter få sider.

29. januar 2015

Bestialitetens historie

Eg har nettopp lest ut Stillheten, den siste boka i 'Bestialitetens historie' - og tida er inne for å formulera nokre setningar om denne trilogien som vert sett på som hovudverket til Jens Bjørneboe. Verket består av tre frittståande romanar; Frihetens øyeblikk (som kom ut fyrste gong i 1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). Alle omhandlar det same temaet; Det Ondes Problem og menneska sin ondskap - i ulike former, i eit europeisk historisk perspektiv. 'Bestialitetens historie' er med på lista over 1001 bøker du må lese før du dør.


Før eg starta på Frihetens øyeblikk for nokre månader sidan, hadde eg forventningar om at dette kom til å bli tungt fordøyeleg lesestoff. Det var det ikkje. Eg har tvert imot hatt ei stor leseoppleving - og mesteparten av æra for det skal jo forfattaren ha, men dernest er det Nils Ole Oftebro si fantastiske opplesing av lydbøkene. Opplesaren les med innleving og intensitet, med skiftande tempo og stemmeleie, som speglar innhaldet og forteljarstemma sine ulike sinnsstemningar.

Språkleg sett var Jens Bjørneboe konservativ; her er det fremnu og efter om gjeld, - ja faktisk også sneenøen og stenen. Til vanleg er eg ikkje særleg begeistra for riksmål, - det er eit stivt og unaturleg skriftspråk, - men her er det gjennomført og elegant, tykkjer eg, - og dessutan høyrest det nesten heilt naturleg ut når Oftebro les.

Det er vanskeleg å forklara kva bøkene handlar om, fordi dei har lite ytre handling. Det dreiar seg meir om vidløftige tankar og mykje filosofi. Kva er fridom? Kva er sanning? Kva er ondskap? Ein får ein kavalkade over alt det grusomme dei styrande; rettsvesenet, politiske system og kyrkja, har utført gjennom tidene. Kva er det som fører til ondskap? Kva med all ondskapen, brutaliteten og overgrepa som har skjedd opp gjennom historia - i Guds namn?
«Belgierne drev også en flittig misjonsvirksomhet blant de sorte. Efter noen år var Kongos befolkning redusert fra over 30 millioner til bare 8. Til gjengjeld var disse 8 blitt kristne.»
Eg likar makaber og morbid humor og tykkjer slik intelligent ironi er verknadsfullt. Bjørneboe viser lesaren inn i ei mørk verd; inn i dei mørke avkrokane av menneskesinnet og verdensutviklinga. Forfattaren fortel om ein del av verdenshistoria - utan filter - og skildrar ei lang rekke overgrep, straffemetodar, torturmetodar, henrettelsar og folkemord. Samt krigar, undertrykking og utbytting. Ein kan kanskje sei at det fyrst og fremst handlar om moral og umoral. Forteljaren, eller protokollføraren som hovudpersonen kallar seg, har eit ønskje om å forstå og forklara kvifor menneska er så opptatt av å pina og øydeleggja kvarandre.
«Fra mitt liv kan jeg nesten ikke huske annet enn mord, krig, konsentrasjonsleire, tortur, slavearbeide, henrettelser, utbombede byer og halvbrente barnelik.»
Eg meiner at ein trygt kan sei at tematikken er like aktuell i dag som for 40-50 år sidan; gjennom nyhendesendingar får ein dagleg stadfesta at menneske er onde og bestialske. Ein kan også forstå at bøkene i si tid vekte oppsikt og avsky.

Bjørneboe brukte fleire år på å skriva Bestialitetens historie - så skrivinga av desse bøkene sleit han ut, både psykisk og fysisk. Han vart utslitt, utbrend, alkoholisert og deprimert. Han hadde visstnok planar om å skriva 'Frihetens historie' etter at han var ferdig med 'Bestialitetens historie' - men så langt kom han aldri. To år etter at Stillheten kom ut, tok Bjørneboe sitt eige liv.

