Når det gjeld val av biografi er det to omsyn å ta. For det fyrste må "den biograferte" helst vera ein litt interessant person i utgangspunktet. Men vel så viktig: Biografen, forfattaren av biografien, må kunna skriva. Det hjelper ikkje kor stort kjeldemateriale ein har og kor mykje researcharbeid ein legg ned dersom ein ikkje klarar å formidla stoffet vidare til lesaren på ein god måte. (Og då tenkjer eg på den dårlege leseopplevinga eg fekk med Agatha Christie-biografien)
Vel, ein lærer så lenge ein lever, så eg vurderte både hovudperson og forfattar då eg i denne biorunden plukka ut Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup. Boka kom ut på Stenersen forlag i 1996 og eg har lånt ebok via bokhylla.no. Hegge og Sverdrup viste seg å vera ein brubar kombinasjon.
Nasjonalheltane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen kjenner alle til, og dei to skal ha for engasjementet, pågangsmotet, motet, viljestyrken, visjonane og kunnskapen dei synte gjennom ekspedisjonane og det vitenskapelege arbeidet dei utførte. Likevel - når ein kjenner til det som skjedde med Hjalmar Johansen (som Ragnar Kvam fortel om i Den tredje mann), vert det openbart at medaljen hadde ei bakside.
Som leiarar fekk (og tok) Nansen og Amundsen mesteparten av æra, men for å lukkast med ekspedisjonane sine var dei såklart heilt avhengige av dyktige og stødige støttespelarar, - som Johansen og Sverdrup. I norsk polarhistorie har både Hjalmar Johansen og Otto Sverdrup fått for liten plass, men det skal nemnast at Wikipedia-artikkelen om Sverdrup finst på heile 22 språk - så det ser ut til at han fekk eit visst internasjonalt ettermæle.
Otto Neumann Knoph Sverdrup vart fødd i Bindal i 1854. Familien flytta seinare til Steinkjer. Han var nest eldst i ein søskenflokk på ti og i slekt med andre kjende Sverdrup'ar som Georg (Eidsvollmannen) og Johan (han med parlamentarismen). Vesle Otto vart oppdregen til å bli ein hardhaus: Det vert fortalt at han og den eitt år eldre broren lærde å symja ved at morfaren rodde dei ut på fjorden, kasta dei over bord og ba dei kara seg til lands. Alt frå ti års alder fekk han gevær og han skaut sin fyrste bjørn som 14-åring. Seinare for han til sjøs og utdanna seg til styrmann og skipsførar. Medan han arbeidde som skipper på eit dampskip på Trøndelagskysten kom han i kontakt med sakføraren Alexander Nansen, bror til Fridtjof. På denne tida var Fridtjof Nansen på jakt etter mannskap til Grønlands-ekspedisjonen sin - og broren tipsa han om den allsidige og sindige Otto Sverdrup.
Som tittelen Aldri rådløs viser: Sverdrup var praktisk anlagd og ein nevenyttig kar, ein altmulegmann som alltid visste råd. Hegge fortel at han var beskjeden og fåmælt av natur. I tillegg var han hardfør, uthaldande og lojal. Nansen sette nok stor pris på ein mann med slike eigenskapar.
Fridtjof Nansen sin ekspedisjon over Grønland i 1888 var dristig, dramatisk og i ettertid; legendarisk - og Sverdrup bidrog sterkt til at ekspedisjonen vart ein suksess. Deltakarane brukte lenger tid enn forventa på den 670 kilometer lange "skituren" slik at dei måtte overvintra på Grønland. Denne overvintringa skulle komma til å bli viktig for både Nansen og Sverdrup i dei kommande åra: Dei brukte tida på å læra å leva og overleva i polare strøk av urbefolkninga - inuittane. Det handla både om kosthald, jaktmetodar, utstyr og praktisk kunnskap om kajakkpadling og hundekøyring.
Marsjen over innlandsisen. Grønland august - september 1888 Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3b057 |
Per Egil Hegge fortel vidare om Sverdrup sitt liv og virke. Det var som skipper og ekspedisjonsleiar han skulle komma til å bli mest kjend som, men det vart både giftarmål og barn på han også. Han gav truleg ikkje uttrykk for at han lengta heim til seg og sine, men i eit dagboksnotat seier han: "I dag er det et år siden jeg reiste fra mit kjære hjem og min inderlige kjære hustru og lille datter. Det var forferdelig tunkt å forlate dem, jeg har aldri følt mig så ulykkelig ved at reise hjemmefra som denne gang.." Dette skreiv han i juli 1894, då Sverdrup og dei andre på polarskipet Fram befann seg langt oppe i isen nord for Sibir.
