7. januar 2018

Norsk på norsk 2017 oppsummert

Så var det gjort. Eg har sendt inn mine nomineringar til bokbloggerprisen 2017. Det var ikkje spesielt vanskeleg å plukka ut dei som eg ga stemme til. Eg nominerte 7 i roman/krim-klassen og 4 i open klasse.

Eg hadde ikkje planlagt å lesa så mange av fjorårets norske, men det er rart med det; nye bøker fengar - og ein vil jo gjerne lesa det som er nytt og aktuelt. Eg las 31; 25 i krim-/romanklassen (av dei 17 krim) og 6 i open klasse; 5 dokumentarbøker og ei novellesamling.

For meg var det gledeleg at førehandsfavorittane mine (Hoem, Larsen, Renberg, Nesbø, Damhaug) innfridde dei forventningane eg hadde, og eg er positivt overraska over at nye forfattarnamn har "meldt seg på".

I fjor skreiv eg eit blogginnlegg der eg "avslørte" dei bøkene eg hadde nominert til bokbloggerprisen 2016. Dette vart, om ikkje akkurat kritisert, så vart det i alle fall nemnt at ein ikkje burde gjera dette. Grunngjevinga var omsyn til spenninga i samband med publisering av langlistene. Vel - eg tek ikkje dette sååå alvorleg: Eg gjer det i år igjen - men på ein litt annan måte. Sidan eg les heilt andre bøker enn det "bokbloggarar flest" gjer, får ikkje mine nomineringar gjort noko utslag på verken lang- eller kortlister. Du finn verken Wassmo, Tiller, Flatland, Kjærstad eller Hjorth her i min oversikt. Her finst heller ingen diktsamlingar eller barnebøker - eller apebiografi. Eg held meg helst til det eg kan og likar, nemleg kriminallitteratur - men mine topp tre i romanklassen er faktisk ikkje krim.

Nedanfor gir eg ei kort vurdering av alle "mine" norske utgjevingar frå 2017. Dersom du ynskjer å lesa meir om dei enkelte bøkene, kan du klikka deg vidare til omtalar/samleomtalar. Eg har rangert bøkene omlag etter det leseopplevingane gav meg - samla sett og i ettertid. Dei beste på topp.

Roman/krim-klasse

 - Ingen over, ingen ved sidan. Edvard Hoem er i ein heilt eigen klasse med sine historiske dokumentariske romanar. Med den avsluttande boka i serien om folka i Rekneslia får han formidla kunnskap, stemningar, kjensler og verdiar - samstundes som han får fullført den slektshistoria han starta på med Heimlandet. Barndom. Hoem skriv på den måten han alltid gjer; høgtideleg og samstundes nøkternt. 

2. Britt Karin Larsen - Av lys er du kommet (Cappelen Damm)
 - Oppvekst-/erindringsroman; ei truverdig, sår og rørande forteljing der språk og stil er gjenkjenneleg frå Finnskogserien.

3. Tore Renberg - Skada gods  (Oktober) 
- Etterlengta gjensyn med Hillevågsgjengen; tredje avsnitt av Teksasserien er sprelsk og underholdande - og samstundes djupt alvorleg.

4. Jo Nesbø - Tørst (Aschehoug)
 - Neglebitande spenning og den beste norske krimboka i 2017. Nesbø er irriterande dyktig og held fast på fanskaren med stadig nye Harry Hole-eventyr.

5. Aslak Nore - Ulvefellen (Aschehoug)
 - Også ein svært bra kriminalroman. Nore slår Nesbø når det gjeld truverdigheit og skrivestil, men har litt å henta når det gjeld karakterar og spenningsoppbygging.

6. Torkil Damhaug - Glasshjerte (Cappelen Damm)
 - Stemningsfull psykokrimthriller, velskriven og perspektivrik.

7. Demian Vitanza - Dette livet eller det neste (Aschehoug)
- Dokumentarisk roman med eit spesielt forteljargrep. Boka gjorde inntrykk, spesielt sidan eg las To søstre omtrent samstundes.

Roy Jacobsen - Rigels øyne (Cappelen Damm)
 - Gripande, stillferdig og truverdig etterkrigshistorisk drama. Kan lesast åleine sjølv om det er bok tre i serie.

Jørgen Brekke - Avgrunnsblikk (Juritzen)
 - Elegant kriminalforteljing og spesielle karakterar i original innpakning.

Levi Henriksen - Her hos de levende (Gyldendal)
 - Biografisk roman. Godt fortalt, sjarmerande, litt uryddig.

Tom Egeland - Lasaruseffekten (Aschehoug)
- Fornøyeleg og velskriven kodekrim, men den uavklarte avslutninga trekker ned heilskapsinntrykket.

Lars Mæhle - Den stille flokken (Samlaget)
 - Nynorsk krim med viktig tematikk. Krimgåta kjem litt i bakgrunnen.

