Lydbokforlaget 2014
Speletid: 21:06
Opplesar: Duc Mai-The
Lånt på biblioteket
Når ei bok vert marknadsført som ein thriller, forventar ein spenning og ei handling med litt nerve. Men når ein les Nullpunkt vert all spenninga vekke medan ein skal prøva å halda styr i all informasjon, alle sceneskifta, alle stadene og alle karakterane. Dette er eit ambisiøst bokprosjekt - forfattaren vil så gjerne formidla ei på alle måtar stor historie - men for meg vart dette ei dårleg leseoppleving, dessverre.
Nullpunkt er den frittståande oppfølgjaren til Skyggeland som kom ut i 2012. Eg har ikkje lest den fyrste boka, noko eg muligens skulle ha gjort, - kanskje hadde eg fått meir utbytte av Nullpunkt dersom eg hadde blitt litt kjend med eit par av karakterane og litt av trådane frå tidlegare.
Dette er ein finansthriller der det m.a. handlar om svarte pengar, kvitvasking, innsidehandel, korrupsjon, taxisvindel, torpedoverksemd og anna grums. Det handlar også om media si rolle oppi dette. Forfattaren gir eit detaljert og realistisk innblikk av redaksjonen i finansavisa Dagens Økonomi. Her jobbar eit par særdeles dyktige gravejournalistar, Mellomstrand og Nergård; to særeigne karakterar med kvar si innhaldsrike fortid. Ved hjelp av tips og teft grev dei seg djupt ned og langt ut i eit uoversiktleg og - skal det visa seg - farleg farvatn.
Eg likar ofte spenningsromanar med eit samfunnsaktuelt og realistisk bakteppe, men akkurat denne boka vart for uryddig og springande for meg. Ho er for lang og omfattande og kunne godt vore kutta eit par-tre hundre sider. Handlinga hoppar for mykje og vert avbrutt av stadig nye tema, perspektiv og miljø. Etter mi meining er bihistoriane uklare og usystematiske og sjølve komposisjonen av boka rotete. Trådane vert for mange og eg mista konsentrasjonen - gong på gong. Avslutninga er brukbar, men då eg var kommen så langt i lyttinga, lengta eg berre til at boka skulle bli ferdig..
I tillegg irriterte eg meg voldsomt over det jålete og svulstige språket. Som regel legg ein ikkje så godt merke til språkbruken når ein lyttar til ei bok; ein høyrer meir på sjølve historia som vert fortalt. Men i dette tilfellet la eg godt merke til alle dei unødvendige adjektiva og til at forfattaren rota seg ut i lange blomstande miljøskildringar og inn i pinlege personskildringar.
Virkar eg sur? Det stemmer! Eg er gretten sidan eg no har kasta vekk 21 timar lytting til ei bok som ikkje gav meg noko som helst.
Skjønner ikke at du orket å lytte så leneg på noe du ikke likte.. Håper neste bok blir bedre for deg.:) Ha en fin søndag!
SvarSlettTakk det same :)
SlettGodt poeng, Anita. Eg skjønnar det ikkje sjølv heller. Eg trudde vel at boka skulle "ta seg opp" - og det gjorde ho - men då var det for seint..
Lyttar til Skyggegutten no - og den er bra så langt.