Lydbokforlaget 2014
Speletid: 8:03
Opplesar: Nina Woxholtt
Den nyaste boka om Kajsa Coren har handling frå ei lita vestlandsbygd og er enkel, grei og fortlest krim.
I den vesle bygda Losvika har det skjedd to uforklarlege drap - på far og dotter. Kajsa, som har flytta tilbake til barndomstraktene sidan sist, er "tilfeldigvis" til stades når det eine drapsofferet vert funne. Politiet står utan spor - og så skjer det enno eit brotsverk: Ei ung jente, nabo til dei to drapsoffera, vert meld sakna. Mykje tyder på at alle sakene har ein samanheng. Uhygga sprer seg i det vesle lokalsamfunnet, som det så klisjeaktig heiter.
Forfattaren syr over same lest som i dei tidlegare bøkene i serien når Kajsa og den nye politiektemannen hennar så spelar ei viktig rolle i oppklaring av desse mystiske og brutale hendingane. Forutsigbart altså, men likevel litt overraskande og ganske dramatisk på slutten.
Boka handlar også om overgrep i eit strengt bedehusmiljø - eit tema som er grotesk og opprørande, men som egentleg er "oppbrukt" i mange andre bøker tidlegare.
Dei ulike handlingstrådane og forteljarstemmene er enkle å følgja. Ja, eg blir faktisk litt irritert og oppgitt over at me får servert det heile i så bittesmå teskeier. Lesaren treng ikkje å bli forklart alt muleg; me kan tenkja litt sjølve også. Eg skulle dessutan ønska at nynorskbrukaren og nynorsk-prisvinnaren Trude Teige hadde skrive krimbøkene sine på nynorsk. Det hadde passa mykje betre inn i miljøet som ho skildrar, samt at dialogane hadde vorte meir ekte.
Jenta som sluttet å snakke er grei som lydbok. Her er alt så overforklarande at ein nesten ikkje treng å følgja med for å forstå handlinga. Nina Woxholtt har ei behageleg og tydeleg stemme, men ho les litt for sakte etter min smak.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.
Uff san… Det er litt dumt å skumme innlegg om bøker jeg selv skal lese, men noen ganger greier jeg ikke å styre meg. Jeg har startet på denne boka to ganger, og har vel lest et par kapitler, men kom aldri ordentlig i gang før jeg lånte den bort til ei venninne av meg.. Men den skal jo leses da, senere.. Men førstevalget i min store bunke blir den ikke. Greit å få støtte på prioriteringene også.;)
SvarSlettBoka er ikkje dårleg, men fortlest og fortgløymt - som så mange andre norske krimbøker. Dessverre. Eg ønskjer meg ofte noko meir, noko å bryna meg på.
Slett