Sider

2. juni 2020

Oppsummering mai 20

Påbyrja i april, fullført i mai:
Zeshan Shakar - Tante Ulrikkes vei - Norsk roman - Papirbok fått i gåve
M.J. Arlidge - Dukkehuset - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i mai:
David Baldacci - Et eneste sekund - Amerikansk krim - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Er du med på leken - Britisk krim - Kjøpt ebok
Alf R. Jacobsen - Farlig farvann - Krigsdokumentar - Lånt ebok BookBites
Stefan Ahnhem - Motiv X - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Stefan Ahnhem - X måter å dø på - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
William Shaw - Fuglekikkeren - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Ninni Schulmann - Svar meg hvis du hører meg - Svensk krim - Lånt papirbok privat / Lyd Storytel
Gard Sveen - Bjørnen - Norsk krim - Lyd Storytel
Aksel Lund Svindal og Torbjørn Ekelund - Større enn meg - Sjølvbiografi - Lyd Storytel
Sigbjørn Mostue - Himmelen skal gråte blod - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Bjørn Andreas Bull-Hansen - Jomsviking - Norsk historisk roman - Lånt ebok BookBites
Cilla og Rolj Börjlind - Den tredje stemmen - Svensk krim - Kjøpt papirbok og lyd Storytel


6 lyd, 4 ebøker, 1 papir, 1 kombinert papir og lyd
5 lånt, 4 abonnement, 2 kjøpt, 1 fått
9 krim/spenning, 1 roman, 1 biografi, 1 dokumentar
5 norske, 3 svenske, 3 britiske, 1 amerikansk
11 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Shakar, Shaw, Mostue, Svindal/Ekelund

Mai vart ein veldig bra lesemånad: Heile tolv bøker og heile fem terningkast 5. Både Fabian Risk-serien (Ahnhem) og Helen Grace-serien (Arlidge) anbefalast for dei krimkresne. Største positive overrasking vart likevel den Riverton-nominerte Himmelen skal gråte blod. Trass i enkelte lettvinte løysingar og nokre lite sannsynlege hendingar baud boka på nervepirrande spenning, mykje action og glimrande underhaldning.

Er du interessert i krigshistorie bør du lesa Farlig farvann. Alf R. Jacobsen er rett og slett ein mester innan denne sjangeren. Og er du bittelitt sportsinteressert vil eg anbefala sjølvbiografien til Aksel Lund Svindal. For ein idrettsmann han var og for eit forbilde han er.

Fuglekikkeren var heilt grei, men nådde ikkje heilt opp til dei forventnigane eg hadde. Og Tante Ulrikkes vei? Sorry, den fann eg ikkje heilt ut av. Det vart ei ny stadfesting på at norske samtidsromanar ikkje passar for meg. Dessutan las eg egentleg berre Mo si historie, for eg skjønte ikkje språket til Jamal. Eg er truleg for gammal og bur på feil kant av landet. 

4 kommentarer:

  1. Bra oppsummering dette, selv om ikke alle bøkene dine nådde helt opp.
    Noterer meg Mostue.
    Måtte le litt av din kommentar til Tante Ulrikkes vei. Du er ikke for gammel, men det nok ikke så vanlig med den slangen der du bor.
    God juni til deg Berit..)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mostue anbefalast; tøff bok med mørk humor og stigande spenning samt eit snev av alvor.
      Du har sjølvsagt heilt rett i at eg ikkje er for gammal😊, men eg kjenner ingen som snakkar slik Oslo øst-kebabnorsk. Dei utlendingane/flyktningane eg pleier å snakka med snakkar kebab-sognemål - og det er enkelt (for meg) å forstå.

      Slett
  2. Her i Bergen har vi mange innvandrere som holder på å lære seg norsk, men ingen som snakker sånn som Jamal. Jeg likte heller ikke boken, tror ikke jeg fullførte den en gang.
    Fint knippe bøker du har lest, et par firere gjør ingenting det i selskap med så mange femmere :)
    Ha en riktig fin lesejuni Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kunne vore med ei "ordliste" slik at me som ikkje skjønnar dette språket/dialekta/sosiolekta kunne forstått litt meir. Men det hadde blitt litt slitsamt å bla fram og tilbake heile tida. Eg prøvde lydboka òg - den ligg i Storytel - men heller ikkje lyd var brukande for meg.

      Slett