Eg er litt forundra over at eg likte bøkene - og klarar ikkje heilt å forklara kva som gjorde det. Bøkene kan sikkert tolkast på ulike måtar, alt etter kva bakgrunn og bakgrunnskunnskapar ein har. Mot slutten av Stillheten datt eg litt av lasset; det vart så mykje prat og det vart for fabulerande og filosofisk for meg. Ein føler ikkje akkurat leseglede medan ein les, det er heller ikkje spesielt spennande eller underhaldande, men likevel altså: Det vart ei mektig leseoppleving. Eg trur det er kontrasten mellom dei grusomme forteljingane og dei vakre formuleringane som gjer det. Dessutan er det tidlause i forteljinga så tankevekkjande - og så brutal.

Men heilt på slutten av Stillheten kan ein lesa følgjande:
«Jeg tror ikke at mennesket er ondt, eller at mennesket er godt, - jeg tror at mennesket er delvis ondt og delvis godt. Hvilken side som skal få vokse og utvikle seg, avhenger av oss selv. På en planet hvor mennesket fritt har valgt å la seg brenne levende for sannhetens skyld, må det gode ha store muligheter.»
Jens Bjørneboe (1929 - 1976) var ein markant og omstridd forfattar; han var (og er framleis) både omtykt og utskjelt. Dei engasjerte og kritiske romanane hans om ymse kontroversielle tema gjorde at han sjølv var ein omdiskutert person. Han vart i si tid eit idol for mange unge fordi han var ein rebell; ein opprørar med djup forakt for autoritetar. Det kan nemnast at han, trass i at han vaks opp i eit høgst borgarleg miljø, som ung skuleelev vart så "uhandterleg" for lærarane sine at han vart utvist frå skulen. Seinare vart han - særleg gjennom bøkene sine - ei refsande og provoserande stemme i samfunnsdebatten.

24. januar 2015

Bokomtale: Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 9:27

Opplesar: Edvard Hoem

Eg har ikkje lest noko av Hoem sidan eg las Kjærleikens ferjereiser ein gong på 70-talet, - så ein kan godt sei at det var på tide å henta fram att denne produktive og populære forfattaren. Eg hadde egentleg ingen planar om lesa fjorårets Slåttekar i himmelen heller - men eg la merke til at boka fekk mange godord - både frå proffe anmeldarar og vanlege lesarar. Når så lydbokversjonen var ledig på biblioteket, slo eg til.
Det er forfattaren sjølv som les lydboka, og det gjer han på ein upåklageleg måte. Edvard Hoem si stemme, dialekt og tonefall liknar svært på Oddgeir Bruaset si røyst, så eg har hatt ei slags absurd "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu- oppleving" medan eg har lytta til denne boka.

Slåttekar i himmelen er ein roman, men forfattaren har teke utgangspunkt i verkelege hendingar og verkelege personar. Hoem har skrive forteljinga rundt sin eigen oldefar, Knut Hanssen Nesje. Men som forfattaren sjølv seier i innleiinga;
«Sjølv om eg kjenner dei viktige årstala i livet hans og har enkelte vitnemål om korleis Nesje levde, var det ikkje nok da eg skulle skrive om han. Eg måtte dikte han fram, av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska, i hans tid og i mi»
At forfattaren har brukt forteljingar frå si eiga oppvekst og si eiga slekt si historie på denne måten har gjort boka nær, ekte og stemningsfull. Boka gir eit levande bilete av samfunnet på slutten av 1800-talet, då Noreg var eit fattig utkantland og mange ikkje såg annan veg ut av armoda enn å utvandra til Amerika. Sentralt i historia er altså oldefaren Knut - eller Nesje som han vart kalla - og Gjertine, svigerinna hans. Nesje vart verande; han streva livet ut på det bygsla jordstykket i Molde-traktene - men dei fleste borna hans reiste til USA. Det same gjorde den fascinerande skikkelsen Gjertine.

Eg likte boka svært godt. Spesielt sette eg pris på skildringane av det jordnære og trauste; nærleiken til jorda, fjellet og fjorden. Vidare vert ein kjend med korleis overfarten kunne vera og korleis naturen og forholda på prærien i USA på 1880-talet var. Hoem skildrar kvardagslivet, arbeidet og dei vonde avskjedane. For livet handla jo mykje om slit, strev og sakn den gongen, men i boka vert det også fortalt om framtidstru, eventyrlyst og kvardagsgleder.

