Sider

30. april 2022

Oppsummering april 22

Påbyrja i mars, fullført i april:
Jens Henrik Jensen - Frosne flammer - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Gunnar Staalesen - 1999 Aftensang - Norsk roman - Kjøpt lydfil
Gunnar Staalesen og Jo Gjerstad - Hundreårsboken - en håndbok til 1900, 1950, 1999 - Norsk dokumentar - Lånt nasjonalbibliotekets nettbibliotek

Lest i april:
Samuel Bjørk - Ulven - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Max Seeck - Jenta under isen - Finsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jeff Abbott - Adrenalin - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Hunter Biden - Alt det vakre - Amerikansk sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Bernard Minier - Dalen - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Sofie Sarenbrant - Hvil i fred - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Harlan Coben - En venn av familien - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Formørkelsen og dens lys - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Kjell Ola Dahl - Lazarus - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jens Henrik Jensen - Lupus - Dansk krim - Lånt papirbok privat


5 lyd, 4 papir, 2 ebøker
8 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 roman, 1 dokumentar, 1 biografi
4 norske, 3 amerikanske, 1 svensk, 1 dansk, 1 finsk, 1 fransk
10 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Abbott, Biden, Sarenbrant

April vart ein laber bloggemånad og ein bra lesemånad. Med påskefri og heimepåske vart det høve til å lesa meir enn vanleg og med det fine veret me fekk i midten av månaden vart det uteaktivitetar med tilhøyrande lydbøker.

Høgdepunkt i april vart avslutninga av Hundreårstrilogien, men også Ulven og Dalen gav meg gode leseopplevingar. Ulven er fjerde bok i serien om Holger Munch og Mia Krüger, men den fyrste kronologisk sett. Handlinga går nemleg føre seg før fyrste bok, og er slik sett "bok null". Dalen er femte bok i serien om Martin Servaz. Kanskje ikkje den beste i serien, men betre enn forrige (Konfirmanten, som heller ikkje er dårleg).

Årets fyrste biografi vart Hunter Biden sin mykje omtalte sjølvbiografi; Alt det vakre. Den er bra den, men mesteparten av innhaldet er alt kjent gjennom media, så boka vart dermed ikkje så gripande og overraskande som ho kunne ha vore.

Årets fyrste norske krim (utgitt i år)vart Jørgen Brekkes Formørkelsen og dens lys. Den var slett ikkje dum. Det er heller ikkje den boka eg lyttar til i skrivande stund; Lazarus av Kjell Ola Dahl. Bloggomtalar av desse to bøkene kjem seinare, i ein eller annan form. 

Jenta under isen var OK pluss, Hvil i fred var OK minus, for å sei det enkelt og raskt oppsummert. Det kjem kanskje ein samleomtale etter kvart.
Eg likar godt Jens Henrik Jensen sin serie om Oxen. Truleg kjem det ein serieomtale når eg er ferdig med Lupus.

Harlan Coben sin serie om Myron Bolitar er også ein serie som eg finn leseverdig. Serien består av 11 bøker (hittil) og eg har lest mange av dei, ukronologisk og med ujamne mellomrom. En venn av familien er bok 6 og mellom dei betre i serien.
Ein annan amerikanar, Jeff Abbott, var ny for meg - og her starta eg på bok 1 serien om Sam Capra. Eg kjem muligens til å lesa fleire, men er usikker. Boka med tittelen Adrenalin er ikkje dårleg, men vart "litt mykje". Litt for mykje adrenalin, for mykje vald og skyting, altfor mange tilfeldigheiter. Men - med ein interessant hovudperson og eit fiffig utspekulert Jason Bourne-liknande plott.

7 kommentarer:

  1. Bra lesemåned dette:)
    Har lest Ulven, Dalen og Hunter Biden. Likte Dalen godt, Hunter også. Ikke like begeistret for Ulven, leste den i april også. Har ikke blogget om den. Har Hvil i fred liggende her, den får bli med på reise en gang. Ikke overbevist av Sarenbrant etter en bok lest av henne, men grei nok krim, hvis man vil ha noe lett..
    Min oppsummering kommer i morgen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Gratulerer med dagen!
      Av og til er krim av den lettare typen "riktig", men som regel vil eg har litt meir motstand. Ser fram til oppsummeringa di; det er alltid like interessant.

      Slett
    2. Gratulerer med dagen:) Hipp hipp hurra!
      Enig med deg der. Lett er greit noen ganger, men foreløbig har de to første i serien som jeg har i pocket ikke fått skreket seg med på ferie/reise. Hadde trodd de ville det, siden pocket er kjekt på reise, men det er alltid andre bøker jeg heller vil lese.. Men det kan nå bli en gang. De springer ikke fra meg;)
      Takk, gøy at du liker å lese oppsummeringene mine. Ute nå:)

      Slett
  2. Jo, også Seeck leste jeg. Likte den. :)

    SvarSlett
  3. Flott knippe bøker dette her, gøy at du fordypet deg i Staalesen du også. Kanskje jeg også skal lese den Hundreårsboken... Er enig med deg ang. Minier, den siste var bedre enn den forrige, men jeg ser at vi ikke er på bølgelengde når det gjelder Sarenbrant, (har blogget om mitt første møte med henne i dag, og lytter til den tredje boken nå)
    Ha en fin 1. mai Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gratulerer med dagen! Eg skal ha min eigen private feiring; ut på sykkeltur med termos og kvikklunsj:-)
      Eg angrar så visst ikkje på at eg gjenleste hundreårsbøkene. Tvert imot, eg hadde meir utbytte av dei denne gongen.
      Las omtalen din om dei to fyrste Sarenbrant, og ser at du er meir begeistra enn meg. Trur sikkert at eg kjem til å lesa fleire om Emma Skjöld, for dårleg var det ikkje - men litt for enkelt og for lettvinte løysingar.

      Slett
  4. Der ble jeg anonym igjen, glemmer at jeg må fixe det der første gangen :)

    SvarSlett