22. november 2022

Bokomtale: Quintessence av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2022
247 sider
Lånt ebok BookBites

Gert Nygårdshaug (f. 1946) debuterte alt i 1966 og dette er den 43. boka han har gitt ut. Den nye boka hans har ein heilt uforståeleg tittel, - noko som var med på å gjera meg veldig nysgjerrig. Det er alltid stas med ny bok frå Nygårdshaug, men så veit ein liksom aldri kva han kan finna på. Eg har erfart fantastiske leseopplevingar - men også små nedturar når det gjeld bøkene hans.

Det er nokre element som alltid er med i Nygårdshaug sine bøker: Klima og miljø-problematikk, astronomi og gastronomi. Samt sære/rare namn på karakterane og gjerne kjempelange setningar med berre semikolon og komma. Dette siste er det ikkje så mange eksempel på i denne boka, så ho er lett å lesa. Men kjærleiken til naturen, fascinasjonen for stjerner, galaksar og universet og interessa for god mat og godt drikke - alt det er i høgste grad til stades i Quintessence.

Hovudperson i boka er Olion Soleng. Han er barnebarn av Gotvin Soleng som me møtte såvidt i Afrodites basseng og som er hovudperson i Prost Gotvins geometri og Fortellernes marked. Det er såleis ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap før ein les Quintessence. Då skjønnar ein også at ein må vera open for surrealistiske krumspring og usannsynlege hendingar. 

Tilbake til Olion. Han er 33 år, jobbar på statsministerens kontor og er fullstendig upolitisk. Men så, på ein av dei aller fyrste sidene skjer det noko: Den overvektige fru statsminister døyr i ei bisarr ulukke rett framfor augene på Olion og nokre andre sjokkerte vitne. Denne hendinga vert starten på eit nytt liv for Olion; eit nytt liv der han opplever fleire uforklarlege ting, der han møter ei ung kvinne som han blir betatt av og der han reiser tilbake til forfedrane sin heimstad. Og der den tidlegare så upolitiske Olion plutseleg befinn seg midt i ein politisk demonstrasjon med parolen "nei til monokulturelt landbruk!"

Elles er det ikkje så enkelt å gje noko handlingsreferat, for utover at Olion flyttar til Nord-Østerdalen skjer det egentleg ikkje så veldig mykje. Det er lite framdrift; det er tankar, prat, pludring og kvardagar - og enkelte pussige situasjonar. Undervegs får ein også, som vanleg frå denne forfattaren, stadig nye miniforedrag om ulike forhold. Romantikk og erotikk er det også plass til, samt nokre velfortente spark til byråkratar og politikarar.

Men den generelle bodskapen i denne boka, som i tidlegare Nygårdshaug-bøker, er dette: å ta vare på jorda og naturen og å ha respekt for framande kulturar og urfolk sine verdiar.

Når Nygårdshaug vender seg til lesarane sine på Facebook er gjerne overskriftene: Sprute mitt blekk! Juble min penn! Daske mitt tastatur! Eg set pris på den sprudlande forteljargleda, den leikne fantasien og den sære humoren.

Så ja - eg kosa meg medan eg las denne boka, nesten heilt til slutt. For den opne og brå avslutninga fann eg ikkje heilt ut av. Kanskje eg må låna boka ein gong til og lesa det siste kapittelet på nytt? Eg forstår framleis ikkje kva "quintessence" betyr.. 

17. november 2022

Norsk krim 2022 del 4

Nye bøker i Anton Brekke-serien og K2/Patricia-serien denne hausten:

Cassandra-saken av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2022
Speletid 9:50
Lånt lydbok BookBites

12 år etter at den fyrste boka Tysteren kom ut er Fjell klar med bok nummer ni om Anton Brekke. Serien har vore ein suksess; forfattaren har etablert seg som ein av landets beste og mest leste krimforfattarar og bøkene hans er oversette til fleire språk. Lista er såleis lagt høgt når ein skal ta til på den niende boka. 

