Lydboka for tida er Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker - her er eg godt over halvveges i lyttinga, men har fortsatt att vel ni timar; denne tek si tid - ho varer i over 21 timar. Omtale kjem, eg er alt byrja å formulera eit innlegg inne i hovudet mitt.
På nattbordet ligg Et helt halvt år av Jojo Moyes; ei bok eg var småskeptisk til - eg trudde ikkje dette var min type litteratur, men eg likar ho ganske godt så langt. Boka er på nesten 500 sider, men er veldig lettlest.
Via ebokbib har eg lånt Karsten Alnæs sin murstein 1814: Miraklenes år. Eg er både samfunnsengasjert og historieinteressert, - men må tilstå at eg har store hol i kunnskapen min. I samband med 200 års-jubileet følte eg at eg hadde behov for litt "historieundervisning", og difor er det flott at det finst slike kunnskapsrike menneske som Alnæs - som formidlar innfløkt historisk bakgrunnsstoff og store politiske hendingar på ein lettfatteleg måte.
På hytta har eg hatt Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet - Johan Harstad sin roman frå 2005 liggjande leeenge. Dette er også ein murstein (640 sider) og var den aller fyrste eg presenterte som ventebok i "Boken på vent" hos Beathe. Det skjedde i november 2012 - og alt då hadde eg hatt boka i hylla ei tid. Men altså - no har eg byrja på boka - endeleg! I helga har eg lest den fyrste delen, og eg veit eg alt no at eg kjem til å storkosa meg med denne spesielle romanen. Eg likar det kvardagslege, underfundige og tragikomiske i historia - og ikkje minst - at boka kan/bør lesast sakte.
Om du har lyst til å sjå kva bøker andre bokormar og lesehestar har på vent, ta ein titt innom Beathes bokhylle!
Hytta vår 11.05.2014. Vinteren er i ferd med å sleppa taket. |
Helt idyllisk bilde! Må være herlig å ha hytte på en slik fin plass. Det virker som du har mange fine på gang. Jeg har kun lest "Et helt halvt år" av disse, og en annen som er på vent. Alnæs sin bok kunne jeg tenkte meg og lese også, så greit å bli minnet på den. Kos deg med lesingen og av og til er det godt med en liten pause fra bloggingen. Ha en fin kveld:-)
SvarSlettJa, her er det fint og fredeleg. Skuldrane kjem ned på plass med ein gong eg kjem hit.
SlettEinig med deg - finaste årstida! Sjølv har eg "lesesperre", i hovudsak pga. hektisk hage- og drivhusaktivitet. Vi har jo så strålande ver her i Sunnfjord om dagen, og eg reknar med at Sogn er minst like bra. Nyt dagane og bøkene :-)
SvarSlettJepp. Veret er bra her òg, så då må ein berre nyta dagane. Eg brukar ofte å lytta til lydbøker medan eg driv med hagearbeid - luking og raking går som ein leik med bok på øyret.
SlettSå kjekt å se deg igjen :) Å for en fin hytte dere har, her er det sikkert godt å trekke seg tilbake. Gleder meg til omtalen din av Harry Quebert-saken. Et helt halvt år har jeg også lest, og husker at jeg forbauset meg selv når jeg likte den så godt. Tusen takk for fin kommentar hos meg. Har noe som skulle vært publisert, men jeg kjenner på at jeg kvir meg litt, etter dette. Det løsner nok plutselig :)
SvarSlettEg har nettopp høyrt ferdig boka og har starta på omtalen av Harry Q., reknar med den skal publiserast i løpet av morgondagen. Ei spesiell bok som eg vart imponert over.
SlettNår det gjeld den sure og bitre kommentaren du fekk: Gløym det! - men eg skjønnar at du tykkjer det er ubehageleg. Trur likevel det er best å gi blaffen i slike utsagn.