Sider

1. februar 2021

Oppsummering januar 21

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Hilary Mantel - Speilet og lyset - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket

Lest i januar:
David Baldacci - Den sjette mannen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Karen Dionne - Myrkongens datter - Amerikansk thriller - Lyd Storytel
Vegard Tenold Aase - Alt du elsker skal brenne - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
J.D. Vance - Hillbillyens klagesang - Amerikansk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Kim Faber og Janni Pedersen - Vinterland - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsværd - Mens jeg har dere her - Norsk biografisk/filosofisk - Lyd Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Emelie Schepp - Broder Jacob - Svensk krim - Kjøpt pocket
Sharon Bolton - Dødsdømt - Britisk krim - Lyd Storytel


5 lyd, 2 papir
5 abonnement, 2 lånt
3 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar, 2 biografiske
2 norske, 3 amerikanske, 1 britisk, 1 dansk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Dionne, Tenold Aase, Vance, Faber, Pedersen

Her på bloggen har det vore veldig stille i det siste. Eg er tilbake på heimekontor om dagane, så eg prøver å vera så sosial og aktiv som muleg på fritida - då sjølvsagt innan dei begrensingane koronasituasjonen/-restriksjonane/-anbefalingane set. Men eg les som vanleg også ein heil del, og eit par blogginnlegg er undervegs.

I januar las eg lite krim (til denne lesaren å vera) og fleire bøker frå (for meg) nye forfattarar. Av dei nye merkar eg meg spesielt det danske krimforfattarparet Faber/Pedersen. Sjølv om Vinterland er minst 100 sider for lang, er det ei svært lovande bok - og eg vil gjerne ha meir frå desse forfattarane. Ein annan ny forfattar er Karen Dionne. Hennar Myrkongens datter byr på fine naturskildringar frå eit (for meg, til no) ukjent geografisk område; Upper Peninsula i staten Michigan, USA. Boka er òg interessant med tanke på kor lojale barn kan vera, uansett kva dei vert utsette for. 

Tor Åge Bringsværd si bok Mens jeg har dere her har undertittel "om det å bli gammel" og er ei sjarmerande, filosofisk og underhaldande erindringsbok som eg kan anbefala på det sterkaste. "Det var aldri lett å hoppe etter Wirkola, men det er enda vanskeligere å dø etter Per Fugelli", skriv Bringsværd. Han har ein leiken penn og skriv med både humor og alvor.

Lesemånaden kan elles oppsummerast med stikkorda "britisk historie" og "amerikansk samtid". Avslutninga av Wolf Hall-trilogien, Speilet og lyset, er ei fenomenal bok; interessant, lærerik og gripande. Men boka er, med sine 814 sider, i overkant detaljert, tidvis langsam og ganske komplisert. Likevel konkluderer eg med terningkast 5, fordi eg - trass alt - er veldig imponert. Ein omtale er på veg.

USA har vore i hovudfokus i dei fleste nyhendesendingar denne månaden. Då den rasande mobben frå den ytste høgresida i politikken storma Kongressbygningen i Washington DC den 6. januar, følgde heile verda med på det som skjedde. Storminga skjedde etter ei (meir eller mindre) direkte oppfordring frå presidenten og me såg alle saman at USA er eit svært splitta samfunn i djup krise. 

Medan dette skjedde las eg Den sjette mannen av David Baldacci, og eg tenkte at "hadde berre King og Maxwell vore der, då hadde dei ordna opp!" Deretter las eg Alt du elsker skal brenne av Vegard Tenold Aase - ein dokumentar frå innsida av ulike høgreekstreme amerikanske grupper; informativ og skremmande lesnad. Familiebiografien Hillbillyens klagesang derimot, den trefte meg berre til ein viss grad. Forsåvidt interessant om ein white trash-storfamilie, men eg tykkjer forfattaren er ubehageleg utleverande om sine eigne.

