Aschehoug 2017
637 sider
Papirbok fått i gåve
Leseutfordringa Bokhyllelesing er eit prisverdig tiltak som vert styrt av Hedda og bloggen hennar Boktanker. Utfordringa er fleksibel og har som mål at folk skal få lest noko frå stablane sine med uleste bøker. Sjølv har eg ikkje så veldig mange i ulesthylla mi; eg kan nok telja dei på to hender. Årsaka til at eg har få ventebøker er at eg fyrst og fremst er ein lånar, ikkje ein kjøpar - og eg tek sjeldan imot leseeksemplar.
Tema for bokhyllelesinga i januar var raud bok; "Les ei bok med rødt omslag" - og jammen hadde eg ei raud bok på vent: Atten grader minus som eg fekk i julegåve i 2017. Takka vere leseutfordringa har eg no omsider lest ut boka. Årsaka til at eg utsette lesinga såpass lenge er at ho er så sabla tjukk - og dessutan hadde eg lest nokre halvlunkne omtalar. Eg var heller ikkje altfor begeistra for Den niende graven av same forfattar som eg las i 2016. Offer uten ansikt har eg ikkje lest.
Ut frå tittelen på boka skulle ein kanskje tru at handlinga kunne vera lagt til polare område eller andre iskalde miljø, men det er det ikkje: Det handlar om temperaturen i fryseboksen. I denne boka finst nemleg ein mordar som brukar fryseboksar som torturredskap og mordvåpen..!
Protagonistane er dei same som i Den niende graven og handlinga er lagt til Danmark og Sverige; til Helsingør og Helsingborg. Denne gongen handlar det altså om ein særdeles utspekulert seriemordar som i tillegg til å ta ofra sine av dage på grusomt vis, stel identitetane deira og tømmer bankkontoane deira. I ein annan handlingstråd handlar det om ei gruppe ungdommar som mishandlar og tek livet av nokre stakkars heimlause. Plottet er skremmande, komplekst og kreativt - og litt rotete. Det hadde vore ein fordel om forfattaren hadde kutta ut ein tråd eller to: Ei strammare redigering hadde gjort Atten grader minus til ei mykje betre bok. Tidvis er det grøssande spennande, men på den andre sida er det også tidvis kjedeleg og tregt - særleg i byrjinga når alle handlingstrådane og persongalleriet skal presenterast. Det finst rett nok fleire spenningstoppar - særleg mot slutten - og historia får stadig nye vriar og tvistar. Hovudpersonen Fabian Risk er ein sympatisk mann som vert utsett for umenneskeleg press både på jobb og privat.
Forfattaren nyttar kjende krimthrillerverkemiddel som korte kapittel, kjappe sceneskift og cliffhangers. Eit anna kjent trekk i krimsamanheng er karakterane; sjølvgode og idiotiske politisjefar, etterforskarar med rusproblem og etterforskarar med samlivsvanskar, samt ein gjerningsperson med ekstrem vond oppvekst og hevnmotiv for sine ugjerningar. Ein har lest det før, mange gonger. Men - sidan eg fann denne boka fleire hakk betre enn den forrige, kjem eg nok til å lesa den nyaste boka til Stefan Ahnhem; Motiv X.
Andre bloggmeiningar:
Bjørn - Bjørnebok - som er lunken
Marianne - ebokhyllami - som er veldig begeistra

Det er utfordringen med krim, å skrive noe unikt. Er fullstendig enig med deg i omtalen din av boka. Jeg liker Ahnhem jeg da, for jeg synes han beveger seg litt på siden av den gemene hopen av krimforfattere, selv om - som du sier - vi har jo lest alt dette før.
SvarSlettDriver og leser ei bok nå med tittelen How to read literature as a professor. Der tar forfatteren for seg akkurat dette 'fenomenet'. Vi HAR faktisk lest alt før.. Det interessante er hvordan han drar paralleller fra helt ny litteratur til Shakespeare, de greske og norrøn mytologi, bibelen osv. Det er de samme historiene som kommer i ny innpakning, hver gang. Utrolig interessant fagbok!
Nettopp, DET er kunsten; å skriva noko unikt. Etter mitt syn har Ahnhem plukka litt her og litt der, liksom på leit etter kva som er hans "stemme" i krimlitteraturen. Han er på god veg, for å sei det slik. Det som trekker mest ned for meg når det gjeld denne boka er unødvendige detaljar og irriterande handlingstrådar, f.eks. dette med ouijabrettet.
SlettInteressant denne teorien med at det er dei same historiane som går att i all slags litteratur. Ser fram til eit blogginnlegg om den boka!
Veldig enig når det gjelder ouijabrettet! Passet overhode ikke inn i realismen til Ahnhem, syntes jeg. Nå har jeg lest alle bøkene i denne serien så langt, og det elementet der ble veldig feil for meg også. Kanskje han leter etter stemmen sin, som du sier? Da bør han bevege seg bort fra det okkulte...
SlettProfessorboka skal det definitivt skrives om. Jeg leser den innimellom, så den kommer til å ta noe tid, men den kvalifiserer definitivt for noen ord i bloggen. Den er forbausende engasjerende til å være fagbok!
Jeg har faktisk ikke lest noe av denne forfattaren. Leser mye krim, men har i det siste skygget unna de tykke kolossene på over 4-500 sider. Jeg mener at det må kunne skrves godt og fengende med færre utbroderinger og mange ord. Men samtidig må jeg også innrømme at jeg lett fengsles når jeg er gang. Har nettopp lest en krim på 544 sider nå. (De la Motte).
SvarSlett