Sider

4. oktober 2017

Bokomtale: Her hos de levende av Levi Henriksen

Lydbokforlaget 2017
Speletid 7:53
Opplesar: Levi Henriksen
Lytteeksemplar

Levi Henriksen skriv ofte om sterke kjensler - på ein enkel og liketil måte. Det gjer han også i denne boka. Her hos de levende er ein oppvekstroman, ein erindringsroman og ein biografisk roman.

Ein roman altså, ikkje ein dokumentar. Men mange av dei personane ein møter og dei hendingane det vert fortalt om er nok basert på det som er/var verkeleg.

Forteljarstemma er ein mann på 50+. Han er rockemusikar og heiter Henriksen, men om han har fleire ting felles med forfattaren - det får ikkje lesaren vita. Og det er heller ikkje så interessant. Levi Henriksen har nok, som vel alle forfattarar gjer i alle bøker, brukt seg sjølv og sine eigne opplevingar og erfaringar.

Boka startar med eit dramatisk frampeik. På fyrste side i boka kan ein lesa følgjande:
”Halvbroren til faren min skjøt seg i et bryllup i romjula rett etter krigen, men det er ikke den historia jeg skal fortelle nå. Heller ikke om hva som skjedde den kvelden pappa gikk for å slå i hjel stefaren sin (...),”
Levi Henriksen held ikkje fram på same dramatiske vis. Nei, han roar ned og presenterer (ein versjon av) seg sjølv; ein mismodig mann som har reist frå kone og barn. Han har flykta frå livet sitt for å finna seg sjølv, på ein måte. Han vonar at han gjennom å opphalda seg i barndomstraktene for ei tid, kan finna tilbake til røttene sine. Forteljaren - la meg kalla han "Levi" - vil gjerne forstå seg sjølv og sine eigne reaksjonar betre ved å snakka med folk og å gå gjennom nedskrivne notat, gamle minner og velbrukte gjenstandar. Samstundes dyrkar han einsemda og ettertanken.

På slentrande, typisk Levi Henriksen-vis, vert det fortalt sorgmuntert om livet, døden og kjærleiken. Me er tilbake i den fiktive bygda Skogli og dei mennesketypane som befinn seg der; både miljøet og menneska er gjenkjennbare frå tidlegare Henriksen-bøker. Den mest sentrale karakteren i boka er forteljaren sin far, Hermann Henriksen. Det vert fortalt om bakgrunnen og den tøffe oppveksten hans. Om kor gjennomsiktig eit lite bygdesamfunn var. Om hardt arbeid, harde slag og djup sorg. Om kampen om å bli sett og godtatt. Om lengselen etter å komma seg bort. Om familiekonfliktar og familiesamhald. Om å finna trøyst, men også uro, med Gud og Jesus.

Vert så "Levi" meir fortruleg med eige liv og eigne kjensler gjennom å fortelja om faren og andre slektningar sitt liv og historie? Det er fleire svar på det spørsmålet. Den som les får sjå - og vurdera sjølv.

Undervegs i lesinga er det av og til uklart for meg kva Henriksen meiner og kvar han er på veg, og det frustrerer meg. Men - dette er noko som muleg (truleg?) er denne lesaren sin "feil" og ikkje forfattaren sin. Han er også av og til heilt på grensa til å bli for sentimental - og eg er jo bortimot "allergisk" for slike ting.

Eg likar uansett Levi Henriksen sin skrivestil. Eg likar det nostalgiske og melankolske og dei spesielle karakterane hans. I Her hos de levende byr han på ei noko mørkare side av seg sjølv enn det eg har sett/lest tidlegare.

