Speletid 9:41
Opplesar Helge Winther-Larsen
Kjøpt lydfil
Dette er ei velskriven, velkomponert, underfundig og spennande bok. Lesaren får verken åndenød eller pulsauke av sjølve historia, men det er spennande i tydinga av at lesaren vert meir og meir nysgjerrig på løysinga. Typisk Håkan Nesser altså.
Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er 6. avsnitt i serien (7 om ein reknar med De venstrehendtes forening der Barbarotti har ei birolle), men bøkene må ikkje nødvendigvis lesast i kronoligisk rekkefølge. Det er enkelt og hyggeleg å bli kjent med den italienskætta, sympatiske og filosofiske etterforskaren Gunnar Barbarotti frå (den fiktive) småbyen Kymlinge.
Den sørgmodige som det blir fortalt om heiter Albin Runge, forhenverande akademikar og omskulert til bussjåfør. Han trivst bra i jobben heilt til det skjer ei ulykke i 2006. På glatt føre og dårleg sikt køyrde bussen han førde av vegen og fall utfor eit stup. 18 menneske omkom. Undersøkingar frikjende Albin, men han fekk seg naturlegvis ein knekk. I 2012 byrja han å få trusselbrev, med såpass forurolegande innhald at han gjekk til politiet. Etterforskarane Gunnar Barbarotti og Eva Backman, som på den tida var i eit gryande og hemmeleg forhold, kjem så inn i biletet. Etterforskinga deira fører ikkje fram, tvert imot. Albin Runge forsvinn, så og seia i lause lufta, og vert etter ei tid erklært død.
I forteljinga si notid, i 2018, skjer det noko som inneber at Barbarotti og Backman (som etter kvart er blitt sambuarar) tek permisjon for ein periode. Dei leiger seg eit hus på Gotland og ein dag ser Barbarotti ein person som er mistenkeleg lik Albin Runge. Kan det stemma? Innimellom avslapping, vindrikking og sykkelturar vert Gotland-opphaldet fylt med tankeverksemd og lesing av gamle saksmapper. Kva var det som gjekk galt med etterforskinga i 2012?
Dette er ramma for forteljinga som altså går føre seg på tre tidsplan. Trass i den tragiske bussulykka og den sørgmodige sjåføren er det ei forteljing med mykje humor og fine skildringar. Forholdet mellom Barbarotti og Backman er trevlig og søtt, kanskje for søtt?, men det er sanneleg befriande å lesa om krimheltar som har eit velfungerande samliv og familieliv. Dessutan - me som har følgd serien veit at dei to har ei fortid der ikkje alt var så rosenraudt. For slik er livet for dei fleste av oss; me opplever alle oppturar og nedturar, gleder og sorger.
Diktsamlinga Stänk och flikar av Gustaf Fröding har ein viss plass i historia. Akkurat det forstår eg ikkje noko særleg av, men eg reknar med at Nesser har ei meining med det. Boka handlar i alle fall djupast sett, som dei fleste av Nesser sine bøker, om livet, døden og kjærleiken.
"Det normale" innan krimsjangeren i dag er høgt tempo, korte kapittel, kjappe sceneskift, dramatiske hendingar og groteske skildringar. Eg har ikkje noko imot slike bøker, men det er ganske herleg med ei heilt annan type leseoppleving. Som dette.
Håkan Nesser skriv med "munter eleganse" las eg ein plass, og det er eg så enig i. Han er veldig stilsikker; pratsam og pludrande når det er naturleg og kjølig og skarp når det trengst. Han brukar eit filosofisk og lågmælt språk og krydrar det med akkurat passe dosar med humor og varme. Karakterane virkar "ekte" sjølv om dei er oppdikta og hendingane er tydelege og truverdige sjølv om det, når ein tenkjer seg om, er ein del tilfeldigheiter.
Tidlegare i haust vart Håkan Nesser tildelt Crimetime Awards hederspris for 2020. Prisen vert delt ut til ein forfattar som "varit banbrytande för den svenska kriminallitteraturen och har satt Sverige på deckarkartan." Juryen skildra då forfattaren som "en gudabenådad berättare och stilist som låter filosoferandet och det goda samtalet ta minst lika stor plats som de väl konstruerade intrigerna".Med Den sørgmodige bussjåføren fra Alster stadfestar Nesser denne grunngjevinga.
Dagbladet har anmeldt boka. Eg er enig i konklusjonen og terningkastet, men overskrifta er fullstendig misvisande.
Kjekk omtale å lese, for denne har jeg gledet meg til, også glemt litt bort, nå skal den inn på leseplanen :)
SvarSlettDenne bør du absolutt få med deg. Eg reknar med at du har lest alle Barbarotti-bøkene?
SlettDet har jeg, elsker Håkan Nesser sine bøker. Ser ofte på dem mer som romaner enn krim, så mye koser jeg meg med dem. Har hørt 5 minutter av denne, og gleder meg til fortsettelsen, selv om innleser er den eneste jeg prøver å unngå. (stemmen hans vil for alltid være Marcoeffekten for min del)
Slett