Påbyrja i mai, fullført i juni:
Bernard Minier - Natt - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Richard Osman - Torsdagsmordklubben - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tom Egeland - Sølvpengene - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Lest i juni:
Espen Ytreberg - Kapp Hjertestein - Norsk dokumentar/biografi - Lånt ebok BookBites
Jo Nesbø - Sjalusimannen og andre fortellinger - Krimnoveller - Lånt papirbok privat
Britt Karin Larsen - Sangen om løpende hester - Norsk roman - Lyd Storytel
Sven Petter Næss - Skjebnesteinen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Matadorens siste dans - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Agnes Matre - Uvigslet jord - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Roy Jacobsen - Bare en mor - Norsk roman - Lånt lydbok BookBites
2 lyd, 4 papir, 2 ebøker
6 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt
5 krimromanar, 1 annan roman, 1 krimnoveller, 1 biografi/dokumentar
6 norske, 1 fransk, 1 britisk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Osman
Juni vart ein slapp månad på bloggen, men 8 leste bøker er innafor. Med 55 bøker lest hittil i 2021 ser det óg ut til at eg kan nå målet om 100 bøker i år.
Omsider kom då også årets fyrste seksar. Eg er "streng" når det gjeld terningkasta mine, og terningkast seks gir eg kun til dei aller aller beste bøkene. Sangen om løpende hester er den avsluttande boka i Tatertrilogien som kom ut fyrste gong i det forrige århundret - i 1999. Det er ei mektig forteljing fortalt på ein særeigen måte og som gav meg ei fantastisk leseoppleving. Sjølv om lydboka varer i heile 24 timar (papirutgåva har 740 sider) vart eg aldri lei. Tvert imot; eg kunne gjerne blitt verande i Britt Karin Larsen sitt "taterunivers" enno lenger. Dersom eg får tid giddar skal eg laga ein meir grundig bokomtale.
Men no er det ferie, sommar og sol og eg prioriterer då gjerne andre aktivitetar enn lesing og blogging.
God sommar!