262 sider
Lånt ebok (eBokBib)
Ei spesiell bok - som passar deg dersom du likar grov humor og sære karakterar - og har interesse for ville og fantasifulle tilstandar i bygde-Noreg. I tillegg bør du ha lest Morgan Kane og andre westernromanar i ungdommen - og viktigast av alt: ha ein velutvikla sans for sleivspark, skråblikk og satire.
For meg vart dette ei bok som kalla på både latter og ubehag. Ho er veldig rar, rett og slett. Forteljinga er absurd og ellevill - samstundes som det nok ligg eit alvor under. Mange kan sikkert òg oppfatta alt det politisk ukorrekte som provoserande.
Her får ein servert filosofiske betraktingar rundt litteratur, kunst og kultur - og mannssjåvinistiske sex- og valdsskildringar. Svært spesielt altså - og som du sikkert forstår; denne boka er ingen dameroman. Tellemarck er ei macho-cowboy-villmarks-bok med apokalyptiske trekk og med antiheltar i hovudrollene.
Hovudpersonen i boka deler namn og yrke med forfattaren - men det er lite truleg at det ligg så mykje sjølvbiografisk i historia. Øen er ein trasig, ulukkeleg poet busett i ei bygd i Telemark. Me forstår at han nettopp er blitt forlatt av dama og at han har mange mørke tankar rundt sin eigen situasjon. Alt han vil er å gå til grunne; han har pådrege seg diabetes 2, tannråte og impotens, i tillegg til det som må vera angst og depresjon. Han fyller dagane med alkohol, onanering, pornosurfing og søppel-TV. Det einaste selskapet hans er den stakkars tispa Blondi, men så ein dag får han besøk av kompisen Frank, ein fotokunstnar av det heller tvilsame slaget. Denne Frank har ein mansjett rundt høgre peike- og ringfinger og ei kvit stripe i det svarte håret sitt.. nett som Morgan Kane altså.
Etter nokre mystiske straumbrot og ymse trugsmål finn Øen og Frank ut at det er best å forlata bygda, men så blir dei vitne til at det lokale kraftverket vert sprengd i lufta. Dette fører i sin tur til mykje action: tsunami, skyting, sex og snøscooterjakt (for å nemna noko) - og hovudpersonane (og lesaren) havnar langt ute på (fjell)viddene. Det kan virka som om undergangen er nær, at samfunnet går mot eit samanbrot og ein "krisekatastrofe". Eller?
Morten Øen skriv knakande godt om det som er latterleg, fråstøytande og ubehageleg. Eg likte best fyrste del av boka, der tilhøva er forholdsvis vanlege og truverdige - deretter vert historia litt for "vill" for meg. Eg "dett av lasset" når eg støyter borti framandord som eg ikkje skjønnar tydinga av og mistar dessutan litt matlyst av Frank sine mange kannibalhistoriar...
Boka er tragikomisk og til tider ganske spennande og underhaldande, men eg finn ein del av humoren og handlinga usmakeleg.
Likevel - eg meiner at me treng bøker og forfattarstemmer som ligg utanfor det som vanlegvis vert oppfatta som korrekt og normalt.
Boktrailer for Tellemarck:
Flott omtale som bekreftet at min innskytelse om å levere boken tilbake ulest var riktig. Lånte den, men da jeg så at hovedpersonen het det samme som forfatteren, klasket jeg den igjen etter få sider. Får nøye meg med omtaler til denne fobien er over :)
SvarSlettSikkert like greit. Etter det inntrykket eg har fått av lesesmaken din, trur eg ikkje Tellemarck er din type bok.
SlettVil bare understreke at hovedpersonen like gjerne kunne het Per. Dette er ikke noe Knausgård og/eller Langeland opplegg!
SlettVeldig usikker på om dette er noe for meg. Har jo kikka på boka et par ganger på biblioteket, men vurdert at det ikke er noe interessant for meg, men etter å ha lest Ingalills misjonering over tid av denne boka, så har jeg vurdert å endre syn, men nå faller jeg tilbake på min opprinnelige mening om det, etter å ha lest din grundige anmeldelse. Jeg kan godt like mye av det du benevner her, men alt det usmakelige, slikt man mister matlyst av kan jeg styre unna.. (kannibalisme æsj) Lurer forresten på om Tellemarck har visse fellestrekk med Geir Sætres debutroman : http://artemisiasverden.blogspot.no/2015/08/knuste-hjerter-og-halve-sannheter-av.html Skjønt det virker som Tellemarck er mye mer usmakelig.
SvarSlettDet er muleg at det er enkelte fellestrekk med boka du nemner over, - det virkar slik ut frå det du skriv. Og dermed skulle Tellemarck ikkje vera så feil for deg..
SlettLa meg berre gjera det klart: Det handlar ikkje om kannibalisme i boka, det er berre kompisen Frank som elskar å fortelja slike groteske historiar.
Jo, men hvis han utbroderer ut sine fantasier, kan det bli temmelig ulekkert å lese... (jeg er veldig var for at som har med slikt å gjøre,, det gjelder grovskildringer/fra patologen i krim også.. Forleden åpnet jeg siste boka til Knausgård, Høst, på en bokhandler og blikket falt på en setning om skildringen av oppkast--- nok til at jeg brekte meg og bestemte meg for ikke å lese den boka..) Er det på det nivået?
SlettTja - det er ikkje spesielt lekkert, men såpass overdrive at det blir komisk, om du skjønnar..
SlettOk. Skal ta en titt igjen..
SlettLærte nettopp (i ei Holstbok) at Hitlers hund også het Blondi. Tilfeldig?
SvarSlettMen: Usmakelig og grotesk er boka altså ikke. Anita, hører du? Den er som Berit skriver, overdrivelser og humor, og selvfølgelig på kanten og grenseoverskridende, men ingenting du ikke tåler. Men jeg er forsåvidt enig om at det var greit at Tine leverte den tilbake. Hvis du ikke kom over at hovedpersonen het Morten er det vel tvilsomt om akkurat denne boka hadde gitt deg noen glede -)
Forøvrig kan jeg nå puste igjen. God omtale
(selv om du nesten skremte bort Anita -))
Takk for det -
Slettog som du kan sjå over; eg har gjort mitt beste for å få Anita "tilbake". Eg trudde ikkje ho var så lettskremt ;-)
Vedk. Blondi; heilt sikkert ikkje tilfeldig. Ser at Hitlers hund har sin eigen Wikipedia-artikkel.
SlettDet er rett at jeg ikke er så lettskremt, men jeg har da mine svake punkter, jeg som de fleste...vet du. ;)
Slett(føler meg tvungen til å prøve meg på Tellemarck her, siden Tvangslesergeneralen kom på banen , hmrf.. det er i alle fall ikke lånekø på bib på denne. Du skal se at det bare er de som det ikke er lånekø på som kommer med på lang- og kortlista,))
Eh høyrar , eg høyrar Ingallill --- e svar til Berit over her.
SlettGodt, godt, Anita!
SlettFniser forøvrig litt til dette med at det er bare bøkene uten lånekø som kommer på listene. Det ville nesten vært - - flaut - )
Hehe... vi får ikke håpe det blir slik.
Slett