Språket passar til handlinga i boka, - det er beint fram, utan noko jåleri. Hoem skriv om livet, rett og slett. Det er på mange måtar ei enkel historie - ei forteljing om dei nære ting som ein kan kjenna seg att i, fortalt på ein lågmælt og litt langsam måte. Likevel - eller kanskje nettopp difor - er historia interessant og sterk.
Hoem sa i eit intervju med Dagsavisen at han har meir stoff og at det kanskje kjem eit bind 2. Eg håpar det kjem meir; eg har verkeleg lyst til å lesa meir om desse personane ein vert så godt kjend med i Slåttekar i himmelen.

18. januar 2015

Smakebit på søndag: Stoner

Eg måtte finna ut kva i alle dagar dette var for noko. Eit merkeleg bokfenomen. Ein roman, utgitt i 1965, brukbare anmeldelsar, men knapt lagt merke til og med eit opplag på usle 2000. Gløymd i nesten femti år - og så: Ny utgjeving, ein begeistra anmeldar, og forlag rundt omkring i verda gir ut boka på nytt. Suksessen er formidabel, tjue år etter at forfattaren John Williams døydde.

Stoner vert karakterisert som Den Perfekte Roman, eit mesterverk, ei perle, eit mektig epos og "den beste amerikanske romanen du aldri har høyrt om". Alt oppstusset rundt boka har gjort meg skeptisk, men nysgjerrig. No har eg lånt boka via ebokbib - og er i gang. Men - etter at eg har lest omlag halve boka er eg ikkje overbevist. Førebels ser eg ikkje på dette som eit mesterverk, men er forsåvidt open for at eg kan komma til å endra meining etter at boka er utlest. Stilen er litt for oppramsande og historia utan nerve. At språket er vakkert og flytande er ikkje nok til at eg kan sei eg har ei god leseoppleving. Eg innrømmer at forfattaren er dyktig når det gjeld skildringar og formidling av ein melankolsk stemning, men eg vil gjerne ha ei historie som tek tak i meg i tillegg. Som kan utfordra meg på ein eller annan måte. Hovudpersonen William Stoner irriterer meg. Han er så tafatt, altfor snill og ettergjevande. Det finst ikkje ryggrad i den mannen.

Smakebiten nedanfor er eit eksempel på det melankolske og såre i forteljinga. Det er ei sterk skildring av fortvila sorg og er ei hending som gjorde inntrykk. Faren er nyleg død, og Stoner er attende i hos mora i barndomsheimen:
"Stoner så henne tydelig mens hun snakket. Det var som om hun også var død mens hun snakket, som om en del av henne ugjenkallelig var forsvunnet inn i kisten sammen med ektemannen, for aldri å stige opp igjen. Nå så han henne; ansiktet var magert og innsunket, selv når det var avslappet var det så dratt at kanten av tennene stakk fram bak de tynne leppene. Når hun gikk, var det som om hun hadde hverken vekt eller kraft. Han mumlet noe og gikk ut av dagligstuen. Han gikk tilbake til rommet han var vokst opp i, og ble stående i dets tomhet. Øynene hans var varme og tørre, han klarte ikke å gråte."
Er du interessert i å "smaka litt" på andre bøker, bør du ta deg ein tur innom Mari og bloggen hennar Flukten fra virkeligheten.

17. januar 2015

Vinterlesing - Eit samleinnlegg

Her kjem ein samlepost med korte vurderingar av nokre bøker eg har lest og lytta til i det siste. Eg er kraftig på etterskot når det gjeld bokomtalar, så for å komma litt meir ajour gjer eg det slik.


Eit liv i offside av Jon Hjørnevik
Lydbokforlaget 2004
Speletid: 00:59

Ei humoristisk diktsamling. Frå Hjørnevik sine diktsamlingar 'I ein sofa frå Korea' og 'Den vanskelege andreboka' samt ein del ekstramateriale.
Her er dikt som er hysterisk morosame, andre kan ein humra til og andre er berre dumme og pinlege. Herleg useriøst, og det er greitt at lydboka ikkje varer meir enn ein time. Det kan fort bli for mykje underbuksehumor. Det er forfattaren sjølv som les.
Terningkast 3.


