Sider

18. juni 2013

Danske forfattarpar på vent

Vert ei bok dobbelt så god om det er to forfattarar?

Tja. Mange skandinaviske forfattarpar har i alle fall hatt stor suksess dei siste åra, ein kan faktisk sjå det som ein trend. Det er sikkert mange fordelar med å samarbeida - to hovud tenkjer vel betre enn eitt? Ein kan i alle fall kasta idéar fram og tilbake til kvarandre, utfylla kvarandre og ha ein diskusjonspartnar gjennom heile skriveprosessen.

Svenskane har lang tradisjon med krim skrivne av forfattarpar; tenk berre på Maj Sjöwall og Per Wahlöö og serien om Martin Beck. Nyare svenske forfattarteam innan krim er Lars Kepler, Roslund & Hellström, Grebe & Treff, Eriksson & Sundquist og Hjorth & Rosenfeldt. Eg vil rå alle kriminteresserte i å sjekka ut desse para og bøkene deira.

Akkurat no har eg tre krimbøker frå danske forfattarpar liggjande på vent:

Ensomme hjerter av Lotte og Søren Hammer
Lotte og Søren Hammer er søsken og er utdanna hhv sjukepleiar og førskulelærar. Bok nummer tre i serien som handlar om førstebetjent Konrad Simonsen og staben hans ved drapsavsnittet på Politigården i København, har eg lånt på biblioteket. Dei to føregåande bøkene i serien har titlane Udyr og Demonen som gråt. Bøkene er sjølvstendige og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk - men som alltid er det ein fordel å byrja på den fyrste boka i ein serie. Greie, spennande og lettleste bøker.

Nattergalens død av Lene Kaaberbøl og Agnete Friis 
Tidlegare har eg lese Gutten i kofferten og Et stille umerkelig drap, og her er tredje bok i serien om Nina Borg. Denne serien er også spennande å følgja med på.

Den siste gode mann av A. J. Katzinski 
Dette vert eit nytt bekjentskap, eg har aldri lese noko av desse forfattarane før. A. J. Katzinski er pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. Dei innleia samarbeid for å laga ein film, men så vart det bok i staden. Det har også blitt ei bok nummer to frå A. J. Katzinski; Søvnen og Døden.




Boken på vent er boktema hos Beathe og bloggen beathesbokhylle.
Klikk deg inn her og du finn mange fine ventebøker og gode boktips!




PS.

Eg klarar ikkje å komma på så mange norske krimbøker skrivne av forfattarpar: Søskenparet Anne og Even Holt skreiv boka Flimmer saman, og to av bøkene i Hanne Wilhelmsen-serien skreiv Anne Holt saman med Berit Reiss-Andersen.
Nils Nordberg og Klaus Hagerup samarbeidde om krimromanen Siste akt.
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden skriv nynorsk krim: Evig skal døden vera og Døden kjem med bussen.
Er det nokon som veit om fleire?

10 kommentarer:

  1. Det er interessant dette og det er nok en grunn for at de har valgt det slik. Har ikke lest noen av disse bøkene men flere du nevner ligger i ventebunken. Visste ikke at det var flere forfattere bak:Den siste gode mann. Ensomme hjerter er på ønskelisten min og andre har jeg notert meg. Tusen takk for mange gode tips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same, ha ein fin tysdag :-)

      Slett
  2. Artig at jeg i dag kunne gi deg et forfatterpar du ikke hadde på listen din. Kaaberbøl og Friis har jeg lest, men ikke de andre. Også Kepler da, selvfølgelig :)
    Ha en strålende tirsdag! Jeg er i gang med å bake rabarbrapai til middag(!) Vi skal grille med klassen til Sondre senere, så det blir dessert først, og middag senere i dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja tuusen takk for eit godt tips om eit for meg ukjent forfattarpar.

      Ha ein fin dag, og nyt middagen/desserten. Eg er på jobb, men snik meg til litt bloggkommentering innimellom - ikkje sei det til nokon ;-)

      Slett
  3. Her var det jo mye bra, fikk meg mange gode tips siden jeg ikke hadde lest noen av isse:)Den siste gode mann har jeg snust en del på i det siste, den høres så bra ut og jeg tror den er god. Flott innlegg!
    Ønsker deg en flott dag!

    SvarSlett
  4. Vet ikke om flere norske par. Nordmenn er vel mer individualistiske.;)
    Kazinsky har jeg fortsatt lyst å lese etter at jeg leste gode omtaler av den siste mann en gang..Fin dag til deg.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje norske forfattarar hadde hatt noko å henta på samarbeid? Den siste mann skal eg lesa i løpet av næraste framtid, trur eg.

      Slett
  5. Nei, jeg kjenner ikke til noen flere. Og kun til noen av de du nevner. Der har du nok "stålkontroll" ift til meg. At Nordberg og Hagerup har skrevet en roman sammen - det var interessant. Kroken og Kolden, det kunne jeg tenkt meg å lese. Husker vel at du skrev om deres romaner...

    SvarSlett
    Svar
    1. Kroken og Kolden kan anbefalast. Grei krim. Boka til Nordberg og Hagerup hadde for mykje henvisingar til teaterstykke - for meg. Eg datt litt av lasset fordi eg ikkje hadde all den kunnskapen "inne".

      Slett