Sider

24. juli 2016

Sommarlesing del 2: Ferielesing

Det mørke huset av Tor Edvin Dahl
Cappelen Damm 2015
271 sider, eBokBib


Ei bok som fortener mykje meir merksemd enn det ho har fått! Eg har ikkje funne ein einaste bokmelding på nett som gjeld fjorårets roman frå denne svært produktive forfattaren.
Eg trudde - feilaktig - at dette var ein kriminalroman, sidan eg har lest nokre David Torjussen-bøker før og fordi tittel og omslag er såpass "skummelt". Det vert rett nok fortalt om (minst) eit drap i boka, og det vert brukt enkelte element som ein kjenner att frå krim/spenningssjangeren, men dette er noko anna - og noko meir.

Handlinga går føre seg på tre ulike tidsplan; 1950-talet, 1970-talet og vår eiga tid. Hovudperson og eg-forteljar er ein mann som heile livet slit med opplevingar han hadde som fjortenåring. Opplevingane var hemmelege, tabubelagte og skremmande og sidan dei aldri har blitt "bearbeida" og snakka om går det ut over forholdet han har til folk rundt seg.

Det mørke huset er ei mørk og intens forteljing om venskap og foreldreskap, truskap og kåtskap. Det eg ikkje likar med boka er dei lause trådane som ikkje vert nøsta opp i på slutten. Eg har problem med den type open avslutning som ein får her, men boka er såpass fengslande at eg må gi terningkast 4.


Falkejakt av Hilary Mantel
Forlaget Press 2012
435 sider, lånt papirbok biblioteket


Bookerprisvinnar 2012 og oppfølgjar til Ulvetid. Falkejakt er ei knallbra bok, meir tilgjengeleg og strammare komponert enn den føregåande - og difor ei endå betre leseoppleving.
Hovudperson og forteljarstemme er framleis Thomas Cromwell - som slit med forholdet til kong Henrik den 8. og dronninga(ne) hans. Boka inneheld eminente skildringar, bitande karakteristikkar og interessante karakterar. At dei aller fleste av desse karakterane er verkelege historiske personar gjer det heile ekstra fascinerande.

Glimtet inn i dei private kongelege gemakkane og hoffkorridorane er groteske og latterlege - og like fullt truverdige. Her er intriger og begjær, konspirasjonar og maktkamp. Her er kvart einaste ekteskap, kvar einaste spontanabort og kvar einaste barnefødsel - storpolitikk.

Falkejakt er lagt til åra 1535-36 og det handlar om Anne Boleyn sitt fall. Kongen er desperat etter ein mannleg arving, noko verken den fyrste eller den andre dronninga hans har klart å gi han. No har han kasta blikket sitt på den unge hoffdama Jane Seymour. Alle metodar vert brukte for å få fjerna dronning Anne - ho som fekk kongen til å bryta heilt med pavekyrkja. Dei motreformatoriske kreftene byrjar å bli sterke på dette tidspunktet, men så lenge Henrik rår slår dei ikkje til for fullt. Og - enn så lenge - har "han, Cromwell", full tillit.
Mantel har ein spesiell stil og den norske oversetjinga er, etter det eg kan forstå; strålande. Terningkast 5+.



Mørk ild av C.J. Sansom
Forlaget Press 2009
557 sider, lånt papirbok privat


Fantastisk bok for oss som likar finurlege kriminalmysterium og som også har sans for historie generelt og Tudortida spesielt. I del to av C.J. Sansom si historiske kriminalromanserie møter me på nytt den pukkelrygga, rettskafne og smarte sakføraren Matthew Shardlake. Han har i denne historia to oppdrag; det eine er ei slags "lukka rom"-mordsak og det andre er eit spesialoppdrag for kongens mann - Thomas Cromwell.

Cromwell er altså med i denne boka også - men her har han ei meir tilbaketrekt rolle og me befinn oss no i år 1540. Makta og innflytelsen han har hatt på kong Henrik er på retur. Det engelske samfunnet er prega av kaos og strid og for Cromwell sjølv er framtida uviss, for å sei det forsiktig.
Sansom framstiller Cromwell på ein noko annan måte enn det Mantel gjer, og det er greit - og interessant.
Skildringane av dei skitne Londongatene er så gode at ein nesten kjenner stanken medan ein les. Forfattaren er utdanna både historikar og advokat - og det merkast. Noko dårleg framdrift i fyrste halvdel av boka trekker ned heilskapsinntrykket, men likevel: Terningkast 5.



Bøddel av Torgrim Sørnes
Vigmostad & Bjørke 2016
253 sider, eBokBib


Meir historie, denne gongen som sakprosa og litt nærare: 1700-talet og Danmark-Norge - som landet vårt heitte den gongen. Undertittel på boka er Mathias Fliegenring 1685 - 1729 - og han har hovudrolla i denne biografiske og dokumentariske boka.

