Sider

28. desember 2013

Oppsummering leseåret 2013. Tørre tal.

Desse tørre tala har vel noko avgrensa interesse. Eg har laga dette innlegget mest for min eigen del.

128 bøker er lest til no i 2013. Eg reknar med å få høve til å lesa ferdig dei to bøkene eg driv med før me seier Godt nytt år, så det endelege talet kjem altså til å bli 130. Eg har skrive bokomtalar om 62 av desse.

Sjanger
80 krim/thriller/spenning
6 dokumentar/biografiar
7 humor/satire
9 novellesamlingar
Resten er annan skjønnlitteratur og det eg kallar vanlege romanar.
Av desse igjen er det 2 1001-bøker.

0 klassikarar
0 fantasy
0 sci-fi
0 barne- og ungdomsbøker
0 lyrikk
(...så her er kanskje litt å utfordra seg sjølv på i tida som kjem?)

Nasjonalitet 
63 av bøkene er av norske forfattarar
23 er svenske
Resten er danske, britiske og amerikanske, -
-  i tillegg har eg lese bøker av ein japansk, ein iransk, ein palestinsk, ein spansk, ein australsk og ein cubansk forfattar.

Kjønn (forfattarar)
50 kvinnelege
87 mannlege
(nokre av bøkene har forfattarar av begge kjønn)

Forfattarar
79 ulike
Eg har lese 5 bøker av Agatha Christie
5 av Haruki Murakami (dersom ein reknar 1Q84 som tre bøker)
4 av Arne Dahl
3 av Helga Flatland
3 av Britt Karin Larsen
3 av Mo Hayder
3 av Gillian Flynn
3 av Birger Baug
Alle dei andre har eg då lese 1 og 2 bøker av. Novellesamlingar med fleire ulike forfattarar har eg ikkje teke med her.

Karakter - Terningkast 
  3  har fått terningkast 6
47 har fått terningkast 5
69 har fått terningkast 4
10 har fått terningkast 3
  1 bok fekk terningkast 2
og ei bok vart avbrutt, utan noko terningkast.

Format
53 lydbøker
3 ebøker
Resten - 74 - papirbøker, innbundne og paperback

Kjøpt/lånt/fått
37 kjøpt/fått og frå hylla mi
21 lånt av familie
59 lånt på bibliotek
13 lese-/lytte-eksemplar

Les også: Leseåret 2013 frå A til Å

7 kommentarer:

  1. Jøss, vi har lest like mange. Jeg telte opp i går og kom til 127, men så husket jeg en hadde jeg glemt og det var Harens år, og da blir det 128- men jeg blir ferdig med i alle fall to til før året er over, tenker jeg...

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig. Berre ein ting å sei: Jøss ;-)

      Slett
    2. Jeg sa visst feil til deg, ang antall. Jeg dobbeltsjekket, og det var 123- så langt, du leder.;)

      Slett
  2. Litt av en statistikk du kan servere oss, lager du den etterhvert, eller har du sittet oppe i hele natt og studert? Selv om du skriver dette mest for deg selv, så synes jeg faktisk det er gøy å lese andres oppsummeringer, blir stadig vekk inspirert av deg og andre bloggere.
    Jeg har "funnet" ungdomsbøker og novellesamlinger i år, så det skal jeg lese mer av. Må bli flinkere å legge fra meg bøker som ikke fenger, selv om jeg har fått dem av forlag, og føler meg litt forpliktet til å skrive om dem. Gleder meg til å følge deg i 2014. Ha en koselig lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same. Eg kjem til å halda fram med å følgja dei eg føler eg er blitt "kjent med" gjennom blogginga dette året.
      Enig i at det er morosamt å lesa korleis andre oppsummerer leseåret sitt. Mitt statistikksnakk er gjort på ein enkel måte. Eg tok rett og slett ein utskrift av sida 'Bøker lest i 2013' - og deretter talde eg - og noterte meg tala på dei enkelte "områda".

      Slett
  3. Du er en skikkelig krimleser, ser jeg. Hvis du blir med på nomineringer og ferden framover på bokbloggerprisen så vil du få smake på andre sjangere også. Det skal jeg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal eg òg :)
      Eg skal nominera og vera så aktiv eg kan. Spennande!

      Slett