Eg var nok ikkje den einaste som pusta letta ut då Joe Biden avla eden og den løgnaktige, narsissistiske og rasistiske presidenten forsvann. No er ikkje Biden heller nokon raddis akkurat, men han er i alle fall totalt annleis enn forgjengaren. Han har noko forsonande og velmeinande ved seg som kan komma vel med i arbeidet framover. Så - til slutt, dei avsluttande linjene frå Amanda Gorman sitt dikt "The Hill We Climb", som ho framførde på ein så framifrå måte under presidentinnsetjinga.

there is always light,
if only we're brave enough to see it;
if only we're brave enough to be it.

10 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. (noe skjedde med forrige innlegg...)

    Diktet først - The Hill we Climb. Bare rett og slett fantastisk skrevet og nydelig fremført. En kommende stor stjerne som jeg skal følge med på.

    Ellers så har jeg tidligere lest flere av dine. Mantel er jeg enig i - en utrolig god (om enn noe langt og omstendelig, men fantastisk detaljert) trilogi om Crowell sin rise and fall. Jeg leste dem på engelsk, og de var så bra at jeg kjøpte dem etterpå for å ha i hylla. Utrolig dyktig gjort å gjøre historien om til en slags romanform som Mantel har fått til her.

    Takk for påminnelse om Bringsværd. Han har jeg lest siden åttitallet, og hadde glemt litt ut denne. Sitatet ditt er gull og til å flire seg skakk av. Den boka skal jeg lese!

    Serien til Baldacci har jeg også lest. Eller, lyttet til. Veldig godt innlest av to innesere, ligger på Storytel. King og Maxwell er veldig bra! Har du lest noen andre serier av Baldacci? Jeg husker ikke i farten. Kan anbefale både Will Robie og Amos Decker-serien. Falt for forfatter i 2019/2020 og skal lytte til alt som er innlest fram ham. Sånn etterhvert, etter Obama ;-)

    Ha en fiiin februarlesemåned!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser me er rørande enige om det meste :-), både diktet, Mantel og Baldacci. Så eg er overbevist om at Bringsværd si bok kjem til å falla i smak hos deg.
      Eg likar Baldacci og skal ta for meg av dei andre seriane hans, etter kvart. Eg brukar Storytel aktivt.

      Slett
    2. (og derrrr var Bringsværd bestilt fra Bokkilden, takk ;-)

      Slett
  3. Jeg er ikke noen krim dame, men har blitt mer og mer glad i storytel hvor så mye nye bøker kommer opp veldig fort. Om man må betale litt for det i mnd er det like greit og som passer meg nesten bedre en å be om lydbøker fra lydbokforlagte, som jeg føler at jeg må blogge om innen en viss tid. Jeg liker forøvrig å ha boka i papir vedsiden av slik at jeg kan bla litt i den om jeg har falt litt ut.
    Ha en fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg var ikkje så begeistra for Storytel i byrjinga, men eg tykkjer utvalet er blitt betre det siste året. Det kostar jo litt, så difor prøver eg å bruka Storytel så mykje som muleg. Eg har familieabonnement sidan dotter mi også er aktiv lydbokbrukar. Det er ei fin ordning.

      Slett
  4. Skjønner godt at du vil ut og være sosial når jobben har kommet hjem til deg. Du har no lest noen fine bøker, ingen av dem har jeg lest :)
    Lykke til med hjemmejobbing, og februarlesing!

    SvarSlett
    Svar
    1. "når jobben har kommet hjem til deg" - det var eit bra uttrykk :)

      Slett
  5. Har bare lest Myrkongen av disse, og den synes jeg var oppskrytt, husker jeg.
    Hjemmekontor her også, det har vel nærmest vært påbudt i januar, der man kan ha hjemmekontor. I februar åpnes det for delvis oppmøte på kontoret og det kan bli godt å se noen folk fysisk og ha skikkelig kontorutstyr igjen, i alle fall innimellom.

    Diktet er flott og Hillbillyen styrer jeg unna enn så lenge. (har den i hylla, fikk den på et bokmøte engang)

    Fin februar til deg Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Myrkongen har sine svakheiter, med ulogiske hendingar og handlingar. Likevel vart det ganske spennande, tykte eg.
      Når ein er vant til å ha folk og kollegaer rundt seg heile tida, vert det i lengden litt stusseleg med heimekontor. Og ergonomien på mitt heimekontor kunne vore betre, for å sei det slik.

      Slett