Sider

30. desember 2020

Årsstatistikk 2020

No er det rare og spesielle annus horribilis 2020 snart slutt. Koronapandemien har overskygga det meste dette året, og me kryssar fingrane for at 2021 vert betre.
I 2020 fekk me nye ord som koronasveiskarantenehotell og kohort inn i daglegtalen vår. I 2020 slutta me å handhelsa på folk, men me lærte å delta på digitale møte. I starten av året var corona kun ein øltype, men no betyr det pandemi. 

Bloggeåret 2020 har vore heller labert, men dette er faktisk blogginnlegg nr. 39 i år. Det er ikkje så aller verst tykkjer eg, når ein tenkjer på at alt i samfunnet rundt har vore så annleis.

Leseåret 2020 kan samanfattast med fem stikkord: 
Nytt. Krim. Menn. Norsk. Lyd.

Det vil altså sei veldig mange 2020-bøker (29% av alle eg las), ein overveldande andel krimromanar (68%), ubegripeleg mange mannlege forfattarar (78%), ein stor andel norske forfattarar (57%) og ein ganske klar overvekt av lydbøker (47%).
Detaljane følgjer nedanfor.


Leseåret 2020 
(Fjorårets tal i parentes)

Til saman 
  108 bøker (94)
    - 16 av dei på over 500 sider

Sjanger
  74  krim-, thriller- og spenningsromanar (61)
  12  andre romanar (12)
  20  sakprosa (15)
    - av desse 10 biografiar (9)
  2 novellesamlingar (4)

Format
 34  papirbøker (38)
 23  ebøker (18)
 51  lydbøker (38)

Alder
 73 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2019 (53)
 32  i 2020 (38)
  - av dei 20 norske (17)
 Utgitt før 2000: 3 (7)

Kjelder
 52 lånt - privat, bibliotek og BookBites (55)
 44 Storytel-abonnement (25)
 11  kjøpt sjølv (12)
 1 bok fått i gåve (3)
 Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
 Terningkast 6: 1 bok (1)
 Terningkast 5: 36 bøker (31)
 Terningkast 4: 56 (43)
 Terningkast 3: 14 (14)
 Terningkast 2: 0 (0)
 Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
19 "nye" forfattarar (25)

Kjønn
 81 bøker skrivne av menn (68)
 29 av kvinner (28)

Nasjonalitet
 62 bøker skrivne av norske forfattarar (48)
 18 av svenske forfattarar (19)
 13 britiske (11)
 2 danske (5)
 3 franske (4)
 4 amerikanske (3)
 4 irske (0)
 1 islandsk (2)
 1 australsk (0)

I 2020 las eg flest bøker av
 Tor Bomann-Larsen: 8
 M. J. Arlidge: 5
 Tana French: 4
 David Baldacci: 4
 John Harvey: 3
 Gard Sveen: 3
 Håkan Nesser: 3
 Dei øvrige: 1 og 2 av kvar


Lesemål 2020
108/100 bøker totalt
16/10 mursteinar (over 500 sider)
10/10 biografiar
10/10 annan sakprosa
12/30 bokomtalar
19/30 nye forfattarar

Dei to fyrste måla vart nådd utan at eg behøvde å anstrenga meg det minste. At eg nådde akkurat presis når det gjeld bioar og dokumentarar er dels målretta lesing og dels flaks. 
Det vart av ulike (men naturlege) årsaker færre bokomtalar enn ønska/forventa, men eg har kompensert ved å omtala ganske mange av bøkene mine i ulike mini-/samleomtalar. Å finna heile 30 nye forfattarar i løpet av eit år vart uoppnåeleg. 

Så dermed:
Lesemål for 2021 vert dei same som for 2020, med unnatak av punktet om nye forfattarar. Her går eg ned til 20.

Forutan desse "retningslinjene" skal eg ha mest fokus på lystlesing, også i 2021. 
I høgre kolonne ser du eit lite utval av det eg las i 2020.

Fortsatt god romjul og
ha eit strålande nytt leseår, alle saman!

4 kommentarer:

  1. Skal si du har god måloppnåelse for 2020, gratulerer! Gøy å se hva du har lest, liker godt å titte innom bloggen din, og fortsetter selvfølgelig med det i 2021. Måtte du få et mye bedre år til neste år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Tine, eg er sjølv brukbart nøgd. Alltid kjekt med "besøk" på bloggen, veit du.
      Håpar at me alle får eit bra år i 2021!

      Slett
  2. Artig å lese oppsummeringen din og at du virker fornøyd.:)
    Du leser mye bra krim og skriver tydelig og bra om dem. Skal virkelig sjekke ut Tana French i 2021. Har to bøker av henne liggende her.
    Og så er jeg enig i at vi alle forhåpentligvis får et bedre år, på alle måter, og at drittkoroanen demper seg så det går an å reise ut av Norge igjen og ellers leve uten alle restriksjonene.
    Godt nytt år til deg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggeleg at du likar det eg skriv, eg set pris på tilbakemeldingar - og særleg når dei er så positive.
      Kan anbefala French: Til tider noko omstendeleg, men ho skriv veldig godt om psykologi og mellommenneskelege forhold.
      Eg er letta over at 2020 er over, men kven veit kva 2021 vil bringa? Det er i alle fall eit lyspunkt at vaksina er på veg. Eg ser fram til å bli meir sosial enn eg har vore dei siste 9-10 månadene.

      Slett