Sider

6. oktober 2014

Bokomtale: Nøkkelmakeren av Gert Nygårdshaug

Juritzen forlag 2014
255 sider
Kjøpt ebok - frå forfattaren si nettside for kr 99,-
http://gertnyg.com/ebok/ 


Ny bok frå Nygårdshaug - igjen! Dette er ein særs produktiv og forteljarglad forfattar, til glede for oss som har sans for underhaldande, originale og forunderlege forteljingar.

Nøkkelmakeren er ein slags fabel og me møter att det same persongalleriet og det same miljøet som i Klokkemakeren - og det handlar framleis om Tiden med liten og stor T. Om "for-Tiden, frem-Tiden og nå-Tiden". Om Tiden som er ute av rytme fordi naturen er ute av rytme.

Rundt landsbyen der Melchior Mussenden og kona Mathilde bur finst det store kornåkrar. Herr Mussenden går gjerne til vertshuset Det Gylne Aks for å nyta god mat og drikke og for å treffa dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Dei filosoferer over så mangt og diskuterer smått og stort.
Ein dag kjem ein mystisk mann som kallar seg Nøkkelmakeren og slår seg ned i landsbyen. Han har med seg digre koffertar og er i stand til å låsa opp både fysiske låsar og andre stengsler. Via svære antenner er han i stand til å hacke seg inn i ulike system. Dette fører til ulike tiltak frå deira Mektige Allierte si side - og urmakar Mussenden og dei andre innbyggjarane i landsbyen vert utsette for mange underlege hendingar.

Nøkkelmakeren er ei underhaldande bok som i tillegg gir lesaren kunnskap og utfordrande tankar.
Her får ein kvardagspludring, absurde hendingar og innfløkt filosofi - alt på ein gong. Det er ikkje nødvendig å lesa Klokkemakeren fyrst. Forfattaren seier at desse to bøkene er parallell-romanar og at boka er
"Tilegnet de som ikke er slaver av Tidens ubegripelighet og derved kronologiens nødvendighet."
For meg var Nøkkelmakeren ei god leseoppleving. Både denne og Klokkemakeren anbefalast varmt, - og det er altså hipp som happ om du les den eine eller den andre fyrst eller sist.
Forfattaren nyttar eit noko snirklete, gammaldags språk og er sparsam med teiknsetjing, - særleg med punktum. Dersom du ikkje har lest noko særleg av Nygårdshaug tidlegare, vert det gjerne litt spesielt. Men tru meg - du kjem kjapt inn i den nygårdhaugske måten å skriva på.


Les også:
Haustbøker på vent
Omtale av Klokkemakeren
Omtale av Mengele Zoo - som feirar 25-års jubileum i dag!
Sommerfugleffekten - Intervju med GN - D2.no

6 kommentarer:

  1. Godt å høre at kronologi er unødvendig .:) Jeg er ikke en slave av dette, så det var godt at forfatter Nygårdshaug også mener det samme. Gleder meg til å lese denne boka.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kjem du sikkert til å lika. Høg humrefaktor, men med litt hoderisting innimellom. GN imponerer igjen med kunnskap og fantasi.

      Slett
  2. Å fantastisk - det er det flotteste sitatet jeg har lest. Jeg kan omsider med hodet høyt hevet underbygge min allerede ikke-eksisterende kronologiavhengighet ved å referere Nygårdshaug - en forfatter jeg ennå ikke har lest noe av, men som jeg ser jeg burde lese. Takk :)

    SvarSlett
    Svar
    1. PS! Sitatet - veldig fritt sitert - har nå fått sin faste plass på bloggen min. Så takk igjen! :o)

      Slett
    2. Så fint!
      Eg tykkjer det er så bra at me menneske er ulike. Nokre er heilt systematiske og kronologiske i hovudet sitt; alt må gå i rett rekkefølge elles rotar det seg til for dei. Men andre - slik som du - har ein innebygd motstand mot slik "orden" og "system". Sjølv er eg ein plass midt imellom. Eg likar orden, men er ikkje fanatisk!

      Slett
  3. Hei!
    Nå har jeg også lest om Nøkkelmakeren- og som deg syntes jeg boka var GOD underholdning! Nygårdshaug er en underlig skrue- tenk alt som må surre rundt under topplokket der!!! Lett å la seg fascinere ;o)

    SvarSlett