Fram er det skipet som har vore lengst mot nord og lengst mot sør. Det vart bygd av Colin Archer på initiativ frå Fridtjof Nansen - og Otto Sverdrup var ein slags konsulent då skipet vart bygd. Han skal også ha mykje av æra av at skipet vart bevart for ettertida. I dag kan ein sjå Fram utstilt på Frammuseet i Oslo.
Den fyrste Fram-ekspedisjonen (ofte kalla første Fram-ferd, 1893-96) var ein banebrytande polarekspedisjon som foretok mange viktige vitenskaplege studiar og målingar. Fram fraus fast i isen som forventa og dreiv over polhavet. For den utålmodige Nansen var det nedtur at dei ikkje dreiv enno lenger nord, mot sjølve polpunktet, så han og Hjalmar Johansen tok med seg hundar, sledar og proviant og la i veg i retning Nordpolen. I Nansen sitt fråver var det Sverdrup som hadde ansvaret på Fram. Fyrst i 1896 kom Fram laus frå isen, omlag samstundes som den andre delen av ekspedisjonen, Nansen og Johansen, kom til rette etter overvintring på Frans Josefs land. Eit samla mannskap kunne dermed ta fatt på siste etappe; ei triumfferd langs heile kysten fram til målet i Kristiania. Alle stader vart dei hylla og jubla for.
Her har mannskapet på Fram stasa seg opp etter heimkomsten. Nansen i midten bak, Johansen og Sverdrup rett framfor han. Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3c145 |
I denne boka vert det fortalt utførleg om fyrste Fram-ferd, og gjennom det som skjedde på turen får ein eit godt innblikk i korleis Otto Sverdrup var som person. Det virkar som om han var ein venleg mann, ein god organisator og omsynsfull leiar, men sidan han var så tilbakehalden og ordknapp fekk han vanskar med å halda motet oppe blant mennene sine. Dei lange, kalde og mørke månadene førte til at mennene fekk det som i dag kallast "brakkesjuke". Drifta av Fram gjekk ulideleg sakte, fleire av mennene kom i konflikt med kvarandre og skipslegen (polarlegen som du kan lesa meir om hos Anita) viste seg å vera narkoman. Sin eigen frustrasjon tok Sverdrup ut gjennom dagbøkene. Dei inneheld skarpe karakteristikkar og djup kritikk av av dei andre - særleg Fridtjof Nansen.
To år etter drog Sverdrup igjen avgarde med Fram (andre Fram-ferd 1898-1902), denne gongen som ekspedisjonsleiar. Ferda gjekk til dei svære områda mellom Grønland og Canada og målet var polarforsking og kartlegging og faktisk også erobring av nytt land. Dei var vekke i fire år, eitt år lenger enn forventa. Heller ikkje denne turen var utan dramatikk; av mannskapet på 16 som reiste, kom berre 14 tilbake. I samband med førebuingane til ekspedisjonen vart Nansen og Sverdrup usamde, og dei var ikkje på talefot på mange år. Men dei respekterte kvarandre og vart mot slutten av livet forsona igjen.
Sverdrup og familien busette seg i Sandvika etter ei tid med ulike utanlandsopphald; m.a. gjorde han eit mindre vellukka forsøk på plantasjedrift på Cuba. På sine eldre dagar var han leiar for tre store og krevjande russiske redningsaksjonar i Arktis. Otto Sverdrup døydde av kreft i 1930.
Otto Sverdrup på sine eldre dagar. Dette er frå 1928. Foto: Wikipedia.org |
Denne biografien er velskriven, men mange direkte sitat frå dagbøker gjer at det er litt tunglest. På plussida må nemnast rikeleg med interessante bilete, illustrasjonar og kart. Per Egil Hegge peikar i forordet på at kjeldematerialet om og rundt Otto Sverdrup er sparsamt, men eg tykkjer likevel at han får teikna eit grundig portrett av mannen. Hegge får fram kor spesiell Sverdrup var og kor unike eigenskapar han hadde. Han var høgt respektert i si eiga samtid og blant sine eigne, men det virkar som om han mangla noko som Fridtjof Nansen hadde rikeleg av; karisma.
