Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:27
Opplesar: Håkon Ramstad
Kjelde: Lytteeksemplar
Eg var i utgangspunktet både skeptisk til og nysgjerrig på denne boka som har blitt marknadsført så intenst denne vinteren/våren. Mange kritikarar, anmeldarar og bokbloggarar har vore svært så begeistra. Så eg undra meg: Kunne verkeleg boka vera sååå bra?
Vel - eg likte boka. Alex er underhaldande, barsk, uhyggeleg og - tidvis - neglebitande god. Dessutan er ho godt komponert og svært uforutsigbar. Persongalleriet er avgrensa og verkeleg interessant.
Fyrste del av boka er skikkeleg nervepirrande, del to har fortsatt ein heil del trøkk og driv - men så flatar spenningskurven ut i siste del av boka.
Vakre og gåtefulle Alex vert overfalt og bortført på open gate i Paris. Kidnapparen er svært brutal og fører henne til ein forlatt fabrikkbygning der ho vert utsett for grov vald og tortur. Det er skikkeleg ubehageleg og håra reiser seg på hovudet når ein les om kva Alex vert utsett for. Men - når ein som lesar har opplevd lidingane til Alex - gjer handlinga ein vri - og romanen går over i ein ny fase.
Politikommissær Camille Verhoeven vert sett på saka. Han er noko spesiell; kun 145 cm på strømpelesten og med eit komplisert kjensleliv og minnet om ei kone som sjølv vart kidnappa og myrda. Ved hjelp av systematisk arbeid, intuisjon og ein slump flaks, finn Camille og medarbeidarane hans fram til staden der Alex var fanga. Men Alex er vekke...
Så skjer det fleire uhyggelege drap.
Alex er ikkje lenger eit offer. Ho er ein gjerningsperson.
Og - det er ein grunn til at ho er det..
Eg må beundra forfattaren som har ein slik frodig og grotesk fantasi. Eg var førebudd på rottescenene, og dei var ekle - men varer ikkje så lenge, heldigvis. Alex er ei bok som overraskar og som er annleis enn dei fleste krimbøker eg har lest. Det er ei ganske så makaber historie - med eit vel gjennomtenkt plott. Avslutninga av boka sto ikkje heilt i stil med resten; den var litt tam, trass i overraskingsmomentet. Det er greitt å få nøsta opp alle lause trådar, men det vart unødig omstendeleg i tredje og siste del.
Konklusjon: Eg har vakla mellom terningkast 4 og 5, men landar på ein svak femmar på terningen.
Eg saknar litt engasjement i opplesinga til Håkon Ramstad, men lydboka fungerer elles OK.
Rotter sier du? Jeg har ennå ikke - etter utallige - år, kommet av den filmen som jeg tror bare heter - Rats. Om røtter i New York, men ene scene der de bare spruter opp av rørsystemet og inn i et tomt svømmebasseng. For ikke å snakke om rottescenene i Niemis Vittula, grusomme og underholdende på samme tid.
SvarSlettUansett - boka noteres - den er sannsynligvis for grotesk/makaber for meg, men man vet jo aldri.
Har ikkje sett - og føler ingen trang til å sjå - den filmen. Det er noko heilt spesielt fråstøytande med rotter. Men rottene er ikkje spesielt viktige for handlinga i denne boka. Dei er berre med som "krydder", kan du sei :-)
SlettFlott omtale, og herlig at du likte boken. Det som er dumt med å lese omtaler er at en blir fratatt overraskelsesmomentet i enkelte vendinger boken har, som med rottene. Jeg prøver å unngå å røpe for mye, men disse rottene var jo allerede oppe på bordet. Jeg likte godt Håkon Ramstad sin måte å lese på, for for mye tone-fall (med trykk på fall) føler jeg tar fokus vekk fra det som skjer i teksten. Ønsker deg en super helg!
SvarSlettDet er utfordrande å skriva handlingsreferat utan å røpa for mykje. Eg valde å ta med dette med rottene fordi det var ganske kjent frå før. Andre tvistar i denne boka er meir overraskande enn akkurat rottescenene.
SlettHa ei fortsatt fin helg, Tine!