Lydboka anbefalast. I byrjinga sette den "knirkete" stemma til Henriksen meg litt ut, men eg vande meg til den. I ettertid er eg overtydd om at den mest "riktige" måten å lesa denne boka på er å høyra på forfattaren si eiga opplesing. Han les i skiftande tempo og toneleie og med høg intensitet og ekte engasjement.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Kleppanrova

Eg likar (også) låtskrivaren/musikaren/vokalisten Levi Henriksen. Her er han og bandet hans Babylon Badlands med den kjempefine Pilegrim Måne:

12 kommentarer:

  1. Jeg opplevde Levi Henriksen på Gyldendals høstmøte i går, både med gitaren og med boka. Artig. Har opplevd han før også, på Lillehammer litteraturfestival. jeg synes han er veldig morsom, men enda har jeg ikke lest noe av ham. Denne boka ble jeg veldig nysgjerrig på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg la merke til det ja, og ga Instagrambiletet ditt eit hjerte :-) Er litt misunneleg på dykk som får oppleva så mange forfattarar "live".
      Ikkje lest noko av Henriksen? Verkeleg? Det er ikkje så mange nolevande norske romanforfattarar (ikkje-krim) eg likar skikkeleg godt, men Levi Henriksen er ein av dei.

      Slett
    2. Når du sier det så husker jeg at jeg så det i går.;)
      Helt sant, ikke lest, selv om jeg ha rei bok fra et tidligere Gyldendalmøte i hylla..
      Må nok gjøre noe med det. Før trodde jeg han var mest en sånn manne- og bygdeforfatter.. med mye bil og eksos i romanene sine.
      Skriver han like morsomt som han snakker?

      Slett
    3. Ein finn underfundig humor og pussige karakterar i bøkene hans. Ikkje så mykje i denne boka, her er det meir alvor - og han er meir personleg. Det religiøse (pinsebevegelsen) er også eit tema han ofte vender tilbake til. Ein mann med mange ulike sider altså.

      Slett
    4. Så bra at man kan gjenkjenne humoren i bøkene, skjønt jeg forstår at den siste kan være mer alvorilg.

      Slett
  2. Hei! Takk for link.
    Jeg likte nok boka litt bedre enn deg. Det kan være at det er fordi jeg føler det han forteller er meg så nært, i nærområdene her jeg bor og har bodd. Jeg kjenner så godt igjen mange av stedene han henviser til. Det er virkelig mange underlige typer steder som i Nordskogbygda, Hernes og Løten. osv.
    Enig med deg at å høre på hans stemme som leser er ganske særegent.
    Men, konsert med han blir litt for kjett for meg og noen ganger for religiøst.

    SvarSlett
    Svar
    1. Når ein gjenkjenner stader og folk blir det meir levande og forståeleg.
      Kanskje ein heil konsert hadde blitt litt mykje, eg ser den. I små porsjonar er han fin, tykkjer eg.

      Slett
    2. Jeg var på en hel konsert med ham på Lillehammer, i sirkusteltet- den varte i alle fall en time.. Jeg synes det ikke var så værst jeg. Men det var jo sent og etter en pub-te-pub-runde med Levi H og Crister Mjåset først..

      Slett
  3. Ser at jeg likte denne bedre enn deg, kanskje fordi jeg var så fornøyd med å lese en virkelighetsroman som ikke bød meg imot på noe tidspunkt. Har helt samme tanke om innlesingen til forfatteren, det er nesten et must å høre ham lese :)
    I går hørte jeg ham både lese og synge, på Gyldendals arrangement i Bergen, det var storveis!

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig, Levi Henriksen må ha det travelt om dagane.
      Eg har også eit noko anstrengt forhold til denne "virkelighetslitteraturen". 'Her hos de levende' har eg lest som ein roman - fordi det ER ein roman.

      Slett
  4. Jeg fant ikke helt fram i denne boka, som jeg også skrev i min bloggomtale. Noen ganger er det bare sånn! Ser at mange andre liker romanen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at det er litt vanskeleg å skjønna kva som er poenget/motivet med boka. Eg likar tilbakeblikka og det historiske, men ser ikkje heilt korleis notidshistoria passar inn i det andre.

      Slett