Håkan Nesser er ein av mine favorittforfattarar og eg har forlengst lest alle bøkene hans som er utgitt på norsk. I dag kjem den nyaste Elleve dager i Berlin ut - og eg ser sjølvsagt fram til å lesa den. Som ei "oppvarming" har eg nyleg lytta til ei svensk lydbok; det er forfattaren sjølv som les boka med den merkelege tittelen Rein.
Barins triangel er ein roman frå 1996 som består av tre deler: Rein, Alois og Marr. I 2010 las Nesser inn desse tre delene enkeltvis. Dei tre forteljingane handlar alle om einsame menn i ei eller annan form for livskrise; menn utsette for og/eller skuldige i merkelege saker. Barins triangel er ikkje utgitt i Noreg, verken samla eller kvar for seg.
I Rein er det oversetjaren David Möerk som er hovudperson. Ein kveld medan han høyrer på ein radiosend konsert høyrer han eit host frå publikum. David er ikkje i tvil; det var kona hans Ewa som hosta. Ewa - som har vore forsvunnen i tre år! Ewa - som hadde vore utru og var i ferd med å forlata David då ho vart vekke. Ewa - som er død. Eller?
Kort tid etter får David eit spesielt oversetjar-oppdrag. Den berømte forfattaren Germund Rein er død og har etterlate seg eit merkeleg manuskript. David reiser til Rein sin heimby som også er byen den spesielle radiokonserten vart innspelt i.
Arbeidet med Rein sitt manuskript, leitinga etter Ewa, samt frynsete nervar og eit betydeleg alkoholinntak gjer etter kvart David sitt liv til eit mareritt. Er han skuld i det sjølv - eller er det andre som vil øydeleggja livet hans?
Den nesserske stilen er lett å kjenna igjen i Rein. Nesser er her, som i dei fleste andre bøkene sine: elegant, underfundig, filosofisk, sær, melankolsk. Som i Van Veeteren-serien er handlinga lagt til ein fiktiv by i eit uidentifisert sentraleuropeisk land. (Då Barins triangel kom ut, hadde Nesser berre skrive tre av bøkene i dekalogien med handling frå Maardam)
I tillegg til at Håkan Nesser er ein glimrande forfattar, er han også er ein særs dyktig opplesar. Han har ei behageleg og mørk stemme med tydeleg diksjon. Det siste er viktig når ein ikkje skjønnar absolutt alt som blir sagt. For sjølv om ein forstår svensk i utgangspunktet, er ein kanskje ikkje så vant til å lesa eller verkeleg lytta til språket. Rein er dessutan ei spesiell bok - og noko utfordrande å lytta til av den grunn. Lydboka varer egentleg berre i vel fem timar, men eg har nok brukt dobbelt så lang tid. Enkelte avsnitt fekk eg ikkje tak i ved fyrste gongs lytting; då vart det å stoppa opp, tenkja seg om, evt. sjekka med oversetjarverktøy - og ta det på nytt igjen. Difor kan ein sei at eg har lest denne boka ekstra grundig.
Barins triangel vert stundom kalla for ein däckare: ein kriminalroman, - andre gonger for ein roman. Eg vel å kalla det ein roman som har innlagde mysterie- og krimelement.
Eg kan anbefala Rein til alle som er glade i Nesser sitt forfattarskap. Sjølv er eg veldig nøgd med at eg oppdaga denne litt merkelege - men velskrivne - boka. Alois og Marr skal lesast, dvs. lyttast til, ved høve. Alle tre delene av Barins triangel er tilgjengelege på Storytel.
Artig å lese om Håkan Nessers ikke-oversatte prosjekt. Jeg har digget denne forfatteren grenseløst, men gått på et par smeller i det siste, derfor vurderer jeg sterkt å stå over Elleve dager i Berlin. Mulig jeg venter på en omtale eller to før jeg bestemmer meg. Likte ikke Himmel over London men elsket Levende og døde i Winsford.
SvarSlettEg skjønnar skepsisen din. Denne nye boka skal vera tredje del i "storbytrilogien" som starta med Carmine street og fortsatte med Himmel over London. Eg tykte Carmine-boka var litt tung medan eg faktisk likte himmelboka. Ho var så full av snåle folk og sitatvenlege setninger og avsnitt. Men ho var veldig rar, eg ser den.
SlettDet hørtes fint ut.
SvarSlettJeg har Storytel og lyttet til en bok på svensk, før den ble utgitt i Norge. Det var litt vanskelig i begynnelsen, med ord jeg ikke forstod. Men i slutten hadde jeg glemt det var svensk :-)
Så bra. Eg har ikkje høyrt på så mange svenske lydbøker, men dei eg har prøvd har hatt dyktige opplesarar - og eg kjem til å lytta til fleire svenskar i framtida.
SlettFin omtale - jeg er også enig med Tine når det gjelder å "stå over" "Berlin" - den hadde faktisk kommet til meg i lydbok, biblioteket - jeg avbestilte den.
SvarSlettSer du også leser Irène nå - jeg er helt på slutten i den - grusom, og ganske merkelig og noir.....
Eg er også spent på (og litt avventande til) Berlin-boka, men det blir mi neste lydbok.
SlettIrene er overraskande, spesiell, kjempegod - i tillegg til å vera grusom og merkeleg, som du seier.