Foto: Aftonbladet.se |
Maj Sjöwall
Svensk krimforfattar og oversetjar f. 1935.Dette er sjølvaste Deckardrottningen med stor D. Saman med ektemannen Per Wahlöö skreiv ho dei ti bøkene om politietterforskaren Martin Beck. Bøkene kom ut i tidsrommet 1965 - 1975 og har alle undertittel "roman om en forbrytelse". Dette er politiromanar som inneheld ganske så skarp samfunnskritikk: Dei handlar ofte om korleis kriminaliteten endrar seg i takt med samfunnsendringar og dessutan om korleis samfunnet skapar taparar - og dermed grunnlag for kriminelle handlingar.
Då bøkene kom ut var dei banebrytande; ein kan sei at serien er grunnpillaren for den svenske krimsuksessen me har sett i ettertid. Bøkene er politiske, realistiske og velskrivne - og er blitt klassikarar. Me hadde vel neppe fått begrepet Nordic Noir utan forfattarpartet Sjöwall & Wahlöö. Bokserien har handling frå ei tid utan DNA-spor, internett, datamaskiner og mobiltelefonar. Likevel vil eg påstå at bøkene framleis er aktuelle: Skildringa av kampen mellom det gode og det onde er tidlaus.
Karakterane Martin Beck og Gunvald Larsson er velkjende for dei fleste av oss gjennom fleire filmar og TV-seriar.
Per Wahlöö døydde i 1975. Etter det vart det ikkje fleire kriminalromanar frå Maj Sjöwall, men ho har halde seg innan bransjen: Ho har m.a. oversatt Anne Holt sine bøker til svensk.
Mo Hayder
Britisk forfattar f. 1962.Denne dama skriv råare - og betre - enn dei fleste. Den fyrste boka eg las av henne, Fuglemannen, har verdens eklaste plott - det er eg ganske sikker på. Korleis er det muleg å finna på noko så sjukt!? Og kvifor - kvifor! - vart eg så fascinert av det?
Jo; fordi Mo Hayder skriv så godt. Ho er ekstremt dyktig på spenningsoppbygging og overraskande vendingar og skildrar gjerne tabubelagte tema. Karakterane hennar er truverdige og framstår som ekte, med både sterke og svake sider.
For meg er det motsetningane mellom det fråstøytande og det tiltrekkande som gjer Mo Hayder til ein favorittforfattar. Det er klart at ho utfordrar lesaren når ho skriv på den måten ho gjer - og bøkene hennar passar slett ikkje for alle lesarar. Er du av den sensible og nærtakande typen som gjerne får mareritt av skrekk og gru; styr unna Mo Hayder!
Eg har lest alle bøkene i Jack Caffery-/Walking Man-serien og ser fram til å lesa Ulven som no endeleg er blitt tilgjengeleg på norsk.
Elles må nemnast den frittståande spenningsromanen Tokyo som er ei fabelaktig bok: Ekstremt spennande, usedvanleg interessant og uhyggeleg grotesk. Heilt topp, med andre ord.
Redigert 2022:
Mo Hayder døydde i august 2021 etter kort tids sjukdom.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Andre M'ar verdt å nemna er dei svenske krimforfattarane Mons Kallentoft og Markus Luttemann og dei norske krimforfattarane Monika Yndestad, Merete Junker og Marit Reiersgård.
Enkelte vil kanskje halda fram serieromanforfattarane May Grete Lerum og Margit Sandemo. Andre forfattarar som har mange tilhengarar/lesarar er Maria Parr, Margaret Skjelbred og Maja Lunde.
Kven er din favoritt på M?
Mo Hayder døydde i august 2021 etter kort tids sjukdom.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Andre M'ar verdt å nemna er dei svenske krimforfattarane Mons Kallentoft og Markus Luttemann og dei norske krimforfattarane Monika Yndestad, Merete Junker og Marit Reiersgård.
Enkelte vil kanskje halda fram serieromanforfattarane May Grete Lerum og Margit Sandemo. Andre forfattarar som har mange tilhengarar/lesarar er Maria Parr, Margaret Skjelbred og Maja Lunde.
Kven er din favoritt på M?
Wow. Mo Hayder! Hun er bare helt rå! Bra valg, Berit :-)
SvarSlettMo Hayder tok meg med storm då eg las Fuglemannen - og no ser eg fram til Ulven som eg skal "kosa" meg med i jula :-)
Slett