Påbyrja i november, fullført i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lest i desember:
Lars Kepler - Speilmannen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Edvard Hoem - Felemakaren - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Anne Holt - Mandelaeffekten - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
C.J. Tudor - Gullungen - Britisk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Presidentfamilien - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Sigmund Falch - Største boxern i Horten - Norsk humor - Lånt papirbok privat
Merete Junker - Lillemann ildebrann - Norsk krim - Lånt papirbok bilioteket
Levi Henriksen - Snø vil falle over snø som har falt - Norsk roman - Lyd Storytel [gjenlesing]
Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Hilary Mantel - Speilet og lyset
Desember 2020 |
6 lånt, 4 abonnement
7 krim, 2 romanar, 1 humor
6 norske, 2 britiske, 1 amerikansk, 1 svensk
6 menn, 5 kvinner (Kepler er 1 kvinne og 1 mann)
"Nye" forfattarar: Ingen
Årsstatistikken er alt fullført, men eg må óg ta det vanlege oppsummeringsinnlegget for den siste månaden i 2020.
Avslutninga av bokåret vart bra. Dei tre som eg ga terningkast 5 i desember er svært gode bøker. Siste bok ut i 2020 vart gjenlesing av Levi Henriksen sin debutroman frå 2004 - ei svært positiv leseoppleving. Eg las Snø vil falle over snø som har falt fyrste gong i 2013, det vil sei at det er "mange bøker sidan", så eg hugsa ikkje noko av handlinga. Her på bloggen skreiv eg den gongen berre eit ventebok-innlegg og ga boka terningkast 4 på bokelskere.no. Denne gongen vart eg nok mykje meir gripen av forteljinga. Noko skuldast vel det som kan kallast livserfaring, men eg var også meir heldig med timinga no, sidan mykje av handlinga føregår ved juletider. Fyrste gong las eg boka sjølv, no brukte eg lydbok. Opplesar Fridtjof Såheim les med både innleving, varme, med "korrekt" dialekt og i eit passe tempo.
Når det gjeld Felemakaren og Speilmannen viser eg til omtalane.
Mehlum, Junker, Baldacci og McDermid sine bøker er også bra, om enn ikkje på Speilmannen-nivå. Gullungen vart eg berre passe begeistra for og Mandela-effekten var heller skuffande. Om tida strekk til skal eg grunngje dette nærare i ein kommande samleomtale.
Eg startar 2021 med ei bok eg har store forventningar til; den etterlengta Speilet og lyset av Hilary Mantel. Eg er sjeldan særleg begeistra for prisvinnande forfattarar, men Mantel er eit herleg unntak. Dei to føregåande Ulvetid og Falkejakt var midt i blinken for meg som er så interessert i Tudor-tida. Dessutan skriv ho på ein spesiell måte og krev ein del av lesaren. Eg ser fram til å bryna meg på 818 sider med Thomas Cromwell.