349 sider
Papirbok fått i gåve
Utfordringa og leseprosjektet Bokhyllelesing har som føremål å lesa hittil uleste bøker frå eigne hyller, etter felles kriteriar. I årets fyrste runde er temaet les ei bok med blått omslag. Eg valde ei bok som ikkje har samla støv så veldig lenge: Eg fekk boka i bursdagsgåve i september i fjor.
Eg har, som mine faste blogglesarar veit, ei særleg interesse for svensk krim. Difor er det spennande og interessant med nye namn, men eg tykkjer verkeleg at å utropa Mikaela Bley som "Sveriges nye krimdronning" kun på grunnlag av denne debutboka - det er å ta hardt i.
Lycke vart ei høgst middelmådig leseoppleving for meg. Dette er ei krimbok for nybyrjarar; lettlest, fortlest - og fortgløymt. For meir røynde krimlesarar vert dette for enkelt og for tamt. Det er tydeleg at Bley har vore inspirert av forfattarar som Camilla Läckberg og Liza Marklund, men ho når ikkje opp til desse.
Det handlar om Lycke - ei åtte år gammal jente som forsvinn utan å etterlata seg spor. Foreldra er ekstremt sjølvopptekne og har meir fokus på å motarbeida kvarandre enn å vera bekymra for den forsvunne dottera. Stemora er likegyldig, media er grafsande og politiet er udugelege. Den einaste som prøver å gjera noko for å spora opp jenta er "vår heltinne", TV-journalisten Ellen Tamm. Denne Ellen har både guts, mot og erfaring, men vert elles framstilt på ein særs klisjéaktig måte. I det heile er det mykje som ikkje stemmer med denne boka med tanke på realisme og truverdigheit.
Enkelt språk, korte setningar, oversiktleg plott og tydelege perspektivskift gjer boka enkel å følgja og rask å lesa. Likevel er eg snill når eg gir terningkast 3.
Du finn oversikt over fleire OTS-bøker med blått omslag på bloggen Boktanker.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Eg "slengjer på" enno ein kort bokomtale i dette blogginnlegget. Dei to bøkene har såpass mykje felles at det er naturleg. Dei er begge skrivne av svenske kvinnelege forfattarar og begge er i kategorien lettlest publikumsvenleg underhaldningskrim. Samstundes er det ein del som er forskjellig. Med tanke på tema i utfordringa finn ein også her, dersom ein ser godt etter, eit blåskjær på omslaget. Boka er ikkje henta frå bokhylla mi, men frå biblioteket sine utlånshyller.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Cappelen Damm 2016
Speletid 10:59
Opplesar Håkon Strøm
Medan Lycke er ei debutbok, er I maktens skygge bok nummer 7 i ein serie frå ein veletablert forfattar. For meg er Viveca Sten eit heilt nytt bekjentskap, men eg har fått med meg at krimserien hennar er populær.
Folk som likar Camilla Läckberg sin serie frå Fjällbacka likar sikkert denne serien frå Stockholmsskjærgarden óg. Sjølv er eg lei av Fjällbackaserien - fordi bøkene er så like. Har du lest ei bok har du lest alle liksom. Eg har inntrykk av at det same gjeld Sandhamn-serien.
Sten har for så vidt gjort bra handverk. Boka er logisk, enkel og har ei grundig oppbygging. Det baud heller ikkje på noko problem å starta lesinga langt ute i serien.
Det som trekker ned er alle klisjéane og trivialitetane, dei stereotype karakterane, overforklaringane, mangelen på spenning og ein særdeles treig start.
Eg forventa betre frå ein bestseljande og forholdsvis kjend forfattar. Terningkastet avspeglar dette.
Om eg kjem til å lesa fleire av bøkene i denne serien? Neppe.
Svensk krim pleier å bety kvalitetskrim - men det stemmer ikkje alltid.
Oy, det var terningkastene sine det :)
SvarSlettJepp. Frydar meg litt når eg skriv slakt. *ond latter*
Slett