Speletid 10:48
Opplesar Anders Ribu
Lytteeksemplar
Dette er ei rykande fersk lydbok, fabelaktig opplest og ein storarta avslutning av trilogien om Camille Verhoeven. Ikkje fullt så nervepirrande og heller ikkje med så mange sjokkerande overraskingar som i dei føregåande Irene og Alex, men også dette er ei uhyre velskriven, velkomponert og spennande forteljing.
Lemaitre har ei fabelaktig evne til å skildra dramatiske hendingar. Det er så knivskarpt og så detaljert at det er som å sjå ein (sakte) film. Midt inne i actionscenene flettar han gjerne inn refleksjonar, reaksjonar og karakteristikkar. Språket er elegant, men også ironisk - slik at ein vert sitjande å humra litt samstundes som det handlar om vald, blod og gru. Det er godt gjort av ein forfattar å få fram så ulike reaksjonar samstundes.
Med tanke på kva som hende med Irene og Alex, dei to kvinnene som bok ein og to handla om, må eg sei at eg var svært spent på denne boka som heiter Camille. Kva i alle dagar skulle bli Camille sin lagnad? Det tenkte eg ein heil del på medan eg las. Spenningsnivået er høgt gjennom heile boka, og ein kan sei at dette usikkerheitsmomentet skapte ein ekstra "spenningsdimensjon".
Det er ikkje så lett å skriva eit samandrag av handlinga fordi ein gjerne avslører for mykje. La meg berre kort sei at utgangspunktet er eit ekstremt brutalt ran og at ein av ofra for denne ugjerninga er Anne, den nye kjæresten til Camille.
"En hendelse blir betraktet som avgjørende når den vipper livet ditt fullstendig ut av balanse. [..] Som for eksempel tre skudd fra en pumpehagle mot kvinnen du elsker. Det er det Camille snart skal oppleve.."Anne overlever valden ho vert utsett for, men medan ho er til behandling vert ho utsett for eit nytt angrep. Er det ransmennene som vil kvitta seg med eit vitne, eller ligg det noko anna bak? Camille er rådvill og redd og må etter kvart ty til kreative løysingar og alternative etterforskingsmetodar.
Forfattaren knyter hendingar i dei to fyrste bøkene saman med denne siste. Eg gir denne boka ein femmar på terningen, men for heile trilogien har eg mest lyst til å gi terningkast 6. Då er det ein føresetnad at ein les bøkene samanhengande og i rett kronologisk rekkefølge.
Fleire søndagssmakebitar og boktips kan du finna på bloggen Flukten fra virkeligheten.
Hm... angrer nesten litt på at jeg hoppet av etter Alex. Husker at jeg syntes den var grotesk, på kanten av det urealistiske. Mulig jeg må ta opp igjen tråden, kanskje ved hjelp av lydbok, for Anders Ribu er en av mine favorittinnlesere :)
SvarSlettGrotesk? Ja. Urealistisk? Ja.
SlettMen - velkomponert, elegant, spennande og overraskande.
Tack för smakbiten. En bok (och trilogi) som jag inte alls kände till sen tidigare!
SvarSlettBare hyggelig. Du bør "kolla upp" denne.
Sletttack för smakbiten!
SvarSlettBare hyggelig
SlettEnig med deg, Berit, serien som helhet er glitrende god!
SvarSlettJepp, enig.
SlettJeg hører mye på lydbøker, så takk for smakebiten
SvarSlettLydbøkene anbefalast sterkt når det gjeld denne serien.
SlettDette høres ut som en utrolig spennende trilogi, kanskje litt for spennende for min smak hvis den er grotesk som Tine sier. Likevel så blir jeg litt fristet når både du og Bjørn mener den er så god. Tusen takk for fin anmeldelse og ikke minst en spennende smakebit!
SvarSlettEg er nøgd med at du vurderer serien. Sjå elles svaret mitt på Tine sin kommentar over.
SlettJøss og bevares! Denne har jeg på vent - hele trilogien faktisk - og nå rykket den kraftig opp på lista! En sekser, sier du? Jeg gleder meg!
SvarSlettSå bra, Marianne. Hugs Irene fyrst, deretter Alex og til slutt Camille. Kronologien er sentral i denne serien. Alt heng saman.
SlettJeg vurderte Alex som for grotesk for meg.. hvorfor må det til når bøkene tydeligvis er så gode?
SvarSlettSjå svar på kommentaren til Tine over. Eg er sikker på at du tåler såpass, Anita.
SlettDu tror ikke jeg kan få mareritt?
SlettHadde sikkert vært best å høre den/m på lydbok, da er jeg mer distansert- men jerg orker ikke å høre lydbøker for tiden..
Eg kan ikkje garantere at du ikkje får mareritt - men det ER jo dikt og oppspinn og eventyr..
Sletthelt okänt för mig, men det låter intressant. tack för smakebiten!
SvarSlettEg gjorde eit kjapt søk - og eg trur ikkje denne serien er utgitt på svensk enno. Men finst i alle fall på norsk, dansk og engelsk i tillegg til originalspråket fransk.
SlettDen känner jag inte till. Tack för smakbiten!
SvarSlettJeg hadde veldig store forventninger til Camille og boka skuffer ikke. Det gjør derimot forlagets valg av innleser. Håkon Ramstad som leste Irene og Alex formidler den underliggende svarte humoren på en glimrende måte. Anders Ribu river dette i stykker med pauser på feil steder, pompøs uttale og i tillegg har han endret uttalen på navnene fra bok en og to. Utrolig irriterende. Så godt råd til alle som har lydbøker av Irene og Alex. Dropp Camille i lydbok og kjøp den som vanlig bok.
SvarSlett(Beklager seint svar, kommentaren din var gått i spamfilteret)
SlettEg likar vanlegvis opplesarstilen til Anders Ribu, men eg er enig med deg i at i desse tilfella var Håkon Ramstad best.