Søndag betyr eit besøk innom bloggen til Mari, Flukten fra virkeligheten for å sjå kva andre bokbloggarar byr på av smakebitar frå bøkene dei les. Som regel plukkar eg med meg eit tips eller fleire når eg er innom spalten En smakebit på søndag.
Inferno på hytteterrassen.. |
Eg les Inferno. Dan Brown er attende slik som eg likar han. Professor Robert Langdon med vakkert og genialt kvinneleg reisefølge - heseblesande på leit - og på flukt - rundt omkring i kunst- og kulturbyar, denne gongen er handlinga lagd til Firenze, Venezia og Istanbul. Historia liknar på Da Vinci-koden og Engler og demoner, - så eg storkosar meg :-)
Turistinfo og konspirasjonsteoriar. Kunsthistorie og symbolikk. Mellomalderlitteratur og hemmelege dørar. Skjærseld og helvetes pinsler. Alt i ei einaste graut av ei bok, - men dette er stor underhaldning!
Til høgre ser du eit glimt frå side 298 i boka.
Klikk på biletet så vert det såpass stort at du kan lesa teksten. Om du då orkar å lesa teksten som går rundt og rundt og rundt..
Artig smakebit. Ser frem til å lese denne.:)
SvarSlettJag fick denna när jag fyllde år, men har inte läst den än.
SvarSlettDenne har jeg skikkelig lyst til å lese :) Den virker kjempespennende!
SvarSlettOj, det var vanskelig å lese! Interessant at det er benyttet en slik teknikk i boken.
SvarSlettGleder meg sånn til å starte på denne:) Fint bilde!
SvarSlett