1001-bøker

Bok-/oppslagsverket 1001 bøker du må lese før du dør inneheld ei kronologisk oversikt over bøker og forfattarar som bør lesast - medan ein lever. Etter at boka kom ut fyrste gong i 2006 (norsk utgåve 2007) har det blitt gjort fleire endringar og revideringar på lista, slik at ho no faktisk inneheld ein heil del meir enn 1001 bøker. Lista er ein guide og ein inspirasjon for framtidig lesing.

Bilderesultat for bøker
Sjølv har eg ikkje lest så mange 1001-bøker. Eg hadde fleire negative opplevingar med tvangslesing då eg gjekk på vidaregåande (for omlag hundre år sidan) som eg fortsatt slit med og som gjer at eg avskyr føler sterk motvilje mot såkalla klassikarar. Men det er klart - på ei såpass omfattande liste finst det lesestoff for einkvar lesesmak og bokelskar. Forholdet mitt til klassikarane er elles noko eg "jobbar med". Mange finst i lydbokformat, og lytting til bøker er jo noko som eg normalt trivst med.

Mange bøker frå 1001-lista er veldig kjende, - og då eg las nedover på lista fekk eg liksom ei kjensle av at eg hadde lest fleire - men har komme fram til at eg berre kjenner til bøkene (det gjeld t.d. 1001 natt, Den siste mohikaner og American Psycho, og alle har sjølvsagt høyrt om Sult og Markens grøde av Hamsun, Forbrytelsen av Dostojevskij og Krig og fred av Tolstoj). Andre har ein kanskje sett TV-serie- og filmversjonar av (som Anna Karenina, Forsyte-sagaen, Intet nytt fra vestfronten og Ondskapens hotell).

Heile lista kan lesast på denne nettsida, og i tillegg kan ein finna fine oversikter på bokbloggane My first, my last, my everything (som også arrangerer 1001-lesesirkel) og Betraktninger.
Nedanfor er dei 1001-bøkene eg har lest, i omlag korrekt kronologisk rekkefølge av når dei utkom fyrste gong. 36 av 1001 bøker, som då tilsvarar omlag 3,6 prosent, er veldig lite. Eg håpar eg får leva lenge slik at eg får lest mange fleire - men har på ingen måte planar om å lesa alle. Livet er for kort til å lesa bøker som ein ikkje likar.. 

  1. En julefortelling - Charles Dickens (lest 2015)
  2. Jane Eyre – Charlotte Brontë (lest fleire gonger i tida 1975-85)
  3. Stormfulle høyder – Emily Brontë (lest ca. 1976, gjenlest i 2016)
  4. Onkel Toms hytte – Harriet Beecher Stowe (lest mange gonger i tida 1972-76)
  5. Huckleberry Finns eventyr – Mark Twain (lest ca. 1975)
  6. Dracula – Bram Stoker (lest ca. 1980)
  7. Sherlock Holmes’ eventyr – Sir Arthur Conan Doyle (lest fleire gonger, fyrste gong ca. 1982)
  8. Hunden fra Baskerville – Sir Arthur Conan Doyle (lest fleire gonger, fyrste gong på 1980-talet, sist i 2014)
  9. Kristin Lavransdatter – Sigrid Undset (lest ca. 1982)
  10. Doktoren mister en pasient – Agatha Christie (lest ca. 1980)
  11. Malteserfalken – Dashiell Hammett  (lest 2015)
  12. Dødsklokkene – Dorothy L. Sayers (lest ca. 1985)
  13. Tatt av vinden – Margaret Mitchell  (lest ca. 1990)
  14. Rebecca – Daphne du Maurier  (lest eit par gonger på 1980-talet)
  15. De dødes tjern – André Bjerke (lest fleire gonger, fyrste gong ca. 1976, gjenlest på nytt i 2016)
  16. Den lille prinsen – Antoine de Saint-Exupéry (lest mange gonger, fyrste gong ca. 1995)
  17. Pippi Langstrømpe – Astrid Lindgren (lest mange mange gonger, fyrste gong 1967!)
  18. En by som Alice – Nevil Shute (lest 2014)
  19. Det lange farvel – Raymond Chandler (lest ca. 2005)
  20. En dag i Ivan Denisovitsjs liv – A. I. Solzjenitsyn (lest 1978)
  21. Spionen som kom inn fra kulden – John le Carré (lest ca. 1984)
  22. Bestialitetens historie – Jens Bjørneboe (lest 2014 og 2015)
  23. Sommerboken – Tove Jansson (lest 2014)
  24. Jeg tør ikke fly – Erica Jong (lest  ca. 1980)
  25. Den usynlige spion – John le Carré (lest ca. 1984)
  26. Rosens navn – Umberto Eco (lest ca. 2005)
  27. Huset med den blinde glassveranda – Herbjørg Wassmo (lest ca. 2003)
  28. Åndenes hus – Isabel Allende (lest ca. 1986)
  29. Beatles – Lars Saabye Christensen (lest ca. 1990)
  30. Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede – Jan Wiese (lest 2014)
  31. Morder uten ansikt – Henning Mankell (lest ca. 2002, gjenlest i 2016)
  32. Kafka på stranden – Haruki Murakami (lest 2013)
  33. Vindens skygge – Carlos Ruiz Zafón (lest 2011)
  34. Berlinerpoplene – Anne B. Ragde (lest ca. 2005)
  35. 1Q84 – Haruki Murakami (lest 2013)
  36. Pinnsvinets eleganse - Muriel Barbery (lest 2015)

2 kommentarer:

  1. Hvis du ikke har lest «Doktoren mister en pasient» på 40 år, anbefaler jeg å gjøre det på nytt. Har du like dårlig hukommelse som jeg, husker du ikke slutten... Dessuten er det et godt eksempel på hvilke grøss Agatha Christie klarer å frembringe uten å ta til dagens virkemidler...

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er muleg du har rett; at eg bør lesa boka på nytt. Godt tips.
      Eg hugsar ikkje detaljane, men eg hugsar faktisk den svært overraskande avslutninga og at det handla om ei "upåliteleg forteljarstemme".

      Slett