Aschehoug 2015
172 sider
Kjelde: Lånt privat
Eg fekk litt hakeslepp då eg fekk denne boka i hendene. Ei tynn lita flis av ei bok; heilt ulikt Jo Nesbø - som vanlegvis skriv omfangsrike bøker med omfattande handling, stort persongalleri og utallige perspektivskift.
Blod på snø er heilt annleis; her er det berre ei forteljarstemme, handlinga er avgrensa og lagt til ein svært kort tidsperiode.
Bakgrunnen for utgjevinga er litt spesiell: I Harry Hole-bøkene vert det av og til referert til kultkrim-klassikaren "Blod på snø" av ein forfattar som heiter Tom Johansen. Det er ein oppdikta forfattar og ei fiktiv bok - som Nesbø no har skrive.
Planen var at Nesbø skulle gje ut Blod på snø under pseudonymet Tom Johansen, men reglar og jus stoppa akkurat dette stuntet.
Me skal tilbake til 1975. Det er desember og kulden har sett seg - i bokstaveleg og overført betydning - i det narkokriminelle miljøet i hovudstaden. Her møter me yrkesdrapsmannen Olav Johansen som nettopp har utført ein ny "ekspedisjon" for oppdragsgjevaren sin.
Når neste oppdrag skal utførast går det galt. Han skal ta livet av kona til sjefen, men det vert for vanskeleg: Olav Johansen forelskar seg i offeret og tek i staden livet av ein annan person. Det vert fatalt og farleg. Hovudpersonen minner meg i denne situasjonen om Roger Brown i Hodejegerne - eg såg difor for meg skikkelsen til Aksel Henie då eg las om leigemordar Johansen og alle strabasane hans.
Det skjer ein del ufyslege drap i denne boka, men valden er så overdriven og så karikert at ein nesten må le. Litt slik som i boka/filmen Hodejegerne - eller i Pulp Fiction.
Blod på snø er lettlest og uhyre fortlest. Eg la alle andre påbyrja bøker til side og las heile boka på ein kveld. Eg tykkjer boka er bra, men ikkje kjempebra. Fiffig, men ikkje genial. Uvanleg, men ikkje sensasjonell. Historia er godt samanskrudd og er velskriven - det skulle berre mangla - forfattaren har jo selt millionvis med bøker verda over dei siste åra.
Eg har lest absolutt alle bøkene Jo Nesbø har skrive etter kvart som dei har komme ut. Nesbø er blitt ein verdskjend, kritikarrost og høgt elska rockestjerne-forfattar. Difor forventa eg noko meir enn det eg fekk i denne boka. Eg vil helst ha meir utfordrande lesing enn dette og kan ikkje gje toppkarakter for leseopplevinga mi. Men - Jo Nesbø er ein luring, og med denne vesle boka kjem han sikkert til å nå ut til enno fleire og nye lesargrupper.
Fortenesta frå denne boka (og den neste, "Blod på snø 2") skal gå rett til Harry Hole-stiftelsen. Denne stiftinga donerer store pengebeløp til arbeidet med å gi barn i u-land grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter. Så løp og kjøp folkens!
Jeg har enda tilgode å lese noe av Nesbø så kanskje jeg rett og slett skal begynne med denne selv om den er som du sier helt annerledes enn Harry Hole bøkene. Jeg er jo nysgjerrig på hvorfor han har blitt så populær så jeg skal jo få med meg Harry Hole bøkene etter hvert også, i hvert fall prøve meg på en. Ha en fin lørdag, Berit:-)
SvarSlettGod idé, kvifor ikkje starte med den siste - sidan den ikkje heng saman med tidlegare bøker på nokon måte.
SlettGod helg til deg, Beathe.
Det er så gøy at noen allerede har svingt seg rundt og lest boken. Jeg sto opp kl. 06:15 for å nyte halvannen time med Nesbø før de andre våknet. Jeg nøt det!! Jeg var forberedt på stilen han har skrevet boken i, og etter jeg var på lanseringen i Bergen i går, viste jeg mye om bakgrunnen for forskjellige ting i boken. Er enig med deg, de som forventer den Nesbø vi kjenner kommer til å bli skuffet, men jeg syntes dette var forfriskende, og gir den bedre score på terningen enn deg. Visste ikke at overskuddet går til et godt formål, det var jo utrolig fint å høre. Ønsker deg en super lørdag Berit!
SvarSlettDu hadde ei stor oppleving på lanseringa i går, skjønnar eg.
SlettEg likte boka altså, men tykte ho var så tynn og enkel.
Det blir så spennende å lese denne selv! Jeg har lest alt han har gitt ut, og da må jeg altså forberede meg på noe helt annet :-) Men det hørtes spennende ut det og.
SvarSlettEnig i det, god lesnad!
SlettJeg er også nysgjerrig på denne, og har heller ikke lest ferdig em Holebok--- At den er under 200 s, gjør det jo helt overkommelig..:) Har jo lest en del interbuer og anmeldelser av denne boka allerede.. Han har jo klippekort til pressen og alt av arrangementer han Nesbø..
SvarSlettEnig, han får irriterande mykje merksemd - men han er så dyktig!
SlettPrøv denne boka, ho er utypisk Nesbø og superrask å lesa.
Ja, det skal jeg.:)
SlettPstt--- ser du live-streaming fra Krimfestivalen da berit? Jeg sitter pal, nå… Akkurat nå Virkelighet vs kirm med Egeland, Fjell, Rohde, Nordberg og en til.
SvarSlettSikkert interessant, men som instagram'en min syner: Eg prioriterte brødrene Bøe og skiskyting i dag.
SlettJeg likte Snømannen og Marekors av ham, men andre bøker jeg har lest av ham har vært så som så. Syns han er litt vel oppskrytt.
SvarSlettSnømannen er ein av favorittane mine i Harry Hole-serien. Eg vil ikkje sei Nesbø er oppskrytt, men eg tykkjer at han tek vel stor plass i media..
SlettNok en god bokomtale! Jeg linker (som du allerede har sett..) hit, for jeg har liksom ikke så mye mer å si om denne enn det du allerede har skrevet.
SvarSlettJeg merker at jeg ikke synes det er like morsomt å skrive bokomtaler som det var tidligere, så det blir mest tull og fjas bare for å holde liv i bloggen. Kan hende det tar seg opp etterhvert.
Eg likar dine alternative omtalar og tankar omkring bøkene du les. Det er så bra at det finst ulike måtar å blogga om bøker på!
SlettBle litt skuffa over denne boka,eller bok og bok......tynn sak til nesten fullpris.
SvarSlettTakk til biblioteket :)
Synes ikke handlingen var så spennende og synes Nesbø har tapt seg etter "Gjenferd" som er den siste boka jeg virkelig likte.