Sider

30. juni 2019

Oppsummering juni 19

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Petter Northug og Jonas Forsang - Northug. Min historie - Biografi - Lyd Storytel
Lina Bengtsdotter - Francesca - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i juni:
Monika Yndestad - Graven - Norsk krim - Lyd Storytel
Mads Peder Nordbo - Kald angst - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Bernt Roughtvedt - Mordet på lille Mary - Historisk true crime - Lyd Storytel
Tommi Kinnunen - Der fire veier møtes - Finsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Martin Holmén - Nede for telling - Svensk krim - Lånt ebok eBokBib
Tor Åge Bringsverd - Gobi. Barndommens måne - Norsk Roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Falken - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Sun Heidi Sæbø - Kim Jong-Un - Biografi - Lyd Storytel
Øistein Borge - Jeg er nummer 13 - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Arni Thorarinsson - Heksens tid - Islandsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Jo Nesbø - Kniv - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsverd - Gobi. Djengis Khan - Norsk Roman - Lyd Storytel


4 papir, 7 lyd, 1 ebok
5 lånt, 6 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 romanar, 2 biografiar, 1 true crime
7 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 islandsk, 1 finsk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Northug/Forsang, Kinnunen, Sæbø, Thorarinsson

Juni vart bra med tanke på antal bøker, men heile fem terningkast 3-bøker tyder på at eg ikkje har truffe optimalt. På den andre sida så er eg nøgd med dei fire terningkast 5-bøkene. Eg trudde til dømes ikkje at Der fire veier møtes var bok for meg, men der vart eg positivt overraska. Både innhaldet og måten boka var bygd opp på gjorde inntrykk.

Eg har brukt Storytel mykje - heilt bevisst, men eg vart litt oppgitt etter to middels krim, to middelmådige biografiar og ei ditto true crime - før eg så gjorde eit funn: Tor Åge Bringsverd si berømte og populære romanserie frå 1980- og 90-talet; Gobi. Eg las deler av fyrste bok for mange år sidan. Den gongen fullførte eg ikkje fordi det då var feil tid og feil bok. Denne gongen vart det derimot rett tid og rett bok. Gobi-serien i lydbokformat vert sommarens leseprosjekt nummer 1 for meg.

I skrivande stund les eg den siste Harry Hole-boka, og for fyrste gong i år er eg byrja å tenkja på terningkast 6. Om eg landar der er litt tidleg å sei sidan eg framleis har att omlag 200 sider. Jo Nesbø imponerer i alle fall - nok ein gong.

Eg las kun ei ebok i juni - og det skuldast at eBokBib ikkje fungerer skikkeleg for tida. For kva skjer med eBokBib egentleg? Eg gjorde eit par reservasjonar i april og eit par i mai, men bøkene er framleis ikkje ledige - og eg er framleis laaangt bak i køen. Det er for dårleg!


Lesemål og statistikk 2019 så langt

47/100 bøker totalt: 10 ebøker, 18 lyd og 19 papir
2/10 mursteinar (over 600 s.)
6/10 biografiar
5/10 annan sakprosa
11/30 bokomtalar
18/30 "nye" forfattarar

6 kommentarer:

  1. Litt av en lesemåned.:)
    Juni ble den måneden jeg leste minst i år, men så skjedde det så mye annet.
    KNIV leste jeg, og den var best!
    Borge har jeg på vent, og Yndestad og Nordbo har jeg lest. Likte Nordbo godt som du vet.Graven også forsåvidt, men det er en enklere type krim.
    Gobi leste jeg noe av i gamle dager jeg også.. Det høres spennende ut å ta frem de bøkene igjen, så kanskje...Takk for tips.
    Ønsker deg fortsatt en god lesesommer Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg vart juni den «beste» månaden hittil i år. Kniv var kjempebra, han er verkeleg ein meister i krimfaget, denne Nesbø. Men han har vore enno betre, faktisk (Snømannen, Panserhjerte, Gjenferd, Politi..)Tykkjer eg.

      Eg kosar meg med Gobi. Stor skrivekunst og interessant innhald.

      Slett
  2. Det ble mange bøker. Tommi Kunnine er den enest jeg har lest av han, anbefaler hans siste bok "Skår", den er utrolig bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kunninen kan skriva, det er det ikkje tvil om. Noterer Skår.

      Slett
  3. De gidder vel ikke fikse på eBokBib nå som de vil ha alle over på BookBites. Irriterende hvor (på min tlf, riktignok en tlf med mange problemer) er BookBites mye treger, i tillegg til andre småting jeg ikke helt har vent meg til.

    Har lest Northug av disse, that's it, ja og førsteboka til Yndestad, regner med dette er samme serie? Hvor langt har hun kommet nå?

    SvarSlett
    Svar
    1. BookBites er ikkje tilgjengeleg i mitt fylke enno. Har lest at eBokBib er på veg ut, så det er på tide å få på plass eit alternativ. Noterer meg det du seier om irriterande småting. Eg er skeptisk, merkar eg.

      Yndestads Graven er nummer tre i serie. Ikkje så verst, men for enkel, langsom og overforklarande.

      Slett