Anton, no eks-kriposetterforskar, har det ikkje heilt greitt i denne boka. Han trivst ikkje som "navar", og når ei ung dame henvender seg til han om ei (muleg) uoppklart kriminalsak, tek han på seg eit slags privatdetektivoppdrag. Anton finn raskt ut at alt er ikkje slik som det skal vera i den aktuelle saka. Mykje tyder på eit justismord.
Magnus Torp, Anton Brekke sin "sidekick" i bokserien, jobbar parallelt med ei anna drapssak. Som lesar blir ein ikkje veldig overraska over at dei to sakene har ein samanheng.

Samspelet mellom Brekke og Torp er noko av det som gjer serien leseverdig. Dette samspelet og samarbeidet er etter kvart blitt betre og meir truverdig. Cassandra-saken er ei grei krimbok; lettlest, velskriven og med bra flyt. Enkelte overraskingar får ein også undervegs, og plottet er forståeleg og heng saman. Men eg saknar litt meir spenning, litt meir nerve.

Helge Winther-Larsen si lydbokstemme passar bra til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningkast 4+.

Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2022
298 sider
Lånt ebok BookBites

Lahlum sin retrokrimserie er no kommen til bok nummer 10 og året 1973. Kolbjørn Kristiansen, K2, har òg komme på kant med sin gamle arbeidsplass og har etablert seg som privatdetektiv. Oppdraga står ikkje akkurat i kø, men så får K2 (som Brekke) besøk av ei ung dame med ei heilt spesiell utfordring. Og som i boka over handlar det om at det truleg var feil person som vart pågripen og dømd i ei tidlegare drapssak. 

Denne serien er heilt annleis enn andre nye krimseriar, samstundes som serien er tru mot dei klassiske formlane innan kriminallitteratur. Her er det langsamt, puslespelaktig og omstendeleg - men slett ikkje uinteressant. 
K2 sitt kjærleiksliv og forholdet til Patricia er heldigvis litt meir neddampa denne gongen. Innimellom er K2 (og Lahlum) ufrivillig morosame; det er litt irriterande, men mest sjarmerande.
Eg ser på Søskenmysteriene som mellom dei beste bøkene i serien.
Terningkast 4.

7. november 2022

Haustlesing: Svensk seriekrim

Dei tre bøkene nedanfor er alle nummer to i serie. Er "den vanskelege andreboka" ein myte eller er det noko i det?

Synkehull av Tove Alsterdal
Gyldendal 2022
339 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer 2 i serien der den unge politietterforskaren Eira Sjödin er hovudperson. Handlinga er lagt til Nord-Sverige, så ein kan sei at det er svensk bygdekrim - eller nordkalott-krim.

Forfattarar som Åsa Larsson, Stina Jackson, Liza Marklund og Mikael Niemi, ja faktisk også Arne Dahl har alle skrive bøker med handling frå dei nordlegaste delane av Sverige, men den som sette landsdelen på krimkartet var Kerstin Ekman.
Somme har sagt at denne boka tydeleg er inspirert av Ekman og hennar Hendelser ved vann, men det er å dra det altfor langt. Vel har Tove Alsterdal ein god penn, men ho er ikkje på Ekman-nivå.

Alsterdal skildrar både personar, relasjonar, natur og miljø på ein levande måte, men det er veldig langsamt - til tider nesten stilleståande. Den fyrste boka Rotvelte er også langsam, men mangel på tempo er meir påfallande her. Det er naturleg og realistisk at ei drapsetterforsking går seint og står i stampe, men skal ein lesar halda på interessa gjennom ei heil bok bør handlinga ha ei viss framdrift. Det ligg likevel ei underliggjande spenning der - som stig mot ei dramatisk (men forventa) avslutning. Terningkast 4-.


Rottekongen av Pascal Engman
Gyldendal 2021
397 sider
Lånt papirbok privat

Denne forfattaren hadde gått "under radaren" for meg og eg gjekk rett på bok 2 i om Vanessa Frank. Den er overraskande bra; velskriven, velkomponert og med god framdrift. Hovudpersonen er kul og gjerningspersonane skikkeleg fæle.

Tematikken er ubehageleg: Det handlar om menn som hatar kvinner; såkalla incels. Det vil sei menn i ufrivillig sølibat og som føler seg oversett og avvist av kvinner - og som lagar seg eit digitalt nettverk.

