Opplesar: Anders Hatlo
Speletid: 6 t 11 min
Dette er ei svært spesiell bok som eg likte godt. Her får ein filosofi og vitenskap, mystikk og fantasi, samt religionskritikk og miljøproblematikk - alt i velkjend Nygårdshaug-stil.
Klokkemakeren er ei bok som må "opplevast" - for det går nesten ikkje an å sei kva ho handlar om. Det er forresten nettopp utgitt ei oppfølgingsbok (eller parallellroman) som det skal bli spennande å ta ein nærare titt på, nemleg Nøkkelmakeren.
Hovudperson er femte generasjons urmakar Melkior Mussenden, kalla Melk. Han lever eit roleg og regelmessig liv der han bur i ein fredeleg og anonym liten landsby i eit namnlaust land ein stad i Europa, saman med kona Mathilde, kalla Matte. Ein morgon er landsbykyrkja plutseleg borte - i staden er der eit digert hol i bakken. Dette vert starten på ei underleg Ny Tid for innbyggjarane i landsbyen. Dei enkelte si Tid oppfører seg ulikt - alle vert "isolerte" i sine eigne tidsbobler; alle har - over natta - fått si eiga individuelle tidsrytme.
"Tiden er ikke rund eller firkantet, ingen strek eller linje, har ingen begynnelse eller slutt, men er bare luften du puster inn og ut."Den Tida omverda forheld seg til er heilt annleis; den store avgrunnen i bakken der kyrkja sto har forstyrra klokkene, døgnet, kalendaren - men berre i denne vesle landsbyen. For Mussenden vert det heile fortvilande og forvirrande. Tidlegare har dei 49 veggura hans ringt kvar heile time i ei viss rekkefølgje - men no ringjer dei til alle døgnets tider. Klokkene held ikkje lenger styr på Tida! Kona Mathilde lever i ei anna tidsboble og til ein annan døgnrytme - Melkior er lys vaken når Mathilde søv. Vertshuset i landsbyen serverer frokost/lunsj/middag - døgnet rundt - fordi gjestene har sine individuelle behov for søvn og mat.
Herr Mussenden mottek også fleire mystiske brev med uforståeleg innhald. I tillegg handlar boka m.a. om landbrukspolitikk, kornsirklar, dvergar, mayakalenderen, døgnfluesyndromet, elektriske gjerder, matematikk, genever og rugbrød med fleskepølse. Og om Tiden - med stor og liten T.
Forvirrande? Javisst! - og fascinerande! - og morosamt!
Forfattarskapet til Gert Nygårdshaug er omfattande og originalt. Han har som nemnd sin eigen stil og går sin eigen veg - til lesaren si overrasking/begeistring/fortviling, alt etter som.
Klokkemakeren er merkeleg og forunderleg, ulikt det meste eg har lest tidlegare. Slutten er også rar, men noko anna var vel heller ikkje å venta. Eg klarar ikkje heilt å følgja forfattaren i alle dei filosofiske/magiske/absurde krumspringa hans, og mistar litt av tråden og konsentrasjonen innimellom - men likevel -
den Tida eg har brukt på denne boka var slett ikkje bortkasta Tid!
Opplesar Anders Hatlo derimot - han burde kanskje teke seg litt meir tid til førebuing til opplesinga av denne boka. Tidvis er det nemleg ganske nølande og hakkete opplesing, men Hatlo tek seg inn att på skodespelartalentet sitt. Det skal òg nemnast at Nygårdshaug sitt språk, med alle dei laaange setningane, nok er ein utfordring for opplesaren.
Jeg leste denne tidligere iår. 2014 er mitt Nygårds-år.
SvarSlett, og er enig om at den er svært forvirrende. Tid er vanskelig nok som det er og jeg måtte legge fra meg kravet om å forstå før jeg kunne dure videre i krimfart.
Han er god Gert!
Ja, Gert er fin. Fantasifull, underhaldande og kontroversiell. Dersom ein skal prøva å _forstå_ alt han skriv, blir ein litt sprø, trur eg - så det er nok like greit å leggja vekk akkurat det kravet/ønsket.
Slett