Tema er dødsstraff og ymse andre straffemetodar, og forfattaren fortel ubehageleg grundig om dette. Ved å veva inn forteljinga om skarprettar Fliegenring og familien hans får ein eit meir forståeleg bilete av historia.
I denne boka finn ein mange triste og grusomme hendingar. Både livet og døden var sanneleg ei lang pine for mange av dei fattige her i landet den gongen. Og desse folka som utførte sjølve avstraffinga - korleis kunne dei leva vidare med seg sjølve?
Vel, Fliegenring greidde det ikkje..
Boka er velskriven og passar fint for folk med kriminalhistorisk og morbid interesse. Terningkast 4+.



Antarktis av Cecilie Skog
Gyldendal 2011
191 sider, 
lånt papirbok biblioteket

Nyare polarhistorie avsluttar dette samleinnlegget. Cecilie Skog er ei kul jente som eg ser opp til.

Skog fortel her i dagboksform om ein heilt spesiell ekspedisjon; ein poltur som handlar om sorgbearbeiding og terapi like mykje som fysiske strabasar. Mannen til Cecilie Skog, Rolf Bae, omkom i ei klatreulukke på fjellet K2 i Pakistan 1. august 2008. Som den ekspedisjonspersonen Skog er, valde ho Antarktis som sorgterapi.
Ho og kompisen Ryan Waters brukte 79 dagar på dei 1800 kilometrane frå Berkner Island via Sydpolen til Rossbarrieren. Dei lukkast i å nå målet sitt ved hjelp av god planlegging og godt samarbeid. Skog fortel at turen var fantastisk, men også beinhard fysisk og mentalt - og at ho etter turen fekk eit anna syn på seg sjølv.
Boka er kort, illustrert og lettfatteleg. Forfattaren byr på seg sjølv på ein sympatisk måte. Terningkast 4.

6 kommentarer:

  1. Kun Antarktis har jeg lest av disse. Hørte Cecilie Skog snakke om boka på Finse da den kom ut (Fjellitteraturfestival), og fikk boka i julegave etterpå. Fascinerende og sterkt. Det var jo ikke så lenge etter at Rolf døde.
    Ellers har jeg snust på Samson noen ganger, og Bøddel, men enda ikke lest dem. Dahl er også relativt ukjent for meg, selv om navnet er kjent og dukker opp iblant.
    Ha fortsatt god lesesommer.:) Nå skal jeg begynne på Tusen strålende soler. Tør ikke lese en ny krim nå rett etter En femte årstid, for det kan fort bli en nedtur.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sansom er bra - krim og Tudortid er ein underhaldande kombinasjon! Bok nummer seks i serien (Klagesang) har akkurat blitt utgitt.
      Tor Edvin Dahl har skrive mange bøker sjølv og har i tillegg oversatt mange, så han er relativt kjent, absolutt.
      Tusen strålende soler er kjempefin og stadig like aktuell. Ei annleis forteljarstemme og ein annan vinkling enn det som er vanleg.

      Slett
  2. Heisann!
    Jeg har ikke lest noen av disse, men de frister! Som så mye annet ;o)
    Jeg prøver å konsentrere meg mest mulig om hyllevarmere i sommer, dvs, jeg skal prøve å holde "nyheter og nyfristelser" unna fram til midten av august... Og tru det eller ei: i mellomtida har det allerede kommet noen nye inn i hylla, som muligens kvalifiserer til merkelappen "hyllevarmer" når det åpnes for nye bøker ;o)
    Håper du fortsatt gjør sommerdagene (og kveldene) minneverdige!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøker går ikkje ut på dato. Det berre virkar slik av og til, for det er så mykje fokus på alt det nye. No er bokhausten like om hjørnet, så då gjeld det å konsentrera seg om det som er lesbart, nytt eller ikkje.

      Slett
  3. Jeg har nettopp begynt på Ulvetid, og er ca 100 sider inn i boka. Litt "løs" i strukturen, ja. Jeg forstår hva du mener med en strammere komposisjon av Falkejakt. Sålangt inn er jeg likevel særs fornøyd med mursteinen. Har lest bøker fra Tudor-tiden tidligere, også med Boleyn-søstrene. Og sett film. Men det er like festlig denne gang, så jeg kommer med stor sannsynlighet til å lese videre i serien. Ihvertfall som jeg ser sålangt, og spesielt om du sier at bok 2 er minst like god - om ikke bedre! Det lover godt. De andre bøkene dine har jeg ikke vært borti.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig at du les Ulvetid, eg er så glad når eg oppdagar folk med same sære interesse som meg sjølv. Mantel skriv fabelaktig, men det tok lang tid og fleire hundre sider av Ulvetid før eg liksom "knekte koden". Men når eg var ferdig med boka var eg veldig nøgd. Ei heilt uvanleg - men til slutt ei svært god leseoppleving altså.

      Slett