Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13.52
Kjelde: Kjøpt lydfil
Dersom eg ikkje var kjent med forfattarskapet til A.J. Kazinski frå før, ville eg vore skeptisk til ei bok med tittelen Drømmetyderens død. For meg - eit forholdsvis fornuftig og rasjonelt menneske - er tyding av draumar ein aktivitet eg stiller meg uforståande til. Kva er vitsen liksom, når ein mest sannsynleg har gløymt det meste av det ein har drøymt når ein vaknar?
Men no er det slik at skal ein ha glede av denne boka må ein vera open og kunna leggja skepsis og krav om realisme til side. I denne serien vert nemleg "normale" kriminalgåter og "vanleg" politietterforsking miksa saman med vitenskaplege og historiske fakta - og i tillegg; ein del uforklarlege, oversanselege og overnaturlege element. Resultatet er ein bokserie som er interessant og leseverdig. Faktisk.
Dette er fjerde del og ei ny og velskriven bok i serien om gisselforhandlaren Niels Bentzon i Københavnpolitiet. Og denne gongen får Niels ekstra store utfordringar, både privat og jobbmessig. Hans kjære Hannah er dødssjuk av kreft. Niels kjem truleg i nær framtid til å bli åleinefar til to små barn. Midt i denne livskrisa får Niels eit oppdrag - og etter kvart vert han - og Hannah - involvert i ei stor og kompleks mordgåte. Arbeidet og etterforskinga vert terapien deira i ein elles uhandterleg og ubegripeleg situasjon.
Professor (og draumetydar) Evelyn Heiberg vert drept med fleire knivstikk medan Niels nesten er augevitne til hendinga. Gjerningspersonen har etterlate seg DNA-spor, men det viser seg at vedkommande er i fengsel og har vanntett alibi. Korleis kan det forklarast? Saka er kompleks og uforståeleg og etterforskarane kjem ingen veg - men Niels gir ikkje opp.
Handlinga føregår i notid i København, Zürich, Wien og Sarajevo. I ei sidehistorie som føregår i 1984 får me møta ein ung serbisk leigemordar og hans spesielle oppdrag. Mykje av spenninga består i korleis den forteljinga kan henga saman med notidssaka. Trådane vert fletta elegant saman mot slutten av boka. Men før denne samanflettinga finn stad, skal lesaren innom mangt og mykje. Handlinga er likevel oversiktleg og det er ikkje spesielt vanskeleg å halda orden på alle trådane.
Drømmetyderens død er ei dramatisk, spennande, gripande og underhaldande bok. Ikkje alt som vert fortalt er like logisk og forståeleg, men det meste får ei rasjonell og fornuftig forklaring til slutt. Sjølv om sorg og uro pregar hovudpersonane, finn ein også mykje underfundig humor og artige karakteristikkar her. Det som i grunnen er aller mest spennande er Hannah sin lagnad. Kan det skje eit mirakel? Er det håp om at dødsdømte Hannah likevel kan bli frisk?
Eg set pris på at A.J. Kazinski utvidar krimsjangeren og utfordrar omgrepet Nordic Noir med bøkene sine. Eg gler meg til bok nummer fem.
Eg har lest alle bøkene i serien som lydbok - og det kjem eg til å halda fram med. Haakon Strøm formidlar dei ulike forteljarstemmene på ein fin måte og har elles ei "troskyldig" stemme som passar til handlinga.
Andre bloggmeiningar: Heartart, Tine sin blogg, Artemisias verden
Kronologi: 1. Den siste gode mann, 2. Søvnen og døden, 3. Den gjenfødte morderen
Ja, hva er ikke å like med disse bøkene? De er toppligaen, rett og slett.
SvarSlettTakk for link!
Jeg likte innledningen din, dette er virkelig drømmetyding for rasjonelle mennesker. Takk for linking, som du vet digger jeg denne serien, og denne boken var også veldig bra :)
SvarSlettEnig Anita og Tine :-) Dette er bøker for oss som har sans for spenning og eventyr, intrikate plott og gjennomført stil!
SvarSlett