Sider

28. november 2021

Haustlesing del 3: Dansk og svensk seriekrim

To danske og tre svenske krimbøker i denne samleomtalen. 

Mørke menn av Jens Henrik Jensen
Aschehoug 2018
580 sider
Papirbok fått i gåve

 - OTS - Ei omfangsrik bok som har stått ulest i hylla i lang tid. Kan passa inn i Boktanker-utfordringa Bokhyllelesing 2021, for runde 5, 6/7 og/eller 10.
 - Andre bok i serien om soldatveteranen Oxen.
 - Dansk villmark, gamle slott, hemmeleg brorskap.
 - Vakre kvinner og barske menn. Samt onde kvinner og feige menn.
 - Konspirasjonar, mafiaverksemd, overvaking.
 - Originalt, spennande, underhaldande, uforutsigbart.
 - Meir lettlest og fortlest enn sidetalet kunne tyda på.
 - Høgt tempo, stadige sceneskift, korte kapittel.
 - Kul hovudperson og tøff forteljarstemme.
 - Terningkast 5.

Satans sommer av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2021
522 sider
Papirbok lånt privat

 - Andre del i serien om politimannen Martin Juncker, dansk småby- og storbykrim.
 - Interessante karakterar med både vanlege og uvanlege utfordringar.
 - Heilt nødvendig å lesa bok 1 før denne, mange handlingstrådar frå den boka held fram i denne (og den neste)
 - Godt plott, logisk oppbygging og mange overraskingar. 
 - Ikkje så mykje action som i den fyrste boka.
 - Skiftande tempo, skiftande spenningsnivå.
 - Stort sett godt språk, men ein pinleg dårleg sexscene trekker ned.
 - Tidvis for mykje tørrprat. Boka ville blitt betre med litt oppstramming. 
 - Terningkast 4+.

Tre dager av Anders Roslund
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:59
Lydbok Storytel

 - Bok nr. 9 i Ewert Grens-serien, og den 5. i det som kan kallast Grens/Hoffmann-serien.
 - Den andre som Roslund skriv åleine etter at Hellström gjekk bort.
 - Etter kvart er det Hoffmann, familien hans og oppdraga hans som er hovudfokus i serien, medan Grens er ein viktig bakgrunnsfigur. 
 - Både 'Tre dager' og undertittel 'Gid hun lenge leve må' passar godt til handlinga.
 - Velskriven og velkomponert, som alltid.
 - Intenst, drivande og veldig spennande, som alltid.
 - Svensk kvalitetskrim/thriller på sitt beste. 
 - Prikken over i'en (eller +teiknet etter 5'aren): Fabelaktig innlesing av Jan Martin Johnsen.
 - Terningkast 5+.

Stormvakt av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2021
474 sider
Lånt ebok BookBites 

 - Fyrste bok i ny serie.
 - Svensk småbykrim.
 - Hovudpersonen heiter August Strindberg(!) og er brukthandlar.
 - Stødig og gjennomarbeida, og tildels originalt plott.
 - Gjennomgåande tema: Vald i nære relasjonar.
 - Skiftande perspektiv og fleire handlingstrådar.
 - Dette skapar brukbar flyt, så lesinga går unna. 
 - Til tider noko repeterande og overforklarande. 
 - Heilt OK bok. Eg kjem sikkert til å lesa meir av denne serien.
 - Terningkast 4.


Rotvelte av Tove Alsterdal
Gyldendal 2021
399 sider
Lånt ebok BookBites 

 - Litt usikker på om overskrifta "seriekrim" stemmer her, men eg håpar dette kan bli starten på ein serie og ikkje berre ei enkelt bok.
 - Svensk bygdekrim, og kan dermed både i stil og innhald likna på bøkene til Stina Jackson, Camilla Grebe og Lina Bengsdotter.
 - Hovudperson og (hovud)forteljarstemme Eira er eit spennande nytt bekjentskap.
 - Gode miljø- og personskildringar.
 - Tittelen 'Rotvelte' har både ei bokstaveleg og ei symbolsk tyding.
 - Roleg tempo, noko som passar til forteljinga.
 - Ny sak og gammal sak, nye spor og gamle spor. Kva er sant og kva er løgn? Kvar er rykter og kva er fakta?
 - Vinnar av Glassnøkkelen 2021, og eg kjenner litt på at eg muligens hadde (for) store forventningar til boka.
 - Eg landar på terningkast 5-.

5 kommentarer:

  1. Jeg liker svært godt at du holder meg oppdatert på krimforfattere jeg ennå ikke har lest. Alle disse fire er uleste hos meg, så jeg ser jeg har mye godt til gode.
    Dersom du ser seriene under ett. Hvilken serie - uavhengig av hvilken av bøkene over her som var best - er best, synes du. Så langt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Som du sjølv seier; du har mykje godt til gode!
      Og du stiller eit godt spørsmål, som er enkelt å svara på: Ewert Grens-serien er best. Men så er det også den eg har lest flest bøker av og har følgd gjennom mange år. Anders Roslund skreiv dei fyrste saman med Börje Hellström, og då han døydde i 2017, har han halde fram med serien åleine.

      Kronologien i serien er slik:
      1 Udyret
      2 Boks 21
      3 Oppreisningen
      4 Jenta under byen
      Dei 4 fyrste bøkene er Ewert Grens hovudperson. Frå og med bok nummer 5 kjem det inn ein annan sentral og likeverdig karakter, Piet Hoffmann.
      5 Tre sekunder
      6 To soldater
      7 Tre minutter
      8 Tre timer
      9 Tre dager

      Med den kjennskapen eg har til lesesmaken din, vil eg også tippa at serien om Oxen passar til deg. Her har eg kun lest 2; Hengte hunder og Mørke menn. Dei neste er Frosne flammer og Lupus.

      Slett
    2. Supert! Takk for svar. Jeg nærmer meg ferdiglest, eller - lyttet, Harry Bosch av Connelly og vil starte på ny krimserie. Men det er jo så mange å velge fra. Anders Roslund er bare SÅ ukjent. Derfor spennende. Jensen med Oxen har jeg hørt om tidligere. Sikkert hos deg. Skal se hva jeg finner. Kun Tre dager jeg har funnet på Storytel så langt.

      Slett
    3. Eg fann faktisk alle 9: https://www.storytel.com/no/nn/sok-roslund

      Slett
  2. AH! Ja selvfølgelig. Det nyttet ikke å søke på Anders Roslund kun. TAKK! :)

    SvarSlett