Frode Granhus - Forliset (Vigmostad Bjørke)
 - Stemningsfull og gåtefull historie. Den siste lofotkrimmen frå Granhus, dessverre.

Øystein Wiik - Dødsrytteren (Aschehoug)
 - Sprelsk underhaldningskrim, mest for fansen.

Rune Timberlid - Blodhemn (Selja)
 - Nynorsk bygdekrim med aktuelle problemstillingar.

Jørgen Jæger - Guden (Juritzen)
- Omfattande persongalleri, men likevel enkel og lettlest.

Hans Olav Lahlum - De fems tegn (Cappelen Damm)
 - Langsamt, men ganske interessant om ein heilt spesiell hevnaksjon.

Agnes Lovise Matre - Skinnet bedrar (Gyldendal)
 - Enno ein bygdekrim; underhaldning med alvorlege undertonar.

Asbjørn Jaklin - Hvite løgner (Vigmostad Bjørke)
 - Spionkrim/journalistkrim med interessant bakgrunns-/parallellhistorie. Ikkje så bra avslutning.

Øistein Borge - Det som aldri dør (Font)
 - Krim frå uvant miljø og interessant bihistorie.

Merete Junker - Vannmannen (Gyldendal)
 - Grei og lettlest, truverdige personskildringar, litt for mykje vekt på trivialitetar.

Jan Boris Stene - I djevelens klør (Vigmostad Bjørke)
 - Skikkeleg gammaldags kriminalmysterium. Kort og grei - men likevel langdrøy.

Anne B. Ragde - Liebhaberne (Oktober) 
 - Framhald av Berlinerpoplene-suksessen og ei bok me kunne klart oss forutan.

Geir Tangen - Hjerteknuser (Gyldendal)
 - Frekt, freidig og flytande. Lettlest og lettgløymt.

Frode Eie Larsen - På overflaten flyter vannliljene (Liv)
 - Fin tittel, tynn historie.


Open klasse


1. Monica Kristensen - Amundsens siste reise
 (Press)
 - Biografisk og polarhistorisk dokumentar, velskriven og spennande.

2. Cecilie Hellestveit - Syria - en stor krig i en liten verden (Pax)
 - Informativt, oversiktleg og lærerikt om bakgrunnen for og utviklinga av borgarkrigen i Syria.

3. Katrine Sele - Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (Samlaget)
 - Enkelt og til ettertanke om den vanskelege situasjonen menneske i mottak er i.

4. Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl - Gleden med skjeden (Aschehoug)
 - Informativt, sakleg, grundig og humoristisk om underlivet.

Knut Nærum (Red.) - Sommerkrim 2017 (Cappelen Damm)
 - Heilt grei samling med nyskrivne kriminalnoveller av både etablerte og nyare krimforfattarar.

Fredrik Larsen Lund - Norske utposter (Vega)
 - Historisk dokumentar: Om norske utvandrarar utanfor USA. Interessant, men litt for detaljert og omfangsrikt.

12 kommentarer:

  1. Njaa,skulle vel gå greit å si hva en har stemt på for de som ønsker det.Husker jeg gjorde det de første årene. Om jeg ikke husker feil så er det vel rundt 50 bloggere som har pleid å nominere til BBP og så lenge ikke alle 50 legger ut innlegg om hva de har stemt på og hvilken rekkefølge så blir det vel omtrent umulig å spå noen langliste på forhånd.

    Jeg har lest og stemt på èn av "dine"- Jølster Hotell. Ellers har jeg ikke lest noen av disse - ennå. Edvard Hoem sine bøker har jeg planer om å begynne på nå ganske snart og jeg har heldigvis de to første bøkene i den serien liggende.

    Har også lyst til å lese serien til Tore Renberg, samt flere av krimbøkene faktisk. Kanskje 2018 blir året jeg leser mer krim enn det jeg gjør?

    Fin liste du hadde her og kjekt at du utdypet hvorfor du har stemt på de ulike bøkene. Det blir spennende å se hvilke bøker som kommer på listen i morgen.

    Ha en fin søndag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser den; dersom alle hadde gjort som meg ville det ikkje blitt noko spennande. Men det skjer ikkje.
      Berre ei felles bok altså; det betyr at det blir utgitt bøker i alle sjangrar og for alle typar lesesmakar. Eg har av og til ei kjensle av at det kjem ut FOR mange, men sidan smaken er ulik er det vel greit?

      Slett
    2. Jeg kjefter i alle fall ikke på nomineringsavsløringer. Tenker det er litt av gamet. I stedet for å luske rundt i korridorene og påvirke i det skjulte, må vi da kunne bruke den kanalen som faktisk er helt unik for oss.

      Og hvordan skal da våre favoritter stemmes frem om vi ikke klarer å påvirke andre som nominerer?

