11. juni 2020

Bokomtale: 1794 av Niklas Natt och Dag

Cappelen Damm 2020
444 sider
Lånt papirbok biblioteket

Den forrige boka 1793 bergtok - og sjokkerte! - mange krimlesarar. Oppfølgjaren 1794 sjokkerer ikkje i same grad, men det er mykje bestialitetar, skitt og elendigheit i denne óg. Dei hjerteskjerande og rystande skildringane av levekåra til dei som befann seg på botnen av det svenske samfunnet anno 1794 gir verkeleg inntrykk. Det er i det heile ei dyster, overbevisande og spennande forteljing.

Hovudperson er som i forrige bok, palten (seperasjonsvakten) Mickel Cardell, og elles møter me igjen enkelte av karakterane derifrå - og fleire nye. På nytt handlar det om eit mysterium og eit uhyggeleg grovt - fruktansvärt - brotsverk; denne gongen om drapet på unge og vakre Linnea.

Erik Tre Rosor er, som namnet viser, av høg og adeleg byrd. Som barn møter han Linnea og deira nære forhold veks til gryande og sterk kjærleik. Men Linnea tilhøyrer ein lågare samfunnsklasse, så eit ekteskap er uaktuelt. Meiner Erik sin far. Guten får i staden eit "tilbod" om eit opphald på den dåverande svenske kolonien Saint-Barthélemy. Erik sine opplevingar på den karibiske øya er rystande lesing.
Etter ei tid døyr Erik sin far, og han vender tilbake til Sverige og Linnea. Bryllaup vert planlagt og feira på storslagent vis, men bryllaupsnatta endar på ein tragisk måte. Unge Linnea vert funnen død og maltraktert og Erik vert sendt til galehuset. Kva har skjedd? Mickel Cardell får i oppdrag å finna ut av saka.

For å ha utbytte av denne boka bør du ha ein viss fascinasjon for det mørke og makabre. Natt og Dag byr nemleg på detaljerte skildringar av sadistisk-pervers vald og andre onde gjerningar. Enkelte meiner at han dreg det vel langt til tider, og det kan eg tildels vera enig i. Samstundes veit ein at enkelte av dei hendingane det vert fortalt om kunne ha hendt i verkelegheita. Eg tenkjer her spesielt på det som vert fortalt frå slaveøya og frå sinnsjukehuset. Og deler av Stockholm var nok prega av fattigdom, sjukdom og stank på 1790-talet - akkurat slik som forfattaren skildrar det.

Språket i boka er vakkert, tykkjer eg. Litt snirklete og gammaldags og passar såleis til den tida det vert fortalt om. Dei skiftande perspektiva og ulike forteljarstemmene gjer at lesaren heile tida får nye moment og teoriar å forhalda seg til. Dette gjer det veldig spennande, men óg foruroligande og skremmande. Det er nemleg ikkje grenser for kva Natt och Dag utset karakterane sine for. Skildringane er levande og ofte ubehageleg detaljerte. Stemninga i boka er som sagt dyster og mørk - mørkare enn i 1793, der ein kunne ana eit lite lysskjær og eit glimt av håp.
Eg ser uansett fram til tredje og siste del i denne Bellman Noir-serien. Neste bok har naturlegvis tittelen 1795 og kjem til neste år.

2 kommentarer:

  1. Fristende omtale Berit. Jeg leste den forrige boken i denne serien og kommer nok til denne her etterhvert også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Som alltid er det kjekt å bidra til lesetips/-inspirasjon.

      Slett