Men no har eg då omsider fått lest begge to. Lobotomisten har eg kjøpt sjølv, Heksedoktoren fekk eg tilsendt frå forlaget for eit par år sidan. Eg vel å omtala dei under eitt fordi bøkene heng tett saman. Det går ikkje an å lesa berre Lobotomisten, fordi ein ikkje får nokon oppklaring/avslutning av historia der. Ein kan heller ikkje lesa berre Heksedoktoren, fordi det der stadig vert vist til hendingar og personar som ein vart kjent med i den fyrste boka.
Lobotomisten Heksedoktoren
Juritzen 2012 Juritzen 2013
505 sider 368 sider
Lobotomisten er ein iskald, skremmande og svært spennande thriller. Det er forståeleg at enkelte lesarar avbryter og/eller "mistar" historia og handlingstrådane i alt blodet og all hjernemassen. Her er nemleg ekstremt detaljerte og ekle skildringar av tortur, vald og drap. Sjølv skumma eg meg gjennom dei blodigaste og sterkaste scenene. Groteske handlingar blir utbroderte på ein - etter min smak - unødvendig måte i denne boka. Ein del kunne/burde vore overlatt til lesaren sin fantasi.
Men boka inneheld så mykje meir enn dette ekle. Det er faktisk ganske så interessant å lesa om slike uvante problemstillingar som vert tatt opp her, frå ulike vinklar og om ein antagonist som er så hinsides all normalitet. Boka er velskriven og velkomponert, men som nemnt; også for meg trekker alt blodet og gørret ned heilskapsinntrykket. Du bør ikkje lesa desse bøkene om du har lett for å bli kvalm..
Lesaren får bli kjend med tre unge menn. Me møter politimannen Daniel som har fått ei vanskeleg forsvinningssak på bordet. Han diskuterer saka med barndomskameraten Tom som studerer psykologi og som er i gang med ei masteroppgåve om ondskap. At han sjølv har og har hatt diverse traumer held han skjult for omverda. Me får òg stifta bekjentskap med studenten Johannes, som ein raskt skjønnar er sjølve Skurken med stor S i denne historia. Forfattaren får godt fram dei motstridande og vanskelege kjenslene til Johannes. Religiøs fanatisme og avlegse psykologiske behandlingsmåtar står sentralt. Gradvis vert dei sjuke planane til mannen - og bakgrunnen for det heile - avdekka. Spenninga i boka ligg ikkje i kven som er gjerningsmann, men i kva, korleis og kvifor, samt i korleis ugjerningane kan stoppast. Som sagt innleiingsvis endar boka uavklart - og eg valde difor å lesa oppfølgjaren ganske kort tid etterpå.
I Heksedoktoren er mykje av handlinga lagt til Brasil, nærare bestemt i fattigstrøka i Rio de Janeiro. For å vita kva som skjer med karakterane i Lobotomisten er det ein absolutt fordel å ikkje venta for lenge før ein tek til på bok nummer to.
Johannes har no egentleg forlate sin Gud. I staden er han i ferd med å bli tiltrekt av svart magi. Tom har òg "skifta beite". Han har forlate studiane og heimlandet for å bli leigesoldat/ leigemordar - men fyrst og fremst er han ute etter hevn. Boka er ein skikkeleg pageturner - eg las ho ut på eit par dagar - og spenninga bygger seg gradvis opp mot den siste og avgjerande konfrontasjonen - som ein veit vil finna stad. Forfattaren legg vekt på - og fokuserer mykje på - hovudpersonane sine tidlegare opplevingar, tankar og kjensler. På den måten vert handlingane meir "forståelege" for lesaren.
Boka handlar om hevn og hevnlyst og behovet for eit oppgjer med det onde. Denne boka er ikkje fullt så kvalmande ekkel som Lobotomisten, men inneheld meir action. Heksedoktoren er heller ikkje så intens som den fyrste boka. Her ligg spenninga og framdrifta meir i det psykologiske og det ukjente.
Heksedoktoren gir også eit interessant og rystande innblikk i det fargerike og mangfaldige - men også fattige, kriminelle og brutale livet i slummen i Rio. Berre nokre få steinkast frå dei velståande bydelane Copacabana og Ipanema ligg favela'en Santa Marta. Boka skildrar godt skilnaden på fattig og rik - ein ser kor grotesk og grusomt dette miljøet er. Kampen for tilværet - og å overleva - i favela'en er skremmande, farleg og tilfeldig.
Desse bøkene byr på sterke historiar om uhyggelege hendingar, fortalt på ein særs dyktig måte. Trass i enkelte lause trådar og nokre logiske bristar: Det er ein heilt spesiell intensitet og driv i desse bøkene som gjer at eg gir Lobotomisten og Heksedoktoren - samla sett - terningkast 5.
Jeg leste også disse to ganske tett på hverandre, og tenkte at det var nyttig. Bøkene skulle vært tydelig merket med 1 og 2, for som du sier, de henger tett sammen. Kan godt skjønne at coveret skremte deg, det er skikkelig creepy :)
SvarSlettDet står faktisk "Lobotomisten 2" på coveret til Heksedoktoren, men ganske utydeleg. Omslagsbileta på desse bøkene er rett og slett forskrekkelege og motbydeleg stygge. Eg trur bøkene hadde blitt lest av fleire med andre omslagsbilete.
SlettJeg kunne godt tenkt meg å lese Heksedoktoren, men jeg orker ikke alt det voldsgørret du beskriver i Lobotomisten… (når selv du reagerer).. Ha en fin kveld.:)
SvarSlettUff då, har eg skremt deg, Anita? Du bør vurdera å lesa desse likevel, tykkjer eg. Så vidt eg hugsar las du Victoria Bergmans svakhet (Kråkejenta og Hungerilden, du veit) - og den trilogien er nok enno råare/blodigare/meir valdeleg - og du tykte vel dei bøkene var bra?
SlettDet kan diskuterast kvar grensa for valdsskildringar går - i Lobotomisten gjekk forfattaren etter mi meining over den grensa for det eg finn akseptabelt. Men altså - boka/bøkene er likevel leseverdige.
Ja, hehe, nei da- jeg har hørt andre skrive om at den/de er voldsomme… Victoria Bergmanns svakhet var knallgode, jeg hørte mesteparten på lyd, så da skummet jeg nok over den grøvste volden.. og lydbøker virker ikke like sterkt som når jeg leser selv, av en eller annen grunn..det blir et lite filter imellom.
Slett