Svøm med dem som drukner av Lars Mytting
Lydbokforlaget 2014
Speletid: 12:50

Egentleg ei fin og spennande historie, men dessverre er ho skjemd av mange trege skildringar og eit meiningslaust melodrama. Det handlar om ein ung mann som søkjer etter forklaringar på det usagte og det hemmelege i familien, etter jakta på røter og sin eigen identitet. Søkinga går føre seg i Gudbrandsdalen, på Shetland og i Frankrike, og dei to store krigane, 1. og 2. verdenskrig, kastar mørke skuggar over dagens opplevingar.
Dette må vera ei av fjorårets mest oppskrytte bøker. Lydboka vert godt opplest av Axel Aubert, men eg kan likevel ikkje gi meir enn terningkast 3 for leseopplevinga mi.


En sannsynlig historie av Karin Alvtegen
Cappelen Damm 2011
271 sider

Eg likar Alvtegen betre som krimforfattar enn som her; i ein "vanleg" roman. I kriminalromanane kjem den psykologiske innsikten hennar meir til sin rett.

Me møter ei kvinne og ein mann, to ulukkelege og einsame sjeler i krise - som kanskje finn kvarandre. Boka er svært velskriven og handlar om brutte forhold og nye forhold, om venskap og familie, om kjærleik og sorg, om fordommar og jantelov.

Alvtegen byr på gode skildringar av det vesle lokalsamfunnet der mesteparten av handlinga føregår, men innbyggjarane framstår som noko karikerte. Dei to hovudpersonane virkar meir "ekte".

Alt i alt ei grei leseoppleving til terningkast 4.


Jenta uten hjerte av Marit Reiersgård
Gyldendal 2014
334 sider

Bok nummer to i serien om politietterforskarane Verner Jacobsen og Bitte Røed imponerte meg ikkje like mykje som den fyrste, Stolpesnø, men er ei grei krimbok.

Om mobbing, makteslause foreldre og kva skremmande konsekvensar dette kan ha. Samt ei parallellhistorie om ein skakkøyrd og skada person som rotar seg opp i hendingar vedkommande berre delvis er skuld i.

Fleire forteljarstemmer, litt uhyggeleg stemning frå fyrste til siste side. Skrivestilen, miljøa og stemningen liknar på det ein kan finna i Unni Lindell sine kriminalromanar. Boka har ei tankevekkande og aktuell handling.
Terningkast 4.


Mannen fra Montana av Levi Henriksen
Lydbokforlaget 2009
Speletid 7:50

Ei dokumentarisk og biografisk reiseskildring og ein triveleg biltur gjennom USA. Levi Henriksen tek med seg familien sin på jakt etter Thor Vigeland, den fyrste hippien som vitja Kongsvinger. Reisa fører til mange forskjellige møte med ulike deler av den amerikanske kulturen.
Ei fin lytteoppleving - godt opplest av Ivar Nergaard og gamle musikalske lydkutt. Underhaldande og originalt, slentrande og lærerikt, humoristisk og melankolsk. Terningkast 4.


Elle melle av M. J. Arlidge
Vigmostad & Bjørke 2014
357 sider

Ei djevelsk utspekulert og svært spennande bok. Handlar om ein person som kidnappar par - som han så gir eit umuleg og dødeleg ultimatum. Likskapen mellom ofra er uklar og motivet er heilt uforståeleg. Etterforskarane slit med å finna ut av bakgrunnen for slike sjuke handlingar.
Boka er den fyrste i ein planlagd serie. Ho er skremmande og fortlest, med mange korte kapittel og fleire forteljarstemmer. Miljøet i politietterforskararbeidet er gjenkjenneleg frå mange andre britiske bøker og TV-seriar. Protagonisten Helen Grace er akkurat passe spesiell.

Elle melle er ein kriminalroman midt i blinken for meg, men kunne kanskje vore enno meir "psykologisk", jf. Ruth Rendell og Patricia Highsmith sine thrillerar. Terningkast 5.


Djevelens barn av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Cappelen Damm 2014
334 sider

Sterk avslutning av trilogien som starta med Av jord er du kommet og følgd av Den blinde guden. Bøkene bør lesast i riktig rekkefølge.

Tvedt/Gulbrandsen har eit språk som flyt lett og ledig. Ei bok med fleire parallelle historiar, som kan, eller ikkje kan?, høyra saman, - samt eit mysterium som varer gjennom heile trilogien. Alt får si logiske oppklaring til slutt.

