Speletid: 10:25
Opplesar: Ivar Nergaard
Kjelde: Lydfil frå Lydbokforlaget
Dette er ei imponerande bra bok! Ho er velskriven, svært spennande og utruleg aktuell. Historia har mykje til felles med og kan minna om Aslak Nore sin thriller frå 2012; En norsk spion - men utgangspunktet for Rokseth si historie er annleis:
Fem år gamle Daniel er dødssjuk og har berre veker att å leva. Det einaste som kan redda han er ein beinmargstransplantasjon frå faren Alex. Men faren er sakna; han forsvann på uklart vis under eit opphald i Afghanistan. Difor reiser Jonas, Alex sin bror og Daniel sin onkel, til dette svære krigsherja landet for å finna han. Som nål i ein høystakk, skulle ein tru - men Jonas har sjølv gjort teneste i landet og har sine kontaktar.
Det vert ei nervepirrande reise med fleire umenneskelege utfordringar. Ein får også eit ekstra spenningsmoment med kampen mot klokka; tida er i ferd med å renna ut for vesle Daniel.
Parallellt med historia om Jonas som deseperat leitar etter bror sin, får lesaren vita at Alex lever. Men noko har skjedd med han; når me møter han heilt i starten av boka har han nyleg blitt avhøyrt og torturert:
".. Jeg så at Thomson likte hvordan jeg reagerte da han spurte meg om jeg kunne drepe Jonas. Han vil ikke ha en medarbeider som bærer på forstyrrende traumer. Han vil ikke ha en psykopat. Han vil ha en maskin som kan utføre jobben for ham, med den nådeløshet, handlekraft og praktiske intelligens som behøves. Han vil ha en som tåler smerte, tåler forsakelse, tåler andres lidelse. Jeg passer ham utmerket.."Historia tek fleire uventa vendingar og vert fortalt på ein svært intens måte. Me får innblikk i den afghanske fjellheimen, om narkotikaproduksjon og korleis dei vestlege etterretningsorganisasjonane arbeider. Forfattaren fortel det heile på ein filmatisk måte: Det er enkelt å sjå for seg dei fundamentalistiske taliban-soldatane og den fattige og krigstrøytte lokalbefolkningen. Kvinnene si stilling og posisjon under ulike forhold er også eit tema i boka.
Broren vart for meg ei god leseoppleving, særleg fordi boka er så aktuell. I desse dagar trekker dei siste ISAF/NATO-styrkane seg ut av Afghanistan, og i går kom nyhenda om at Noreg sender 120 soldater til Irak og Afghanistan for å bidra i kampen mot IS.
Sidan 2004 har 8000 norske menn og kvinner tenestegjort i Afghanistan, og forfattaren reflekterer i denne boka rundt Noreg sitt engasjement i landet. Eit anna aktuelt tema som vert omhandla, er unge nordmenn som av ulike årsaker let seg rekruttera til "heilag krig" i fjerne land.
Ivar Nergaard si opplesing av lydboka bidreg til å heva leseopplevinga ytterlegare.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.
Så fin omtale. Jeg leste Rokseths forrige bok som jeg likte godt. Så jeg hiver meg vel på denne etterhvert også.:) Ha en fin helg.:)
SvarSlettEg hiver meg på den forrige boka hans :)
Slett