Sider

5. januar 2020

Leseåret 2019 og lesemål 2020

Leseåret 2019 kom og gjekk. Slik gjekk det med lesemåla mine:
  1. 94/100 bøker totalt
  2. 3/10 mursteinar (over 600 sider)
  3. 9/10 biografiar
  4. 6/10 annan sakprosa
  5. 23/30 bokomtalar
  6. 25/30 nye forfattarar

Eg har lest etter innfallsmetoden heile året. Innimellom har eg hatt eit blikk på statistikk og lesemål, men eg har altså ikkje nådd nokon av delmåla mine. Likevel er eg ikkje direkte misnøgd med innsatsen, for eg har hatt mange fine leseopplevingar. Her ser du nokre av dei:

Skjermdump frå bokelskere.no

Som vanleg syner årsstatistikken eit overveldande fleirtal av krim. Eg likar best å lesa kriminallitteratur og har ingen planar om å endra fokus i 2020 heller. I tillegg vil eg ha fokus på og vera meir på utkikk etter gode biografiar, dokumentarar og faktabøker. Det er aldri for seint å læra noko nytt.

Det er befriande og inspirerande å starta på eit nytt år. Alt ligg framfor oss; blanke ark, nye planar, uleste bøker. Sjølv om livet er humpete, kvardagen innhaldsrik og jobben travel er det alltid - alltid! - plass til å lesa bøker. Dersom ein vil det.

Eg gjer berre ein bitteliten "kosmetisk" endring når det gjeld talfesta lesemål for dette året. Eg omdefinerer murstein til å bety bøker på over 500 sider.

Lesemål 2020

  1. 100 bøker totalt
  2. 10 mursteinar (over 500 sider)
  3. 10 biografiar
  4. 10 annan sakprosa
  5. 30 bokomtalar
  6. 30 nye forfattarar

Eg ynskjer alle bokormar og lesehestar eit riktig godt nytt leseår!

6 kommentarer:

  1. Godt nytt år! Fin oppsummering og mål! Jeg har nettopp lest Bokbloggeirs anbefalinger av norsk krim for året, og da vet jeg at her blir det mye krim i kommende år for meg. For i tillegg til de norske leser jeg mye svensk og dansk krim, ++. Egentlig lager meg aldri lesemål, men krim slipper ikke unna, så jeg har et spennende leseår foran meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. 2020 kjem sikkert til å by på minst like mykje krim som fjoråret. Det er fint for oss som likar krim at me har mykje å velja i.

      Slett
  2. Alltid kjekt å lese oppsummeringer og nye mål for året. Jeg leser også en del krim igjen. Ikke noe galt i det. Jeg har stor tro på å gjøre som det, lese etter innfalls- og lystmetoden. Lesing skal være gøy, men det er også smart å strekke seg litt utenfor komfortsonen en gang i blant. Plutselig finner man noe nytt. Jeg ble en sakprosaleser i 2019, hvem skulle trodd :-) Godt nytt leseår! Jeg leser deg, er bare ikke alltid like flink å kommentere. Lykke til med målsetninger!

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt enig, lesing skal vera noko positivt. Eg bevegar meg sjeldan vekk frå komfortsona mi (som består av krim, spenning, historiske romanar, biografiar og dokumentarar). Eg har nemleg erfart fleire gonger at det har vore mislykka. Men det finst unntak, heldigvis.

      Slett
  3. Godt nyttår. Vel blåst!
    Noterer meg (igjen), Vargas og bestilte siste jussi på bib, eller BookBites, for å være korrekt. Er det denne som skal handle om Assad. Isåfall er det på tide. Håper du følger med i biosirkel i år også. Dvs, hvis jeg finner et konsept jeg greier å opprettholde, raknet litt der på slutten av fjoråret.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den siste Jussi handlar om Assad, heilt korrekt.

      Eg lovar å bli med på biosirkel; det er den einaste bokbloggg-utfordringa eg har mulegheit til å henga med på, for eg les uansett ein del biografiar. Då biosirkelen "rakna" trudde eg at det var min "feil" som ikkje følgde skikkeleg med. Har hatt ein travel haust/vinter, noko som har gått ut over blogglesing og -kommentering. Men lesing av bøker har det heldigvis blitt ein del av likevel.

      Slett