Sider

30. april 2018

Oppsummering april 2018

Påbyrja i mars, fullført i april:
David Lagercrantz - Mannen som jaget sin egen skygge - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Emelie Schepp - Skjult agenda - Svensk krim - Kjøpt pocket
Erika Fatland - Grensen - Norsk dokumentar - Lånt ebok eBokBib

Lest i april:
Alexander McCall Smith - Damenes detektivbyrå nr. 1 - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Arne Dahl - Innland - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Marit Lande - Munch - liv og kunst - Norsk biografi - Lånt ebok nb.no
Alexander McCall Smith - Sjiraffens tårer - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Anna Ekberg - Den hemmelige kvinnen - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Mads Peder Nordbo - Jenta uten hud - Dansk krim - Lånt lydbok biblioteket
Anna Grue - Dypt å falle - Dansk krim - Storytel
Ingebjørg Berg Holm - Barføtt over isen - Norsk historisk krim - eBokBib

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Michael Connelly - Den andre siden av loven - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Pierre Lemaitre - Brudekjolen - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket


  • 3 papir, 5 lyd, 3 ebøker
  • 6 lånt, 2 kjøpt, 3 abonnement
  • 9 krim/spenning, 1 biografi, 1 dokumentar
  • 3 svenske, 3 danske, 2 norske, 2 skotsk-botswanske
  • 5 kvinner, 7 menn ("Anna Ekberg" er to menn!)
  • "Nye" forfattarar: Fatland, McCall Smith, Lande, Nordbo, Grue

Heile 11 fullførte bøker i april, og det er bortimot eit år sidan eg har lest så mange i løpet av ein månad. No skal det seiast at eg fortsatt driv mest med lystlesing, 9 av bøkene er i kategorien krim/spenning. Sidetalet på dei leste bøkene har variert frå 70 (Munch) til 630 (Grensen).

Høgdepunkt i april vart fyrst og fremst lesinga av kriminalromanen Innland og dokumentarboka Grensen. Dernest er eg nøgd med at eg har lest fem nye forfattarar, at eg har brukt Storytel 3 gonger og at eg har lese bøker med handling frå Afrika. Mi fyrste norske 2018-bok var óg ei god leseoppleving.

Vår ved Lustrafjorden.
Dette biletet vart teke for akkurat eitt år sidan.
Håpar på mange slike dagar framover.


Slik er stoda når det gjeld lesemål for året.

33/100 bøker totalt
3/8 mursteinar (over 600 s.)
1/25 norske utgitt 2018
4/12 utgitt før 2000
4/10 biografiar
1/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
12/40 bokomtalar
11/30 "nye" forfattarar
4/20 Storytel




Til slutt vil eg gjerne visa fram noko som eg tykkjer er ganske stas - nemleg at sjølvaste Arne Dahl delte omtalen min av Innland på Facebook-sida si:

4 kommentarer:

  1. Artig at Arne Dahl har delt blogginnlegget ditt.:)
    Ellers har jeg boka i hylla, og ser frem til å lese den. Er imidlertid usikker på om jeg bør lese Utmarker først?
    Har lest Fatland, Nordbo og Berg Holm av dine. Likte alle tre godt.
    Bra med 11 bøker lest da.:) Fint Lustrabilde!
    God lesemai til deg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vart litt sånn "starstruck" av at han la merke til min omtale😊

      Eg vil rå til å lesa Utmarker fyrst, for å få samanheng og flyt.

      Slett
  2. Lest èn av disse, Barføtt over isen, den likte jeg veldig godt! Må si at det var kult at han delte innlegget ditt,sånt er jo gøy.

    SvarSlett
    Svar
    1. Barføtt over isen var god, men den fyrste Stjerner over mørke under imponerte enno meir. Har vore i tvil om terningkast, men landar på ein sterk 4'ar - og då er eg litt streng.

      Slett