Med eit samfunnsaktuelt bakteppe, gode personskildringar og glimrande miljøskildringar ligg alt til rette for ei god leseoppleving.
Terningkast 5.


Stormenes tid av Ken Follett
Bind 1 - Sverdet og korset
Bind 2 - Katedralen

Cappelen Damm 1990
705 sider (bind 1) og 457 sider (bind 2)

Eg skjønnar ikkje at eg ikkje har lest desse bøkene før, for dette var fantastisk fengande, storslagent og gripande. Ei omfattande, detaljert og uhyre interessant leseoppleving.

To historiske romanar der handlinga er lagt til England på 1100-talet; ei uroleg tid prega av borgarkrig og uavklarte maktforhold. Me får følgja mange forskjellige personar frå ulike samfunnsklassar og miljø.

Den mørke middelalderen var ikkje berre mørk, skal ein tru Follett. Sentralt i historia er planlegginga og bygginga av ein katedral, samt personane og miljøet rundt dette byggverket. Her får ein møta eit variert og frodig persongalleri. Eg fekk stor sympati for m.a. byggmeisteren Tom og familien hans, munken/prioren Philip, jarledottera Aliena og den fredlause Ellen. Det dreiar seg mykje om kampen for tilværet og kampen mellom det gode og det onde, om skiftande makthavarar og korleis dette innvirkar på dagleglivet for befolkningen. Eg vil hevda at ein del lite truverdig romantikk og nokre pinlege erotiske skildringar trekker litt ned, men tykkjer likevel at heilskapsinntrykket og leseopplevinga samla sett er svært god.

Kan samanliknast med andre storslagne verk som 'Havets katedral', 'Rosens navn' og trilogien om Arn Magnusson. Det beste av alt: Det finst også ein frittståande oppfølgjingsroman - 'I all evighet', på vel 1000 sider! - som skal lesast ved høve.
Terningkast 6.

11. januar 2015

Bokhyllelesing: Pinnsvinets eleganse

Lydbokforlaget 2008
Speletid: 8:54
Opplesarar: Janne Kokkin og Silje Lindblad


Utfordringa bokhyllelesing startar friskt i år med ny runde alt den andre veka i januar. Kategori denne gongen er "Les ei bok med grønt omslag" - og eg leita i hyllene mine etter ei ulest bok med denne fargen, men fann ingen i farten. Deretter såg eg på dei lagra, men enno "uhøyrde" lydbøkene på PC'en min, - og fann ei bok som eg ikkje hadde prioritert enno; 1001-romanen Pinnsvinets eleganse. Med litt godvilje så ser ein eit lite grønskjær på dette coveret, ikkje sant? Litt grågrønt?


8. januar 2015

Bokbloggerprisen 2014 - mine nominerte

I 2014 las eg i alt 33 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen; 28 i klassen for skjønnlitteratur (24 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i såkalla open klasse (alle innan sakprosa).

Eg nominerte desse bøkene:
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)


6. januar 2015

Planar for 2015 og bøker på vent

Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.

2. januar 2015

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
Hans Olav Lahlum - Maurtuemordene - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Ida Jackson - Morfar, Hitler og jeg - Biografi/dokumentar/ - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i desember:
Lars Kepler - Stalker - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Lars GW Persson - Grisefesten - Svensk krim - Lånt ebok
Karin Alvtegen - En sannsynlig historie - Svensk roman - Kjøpt papirbok
Bjørn Olav Nordahl - Nullpunkt - Norsk krim - Lånt lydbok på biblioteket
Marte Michelet - Den største forbrytelsen - Dokumentar - Lånt ebok
Carl-Johan Vallgren - Skyggegutten - Svensk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Ingrid Sahlin-Sveberg - Jul gjennom alle tider - Fakta/historisk/religion/dikt/forteljingar - Lånt av mor
Marit Reiersgård - Jenta uten hjerte - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Lars Mytting - Svøm med dem som drukner - Norsk roman - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Lars GW Persson - Den som dreper dragen - Svensk krim - Lånt ebok
M.J. Arlidge - Elle melle - Britisk krim - Kjøpt pocket

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Ken Follett - Stormenes tid, Bind 1: Sverdet og korset - Papirbok lånt av mor