Startar forrykande - sidan flatar det meir ut - men så dreg det seg til igjen mot slutten. Boka er samfunnsaktuell, spennande og engasjerande. Ho er lettlest med korte kapittel frå ulike perspektiv. Dei mange sidehistoriane vert fletta inn i hovudhistoria på ein oversiktleg og overbevisande måte. Terningkast 5-.


Lekene av Bo Svernström
Cappelen Damm 2021
Speletid 12:15
Lyd Storytel

Bok 2 om politietterforskar Carl Edson - men denne er egentleg ganske frittståande og kan lesast åleine. Enno eit ubehageleg tema som dessverre også er realistisk; barn som dreper barn - og som sannsynlegvis er uskuldige. 

Då Robert var 11 år gammal drap han sin jamngamle leikekamerat Max. Eller gjorde han det? Sjølv hugsar han ingenting av hendinga - men det har så klart prega han heile livet. Mange år etter vert han kontakta av journalisten Lexa som gjerne vil skriva om saka. Omlag samstundes vert ei ung jente funnen død i det same området som Robert har opphalde seg. Merkelege hendingar og mystiske tilfeldigheiter fører politiet til Robert - medan Robert, på si side, vert opprørt, sint og forvirra. Samstundes hugsar han meir og meir av det som hende den gongen for lenge sidan. Kan Lexa hjelpa han? Kan ho stola på han? Er Robert eit offer eller ein kaldblodig barnemordar? 

Lekene vart aldri så intenst spennande som den fyrste boka, Ofrenes offer, men det er så absolutt ein bra (men litt for lang) krimthriller. Eg likar at forfattaren kjem med nye innspel og overraskande tvistar undervegs. 
Haakon Strøm er ein god opplesar av lydboka. Terningkast 4+.

1. november 2022

Oppsummering oktober 22

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober: 
Hans Olav Lahlum - Søskenmysteriene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman - Rottekongen - Svensk krim - Lånt papirbok privat 
Tomm Kristiansen - Mørk safari - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Ned ned ned - Noveller - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Cassandra-saken - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tove Alsterdal - Synkehull - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja og ikkje fullført
Nina Lykke - Full spredning - Norsk roman  [avbraut]

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 biografi, 1 novellesamling
5 norske, 3 svenske
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Kristiansen, Engman (+ Lykke)

Høgdepunkta i oktober vart (noko overraskande) ei bok av ein (til no) ukjent svensk krimforfattar, ein biografi utgitt fyrste gong i 1998 og ei novellesamling frå 2004.

Rottekongen er nummer to i serie, men den fyrste eg har lest av Pascal Engman. Den ga meirsmak.
Eg hadde heller aldri lest noko av Tomm Kristiansen før, men kjenner godt til han som journalist og tidlegare Afrika-korrespondent. Mørk safari er biografien om Henry Stanley (han som kom med den velkjende replikken «Dr. Livingstone, I presume?») og er interessant, grundig, lærerik og velskriven. Samt godt opplest av forfattaren sjølv.
Den tredje boka som får terningkast 5 av meg denne månaden er novellesamlinga Ned ned ned av Levi Henriksen. Eg likar romanforfattaren Henriksen, men er enno meir begeistra for novelleforfattaren. I novellene i denne boka vert det fortalt om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Også denne lydboka vert lest av forfattaren.

Eg kan anbefala både Cassandra-saken, Synkehull, Lekene og De nakne, men tykkjer nok at både Fjell, Alsterdal, Svernström og Borge har levert betre ved tidlegare høve. Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum er mellom dei beste i retrokrimserien om K2 og Patricia, men eg kan likevel ikkje strekka meg lenger enn til terningkast 4+. 

Nina Lykke har gitt ut ny bok no i haust, og det har fått ei viss merksemd. Eg fann då ut at det var på tide for meg å lesa Full spredning - Brageprisvinnar i 2019. Eg var skeptisk på førehand, for norske samtids- og samlivsromanar er ikkje akkurat mi greie. Vel - eg gjorde eit forsøk, men det viste seg at skepsisen var på sin plass. Eg likte rett og slett ikkje den masete og klagande forteljarstemma/hovudpersonen og den dårlege humoren - så eg ga opp.

I november skal eg prøva å få litt meir liv i denne bloggen. Det har vore lite aktivitet dei siste månadene.
(Eg skriv dette her for å leggja litt press på meg sjølv)