Sider

31. mars 2016

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Kim Leine - Profetene i Evighetsfjorden - Dansk/norsk roman - Lydbok Storytel

Lest i mars:
Pierre Lemaitre - Irene - Fransk krim - Lånt ebok, eBokBib
Håkan Nesser - Elleve dager i Berlin - Svensk roman - Lytteeksemplar
Geir Hasle - Isens menn - Dokumentar/polarhistorie - Lånt papirbok biblioteket
Torkil Damhaug - En femte årstid - Norsk krim - eBokBib
Bernhard Borge (André Bjerke) - De dødes tjern - Norsk klassisk krim, 1001-bok - Lånt ebok, bokhylla.no
Hjorth og Rosenfeldt - Ikke bestått - Svensk krim - Lytteeksemplar
Frits de Bourg - Dødens elv - Norsk krim - Lånt papirbok
Håkan Nesser - Alois - Svensk (kort)roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i april: (!)
Hilary Mantel - Ulvetid - Britisk historisk roman -  Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Jørgen Brekke - Paradisplaneten - Norsk krim - eBokBib


Oppsummert:
  • 3 ebøker, 4 lyd, 2 papir
  • 5 lånt, 2 abonnement (Storytel), 2 lytteeksemplar
  • 5 krimromanar, 3 andre romanar, 1 sakprosa
  • 4 norske, 3 svenske, 1 dansknorsk, 1 fransk 
  • 9 menn, 0 kvinner (med unnatak av Hilary Mantel som blir med meg over i neste månad)
  • "Nye" forfattarar: Mantel, Hasle, de Bourg

Trass i påskefri vart det færre bøker enn normalt i mars - men dei bøkene eg las var alle gode/brukbare leseopplevingar, så difor er eg nøgd med "innsatsen" - og eg er i rute i høve lesemåla for året.
Lånetida for Ulvetid er forlenga - denne historiske romanen vart eit uvanleg langvarig prosjekt - men eg likar boka - og ho skal lesast ut i løpet av medio april.

Månadens høgdepunkt vart Profetene i Evighetsfjorden og Damhaug sin nye og eminente krimthriller En femte årstid. Begge gjorde inntrykk, kvar på sin måte. Irène var også ei svært god bok, men sidan eg las Irène og Alex i feil rekkefølge, vart ikkje leseopplevinga så bra som ho kunne ha vore.

Månadens nedtur vart gjenlesinga av klassikaren De dødes tjern. Denne gongen var den pirrande uhyggekjensla og spenninga som eg hugsar frå tidlegare - heilt fråverande. Eg vart overraska og skuffa over dette og kan ikkje heilt forklara det. Men det er lenge sidan sist eg las boka, og ein har jo i løpet av den tida som har gått fått med seg utallige og varierande leseopplevingar og -erfaringar. Slik som eg hugsar De dødes tjern frå tidlegare, var boka ei klar Terningkast 6-leseoppleving. Denne gongen vart det kun 4 prikkar på terningen.
Eg hadde planar om å lesa Enhjørningen av Bjerke i løpet av påsken også, men den vart lagt vekk på grunn av at De dødes tjern ikkje fenga meg noko særleg.

5 kommentarer:

  1. Gjenlesing bør man være forsiktig med! Ofte kan det nok være lurest å smugkikke på de gamle favorittene og heller bare prøve å gjenskape følelsene de en gang gav...
    Ellers har jeg ikke lest noen av "dine" bøker, men "Irène" ligger klar på mobilen og jeg gleder meg til å lese den, selv om jeg jo (som du) ikke kan forvente de største overraskelsene. Jeg får lese den som ei spenningsbok som skal forklare hvordan og hvorfor ting ble som de ble..
    Håper du gjør april til en fin måned, både litterært og i det virkelige liv ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Åååå, eg likte den siste setningen der - og ynskjer deg det same :)

      Gjenlesing kan slå begge vegar, har eg erfart. Ein har jo så lyst til å gjenskape kjenslene og godstemninga frå tidlegare, men så les ein ei bok på nytt - og får kanskje heilt andre vibrasjonar. Medan andre gonger får ein stadfesta og gjenoppleva gode leseopplevingar.
      "Kos" deg med Irene!

      Slett
  2. Hei! Har ikke lest noen av dine, men har definitivt planer om å lese Damhaugs siste.:)
    Leines Evighetsfjord er jeg også nysgjerrig på, samt Hjort&Rosenfeldt.
    Bourgs Dødens elv hadde jeg på hjemlån før påske, men rakk ikke lese den så den dro tilbake til bib..
    Spent på hvordan du liker Paradisplaneten.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt sikker på at du vil lika En femte årstid; boka inneheld historiske tilbakeblikk, handlar om psykologi og psykiatri, har truverdige karakterar og fleire overraskingar.
      Kim Leine skriv fantastisk godt, og Profetene er ei utruleg sterk historie. Anbefalast varmt.
      Paradisplaneten er eg halvferdig med - så langt er eg nøgd, men ein smule forvirra. Eg reknar med at trådane blir nøsta opp i etter kvart.

      Slett
    2. Ja, det tror jeg også. har likt alle de andre jeg har lest av Damhaug, og han vet jo hva han skriver om siden han er psykiater, i tillegg til at han skriver sabla bra!
      Så vidt jeg husker så går trådene i Paradisplaneten godt i hop til slutt, så lenge man svelger IndianaJones-preget.

      Slett