Juritzen 2014
479 sider
Lånt på biblioteket
I løpet av kort tid skjer fleire dramatiske ting i Fjellberghavn. Eit barnelik vert funne på fjellet, ei død kvinne vert funne drivande i sjøen og under eit grovt ran vert ein vektar skoten og drept. Lensmann Ole Vik er framleis sjukmeld etter all dramatikken i Stemmen, og Cecile Hopen får mykje å hanskast med.
Dette er bok nummer 7 i Jørgen Jæger sin krimserie. Boka fekk ei viss merksemd og oppslag i VG for ei tid tilbake fordi forfattaren (mis)brukar ein viss nolevande verkeleg person som han skriv inn i handlinga - nemleg Jens Stoltenberg. Den tidlegare statsministeren vert i boka beskulda for både valdtekt og drap!
Eg er enig i dei som finn akkurat dette påfunnet usmakeleg. Sidan Jæger har dikta opp staden der mesteparten av handlingane utspelar seg; Fjellberghavn, kunne han godt brukt ein fiktiv statsminister også, meiner eg.
Eg tykkjer Ridderkorset er liksomspennande og liksomdramatisk og at dette er eit tilbakesteg i forhold til den forrige boka, som ikkje var så verst. Forfattaren gjer eit forsøk på å gjera boka realistisk og samfunnsaktuell, men lukkast ikkje særleg godt med forsøket. Eg finn det også irriterande med alle detaljar og uvesentlegheiter og med at forfattaren overforklarar. Enkelte ting kan og bør overlatast til lesaren sjølv! Eg vert litt frustrert når eg ser løysingane lenge før etterforskarane gjer det.
Persongalleriet er oversiktleg og språket flytande, - men spenninga er dessverre fråverande. Det er forutsigbart, klisjèfylt og handlinga er prega av dei tidlegare nemnde uvesentlege detaljane som gjer at historia får dårleg framdrift. Hovudpersonane Cecilie og Bernhard framstår for meg som "uekte" trass i at forfattaren gjer dei kvardagslege og gjerne vil ha lesaren til å "tru på" dei.
Ridderkorset har fått god mottaking frå både lesarar og anmeldarar, så nok ein gong føler eg meg både slem og sær sidan eg er så "lunken". Boka er ikkje direkte dårleg, men er heller ikkje så veldig god. Skal eg vera ærleg - og det skal ein jo - er eg ikkje så begeistra for bøkene til Jæger. Likevel har eg faktisk lest alle saman. Uforståeleg, også for meg sjølv.
Eg vil rå Jørgen Jæger til å friskmelda Ole Vik og heller ta fram att det meir kosekrim-aktige som prega dei fyrste bøkene i serien. For sjølv om eg heller ikkje likar at det er for koseleg, vil eg heller ha kos enn krampaktig liksomrealisme.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar