Sider

11. september 2021

Bokomtale: Slugger av Martin Holmén

Pelikanen 2021
Speletid 9:26
Kjøpt lydfil

For tre år sidan las eg ei bok som trefte meg hardt, nærast som eit knyttneveslag. Det var debutromanen til Martin Holmén, Clinch. Bok nummer to Nede for telling ga nesten like sterkt inntrykk. No har eg lest ut den tredje og avsluttande boka som har tittelen Slugger - og eg må berre sei: Dette er sterke saker!

Trilogien er både historiske romanar og hardkokte krimforteljingar. Om eg skal samanlikna bøkene med nokon andre er det mest nærliggjande å nemna 1793 og 1794 av Niklas Natt och Dag. Sistnemnde skildrar rett nok ein annan epoke, men begge forfattarane har lagt handlinga til eit historisk Stockholm og dei byr begge på overbevisande og uvanleg sterke leseopplevingar.

Året er 1936. Hovudpersonen er Harry "Kvisten" Kvist, ein gong boksar på ganske høgt nivå. Karrieren fekk imidlertid ein brå slutt då det vart avslørt at han var homofil. Slikt var både umoralsk, skamfullt og straffbart på 1930-talet. I Slugger nærmar Kvisten seg dei 40 og er prega av eit tøft liv. Han er alkoholisert, sliten og einsam, har bak seg fleire periodar i fengsel og kjenner sterkt på dei motgangane livet har gitt. Jobben som pengeinnkrevjar er belastande på fleire måtar; valdeleg, farleg og håplaust. Men Kvisten ber med seg eit ørlite håp; eit håp om at han ein vakker dag kan komma seg vekk frå det triste og trøysteslause Sibirien og søkja lykka i Amerika, der dottera Ida oppheld seg.

Presten Gabielsson er ein av Kvisten sine få venner. Ein dag vert han funnen drept i ei kyrkje; nokon har slått han i hel og spikra han fast i golvet. Ved sidan av den nakne kroppen hans er det teikna ei Davidstjerne, med blod. Den offisielle versjonen av etterforskinga av drapet er at ein eller fleire jødar står bak. Men Kvisten veit at Gabrielsson var ein overtydd anti-nazist og stolar ikkje på det korrupte og nazifiserte politiet. Han startar si eiga høgst alternative gransking, men møter dermed på ei svær utfordring; eit "tilbod" frå den lokale gangsterleiaren Mutter. Han vert også trekt inn i eit komplott med forgreiningar til naziregimet i Tyskland. 

Harry Kvist er ein samansett karakter. Under eit barskt ytre er han både sårbar og kjenslevar. Ein føler med han fordi han lever eit så usselt og uverdig liv og fordi han vert så urettferdig behandla, men ein kan også kjenna på avsky for den brutale og valdelege sida hans. Han syner medkjensle og varm omsorg for dei svake, men nøler heller ikkje med å bruka knyttnevane når han meiner at det trengst.

Språket i boka - og trilogien - er spesielt og utsøkt. Tidvis vart og vakkert, men til tider også sjokkerande direkte. Holmén tek seg god tid og skildrar folka, gatene og omgjevnadene på ein levande måte. Ein kan nesten høyra lydane og kjenna luktane medan ein les. Han skriv med rå energi og engasjement - men også med varsemd og med presise formuleringar. 

Stemninga er elles generelt dyster, mørkt og melankolsk. Forventningane om ein "lukkeleg slutt" er heller ikkje så store - men til liks med Kvisten sjølv vil ein gjerne halda på ei lita spire av håp. Avslutninga er såleis ufatteleg spennande der ein vekslar mellom håp, tru, mistru, vantru, vonbrot, nytt håp, ny tru.. og så vidare.

Er du i ferd med å bli lei av vanlege trivielle kriminalromanar og likar historiske romanar, vil du garantert finna trilogien om Harry Kvist både gjevande og gripande. Bøkene bør lesast kronologisk.

Opplesar Sigurd Myhre les med passe innleving, har tydeleg diksjon og ei behageleg stemme. Eg kan dermed anbefala lydbokversjonen.

6 kommentarer:

  1. For et godt lesetips! Jeg har lest mye tam krim i det siste, bortsett fra Jan-Erik Fjell sin nyeste som jeg har slukt i dag, den var spennende den. Fant Holmèn på Storytel, så det blir neste bok ut her :)
    Fortsatt god helg Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Fjell si nye bok har eg notert meg. Tam krim kan vera greit nok innimellom, men eg vil gjerne bli utfordra når eg les krim.
      Veldig spent på om og korleis du vil lika Holmén!

      Slett
  2. Hei! Jeg slettet Svarte vannliljer, orket ikke mer, og skulle laste ned Clinch, men den finnes bare på engelsk, vet du om det stemmer?

    SvarSlett
    Svar
    1. Så vannliljene fall ikkje i smak hos deg heller.. Då er det like greit å slette/avbryte.

      Ser at Clinch kun er på engelsk i Storytel. Merkeleg.
      Finn heller ikkje boka på Bookbites.
      Men er til salgs på ebok.no til kun 149: https://ebok.no/lydbok/clinch_martin-holmen-3/

      Slett
    2. Etter litt meir søking fann eg den svenske utgåva av Clinch på Storytel: https://www.storytel.com/no/nn/series/24228-Harry-Kvist

      Slett
    3. Takk for hjelpen Berit, har ikke prøvd meg på svensk enda, så kanskje dette kan være første gangen. Får se, har bunkret opp på bøker nå, tre leseeks og fire bibliotekbøker, og nå får jeg bilen min tilbake så lyttetid blir det mindre av, nå når jeg slipper å ta buss t/r jobb :)
      Det er lettere å avbryte når en har Storytel og ikke er "forpliktet" ved et lytteeksemplar. Jeg har også valgt å ikke blogge om lydbøker nå, siden det er mye arbeid med.
      Tenk fredag i morgen! god helg Berit :)

      Slett