28. januar 2019

På grensen til evigheten og Den som dreper drømmer sover aldri

Den svenske forfattaren Jan Guillou og den britiske forfattaren Ken Follett har mykje felles. Dei er nesten jamngamle (fødde i 1944 og 1949), dei har begge jobba som journalistar, og begge har skrive både spionromanar, kriminalromanar og historiske romanar. Begge har vore svært produktive og hatt stor suksess med bøkene sine. Dei er framleis svært så aktive, både med bokprosjekt og i samfunnsdebatten. Guillou meir krass og kritisk enn Follett - og det er litt interessant med tanke på bakgrunnen deira: Jan Guillou vaks opp i priviligerte omgjevnader i Saltsjöbaden i Stockholm, Ken Follett sin oppvekst var i eit typisk arbeidarstrøk i Cardiff, Wales. Guillou held til ytterst på venstresida i politikken, trass i - eller kanskje heller som ein motreaksjon til - den nemnde bakgrunnen. Follett er sosialdemokrat og har vore politisk aktiv i Labour Party.

Opp gjennom åra har eg hatt utallige timar med spennande lesestunder og god underhaldning med Guillou og Follett sine bøker: Carl Hamilton- og Arn-serien, Nålen, Stormenes tid, I all evighet og Kjempenes fall, for å nemna nokre av dei best kjende. Både Guillou og Follett har skrive romanseriar med handling frå middelalderen og dei har begge skildra heile 1900-talet si historie i romanform. No i haust/vinter har eg lest den siste i Ken Follett sin århundre-trilogi og bok nummer 8 i Jan Guillou sin århundre-serie. Bøkene overlappar og utfyller kvarandre når det gjeld enkelte store hendingar frå 1970-talet.


Den som dreper drømmer sover aldri av Jan Guillou

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid 12:19
Opplesar Halvard Djupvik, lånt lydbok eBokBib


Når ein har lest alle dei tidlegare bøkene i serien må ein naturlegvis lesa denne óg. Me er altså komne fram til 1970-talet i serien om «Det store århundret» sett gjennom augene til personar i den opphavleg norske familien Lauritzen. Boka er truleg tildels sjølvbiografisk: Det er ganske tydeleg at Guillou brukar sin eigen bakgrunn og eigne erfaringar i boka.

Forfattaren har mykje på hjartet og har inngåande kjennskap til dåtidas politikk, journalistikk, etterretning og rettslege tilhøve. Dermed vert boka detaljrik, truverdig og grundig, men dessverre også oppramsande og kjedeleg. Enkelte avsnitt er dramatiske, andre er meir drøvtygging. For oss som har lest mykje av Guillou tidlegare er det litt artig at me får eit lite gjensyn med Carl Hamilton. Likevel kan eg ikkje gi Den som dreper drømmer sover aldri meir enn terningkast 3.


På grensen til evigheten av Ken Follett

Cappelen Damm 2015
1081 sider
Kjøpt papirbok, Off The Shelf

Follett sin trilogi har eit meir globalt perspektiv og er faktisk enno meir omfattande enn Guillou sin serie i og med at det handlar om fem ulike familiar i fem ulike land. I denne avsluttande delen er handlinga lagt til åra 1961 (då Berlinmuren vart bygd) til 1989 (då muren fall). Det er ei storslagen, interessant, lærerik og underhaldande bok, men som med dei to føregåande: Det er tidvis for detaljert og langdrygt. Eg brukte unormalt lang tid på boka, nesten 4 månader (men eg las sjølvsagt andre bøker samstundes).

I den forrige boka Vinter over verden handla det mykje om 2. verdenskrig. I denne boka er Den kalde krigen sentral. Det vanskelege tilhøvet mellom aust og vest - Jernteppet - gjer tilværet utfordrande for mange av "våre" folk. Enkelte dramatiske hendingar får ein følgja tett; eksempelvis Cubakrisa og drapa på John F. Kennedy og Martin Luther King.

Eg er svært nøgd med at eg har lest heile trilogien. Det har på mange måtar vore fengande og fengslande å følgja familiane gjennom nær hundre år. Eg likar at at ein ser dei same historiske hendingane frå ulike perspektiv og at personane i dei ulike familiane møter kvarandre undervegs. På grensen til evigheten får terningkast 4 av meg. Nokre innstrammingar her og der kunne ha ført til ein ekstra prikk på terningen.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mitt neste "prosjekt" når det gjeld Ken Follett blir Den evige ilden. Eg har skaffa meg pocketutgåva og skal i tillegg støtta meg på lydboka som no er å finna på Storytel. Eg tykkjer det er interessant å lesa om Tudortida og håpar på ei leseoppleving på høgde med Stormenes tid og I all evighet.

4 kommentarer:

  1. Jan Guillou og Ken Follett er store forfattere, så her er nok to bra bøker. Jeg har ikke lest noe av de på lenge, men det kommer jeg nok til å gjøre. Interresante omtaler!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dei er store begge to. Dei har visst ikkje tenkt å bli pensjonistar på ei stund heller😊

      Slett
  2. Ser at vi havnet på samme terningkast når det gjelder Guillou, han har tatt seg opp før, så vi får håpe at neste bok er hakket mer spennende.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig. Eg gir han ikkje opp sjølv om denne boka ikkje ga meg den beste leseopplevinga.

      Slett