Biografien inneheld eit tillegg skrive av Asbjørn F. Aastrøm. Han har gått i Otto Sverdrups sine fotspor i det nordlege Canada og skildra den storslagne naturen der i ord og bilete.
I Otto Sverdrup sitt rike Skjermbilde frå boka. Foto: Asbjørn F. Aastrøm |
Dersom du no ikkje er lei av å lesa om polferder, is og kulde og slikt; ta ein titt innom hos Moshonista og sjå kva andre bokbloggarar har lest og skrive om same tema!
Veldig interessant å lese din omtale om Sverdrupbioen, Berit. Blessing var også god venn med Sverdrup, men forholdet kjølnet pga en uenighet om en bok de skulle skrive sammen på oppdrag fra Nansen, om resten av turen etter at Nansen forlot Fram. Blessing følte seg urettferdig behandlet, men gikk likevel med på en dårlig avtale for ham selv. Da turen var over, ble det likevel ingenting på Blessing. Mer om det kan leses i Polarlegen.
SvarSlett(takk for link )
Det virker som de ble venner igjen siden Sverdrup besøkte Blessing i København for å drøfte den nye Fram-ekspedisjonen. Sverdrup skjønte hvor dårlig Blessing var og at han ikke kunne ha ham med. Derimot ble legen Johan Svendsen med og han tok livet av seg ombord. Trøste og bære..hårda bud. Skrev Hegge noe om dette i boka?
Enig med deg i at det er fascinerende hvordan de greide seg og hvilket mot de hadde som la ut på disse ekspedisjonene...
Jeg la til noe om Blessing og damer i innlegget mitt nylig, hadde visst glemt det.. Det er jo så mye man kan ta med og alt for mye å skrive alt.
Hegges bok ble jeg også nysgjerrig på. :)
Ja, som eg skriv over var Fram2-turen heller ikkje utan dramatikk. Hegge skriv om doktor Svensen sin triste skjebne. Eg siterer frå boka som siterer frå Sverdrup si dagbok som siterer frå Svendsen si notatbok: "Har forgjeves søgt efter en tapt sok disse dage. Rør ikke ved mitt kadaver! Ikke frygt for døden men for ikke at være min post voksen drev mig til min udåd. Har i sørgelig grad overvurderet mig selv. Tror det er en fordel for expeditionen at blive mig kvitt." Den stakkars mannen viser her ein viss grad av sjølvinnsikt, men han var nok forvirra, utkjørt og nedbroten, fysisk og psykisk. Han skaut seg sjølv i hovudet og døydde momentant. Dette skjedde i 1899. I boka finst eit bilete tatt i 1992 av det gamle trekorset som Sverdup og dei andre sette opp til minne om Johan Svensen.
SlettHuff, triste greier..
SlettVirkelig et flott og lærerrikt innlegg, Berit.
SvarSlettJeg liker at vi får disse polarheltene fra flere sider, gjennom ulike bøker og synsvinkler. Hverken Hegge eller Sverdrup var med i mi bok, men Hjalmar var, og konflikten med Amundsen tok mye plass til å være ei så lita bok. Mange følelser involvert, og Amundsens største problem, iflg, Ytrebergs versjon, var vel at han ikke maktet å uttrykke dem (med annet enn sinne og irritasjon).
Blir matt når jeg ser bilder fra disse ekspedisjonene, skjønner ikke at det er mulig. At de ikke ligger i issprekker alle mann.
Takkar for positiv tilbakemelding, det set eg pris på.
SlettSett i etterpåklokskapens lys og med dagens demokratisyn var Nansen og Amundsen håplause som personalleiarar.
Og Amundsen - han forsvann i ein issprekk.
Jeg sier som Anita og Ingalill, grundig og lærerikt. Og god kategori. Dette er det andre boka jeg leser om Polarekspedisjonene, på ett år. I fjor leste jeg om Hjalmar Johansen. Disse historiene er spennende altså, og jeg merker jeg har lyst til å lese mer om disse ekspedisjonene :)
SvarSlettDet har vore positiv respons på kategorivalget, noko eg er glad for. Eg trudde tidlegare at eg var den einaste som var fascinert av polarhistorie.
Slett