      M'æj, langt verre med de bøkene ingen har skrevet om, men likevel kommer på listen.

      Slett
    3. Det må vera heilt greit å påvirka der ein kan; på eigen blogg og i andre sine kommentarfelt.
      Men eg tykkjer det er artig med overraskingar. Ingen kunne vel forutsei korleis langlista skulle sjå ut - og eg forventar å bli overraska av kortlista óg

      Slett
  2. Jeg synes heller ikke det gjør noe at du og andre for den saks skyld legger ut hva dere har stemt. Spenningen er like stor uansett for min del, siden absolutt ikke alle gjør det, dvs få gjør det og mange stemmer på bøker de ikke har blogget om også, som i fjor da da den om 60 damer overrasket stort.

    Btw- jeg har faktisk kun stemt på to av dine nominerte; Vitanza og Damhaug. Rekkefølgen er hemmelig. Ellers har jeg faktisk ikke lest noen av de andre du har nominert. Ser at en del har lest Hoem, så kanskje den havner på langlista?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein del som ikkje ytrar noko spesielt om bøkene dei stemmer på, på førehand. Litt rart, men slik er det.
      Eg trur det er for få som har lest Hoem - boka kom ut seint på året.

      Slett
    2. Og som er det vel også som du sier at det er del av en serie.. Men det gjelder også Renberg, og han kom med. Så det er aldri lett å vite..

      Slett
  3. Yes, da er vi to som har Hoem først. Har i åpen klasse nr 2 og 3 som deg.
    Jeg har ikke tenkt å legge ut mine valg, men det er greit at andre gjør det!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vart som eg trudde; Liv andre har levd kom ut for seint på året til å bli nominert av mange nok. Dessutan er det bok nummer fem i serie, og difor også lite aktuell. Overraskande at Skada gods kom på langlista, men den kjem nok ikkje blant dei tre som går vidare, trilogiavsluttar som den er. Den boka er den einaste eg har lest av langlistebøkene.

      Lista er absolutt ikkje etter min smak, men eg er verken skuffa eller vonbroten for det. Ikkje no lenger, sidan det er femte gongen og eg har omsider skjønt at min lesesmak ikkje er representativ for dei fleste bokbloggarar. Det er óg heldigvis heilt frivillig om ein vil vera med på samlesing. Eg skal heilt sikkert lesa Grensen, truleg kjem eg til å lesa Berge når eg føler tida er inne - og kanskje Tiller. Flatland er god, men denne boka fristar ikkje. Det gjer heller ikkje dei øvrige i open klasse.

      Slett
    2. Søren at jeg ikke fikk pushet meg selv til å lese Hoem. Er den i samme stil som øvrige av hans bøker, ville jeg nominert den høøøøyt opp på listen.

      Vel, vel. Mye av det unike med "vår" pris er uansett det å kunne løfte frem litt mer ukjente bøker og forfattere.

      Slett
  4. Synes det er spennende med listeavsløringer, og selv om det ikke hadde vært like spennende hvis alle 50 hadde gjort det samme, hadde jeg likt det likevel. Er for å påvirke der man kan, både i korridorer, kommentarfelt og diger uthevet font på blogg. All luft og moro ville gått ut av ballongen hvis ikke.

    Jeg trodde faktisk vi leste mer likt enn listene dine viser. Kun lest Vitanza og Renberg av hele norskestallen din. Nominerte kun Vitanza. Skulle gjerne hatt han inn på langlista. Gjorde som deg med Hoem, satte Øen øverst, selv om jeg vet at ingen hadde lest, but me. Måtte bli sånn, men tenker i ettertid (som jeg gjør hvert år) at mer taktikkeri nok hadde skaffet meg ei mer likandes liste. Lite ikke Berge og syntes både Flatland og Renberg var mehh.

    Liker Åpen Klasse bedre. Den boka jeg er mest lei meg for å ikke ha lest er Amundsen. Tror den kunne gjort det bra med et 2-3 lesere til, er mange polarbioelskere blant bokbloggerne.. Og, Juliusboka er fin altså, har mange lag og er ikke noe tv-seriefeiring, om noe er den kritisk til storparten av valgene som ble tatt i Julius' barndom.

    (psstt, biokategoriene er ute, you've been hired)

    SvarSlett
  5. Eg plukkar ut dei bøkene eg les ut frå interesse og magefølelse. Når det skal nominerast er eg visst verken lur eller taktisk, og det hadde ikkje nytta heller. I forhold til andre bokbloggarar har eg ofte ein sær lesesmak.
    Eg kunne/burde reklamert meir for Amundsen rundt omkring. Las den i sommar og skreiv ein positiv omtale - og så stoppa det der.

    Julius er (førebels) ikkje min tekopp. Men eg veit aldri heilt kva eg kjem til å lesa i samband med biosirkelen, så..

    SvarSlett