Sider

1. november 2023

Oppsummering oktober 23

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jan Guillou - Den som drepte helvetes engler - Svensk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Sven Petter Næss - Tyv - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne Holt - Tolv utemte hester - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Gard Sveen - En gang skal du dø - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jeff Abbott - I siste øyeblikk - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Tore Renberg - Lungeflyteprøven - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat + Lånt lydbok BookBites
Levi Henriksen - Som vi forlater våre skyldnere - Norsk novellesamling - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

3 lyd, 1 lyd + papir, 2 papir, 1 ebok
5 lånt, 2 abonnement
5 krim,  1 historisk roman, 1 novellesamling
5 norske, 1 svensk, 1 amerikansk
6 menn, 1 kvinne
Nye forfattarar: Ingen.

Plutseleg november. Friskt og fint i dag, men etter kvart kjem det til å bli mørkt, grått og kaldt og dermed meir inneaktivitetar - og truleg meir lesing. Det vart "berre" 7 fullførte bøker i oktober, 5 av dei årets norske - og med Lungeflyteprøven som høgdepunkt. 

Den som drepte helvetes engler er eit gjensyn med Erik Ponti og Carl Hamilton - som gamle menn. Sidan eg har lese mange av Jan Guillou sine bøker, såg eg fram til ei nostalgisk lesestund. Noko det vart, for her er det mange henvisningar til både Ondskapen, Hamiltonserien og Århundreserien. Boka er ikkje dårleg, men det vart for tregt, rett og slett - og kanskje noko patetisk. Kort oppsummert er det, etter mitt syn, ei bok me ikkje hadde bruk for. Samstundes forstår eg behovet Guillou har hatt for å knytta saman og oppsummera tidlegare bøker. 

I siste øyeblikk er ikkje treg, tvert om. Andre bok i serien om Sam Capra er full av action, slåssing, skyting og biljakt. Samt ein dose romantikk. OK som underhaldning og avveksling, men likevel kjedeleg. Det er nesten som det er godt gjort å skriva ei bok som er både actionfylt og kjedeleg, men eg opplevde boka slik. Eg kjem neppe til å halda fram med denne amerikanske serien.

Pr. 1. november har eg lese 90 bøker i 2023. Det er innafor normalen og eg er nøgd med det.

Kva skal så lesast i november og desember?
Vel - det blir som vanleg litt tilfeldig sidan eg fyrst og fremst låner bøker. Den fyrste eg har på vent er den siste til Jørgen Jæger. På vente- og ønskelista har eg mykje svensk krim: dei nyaste bøkene til Jens Lapidus, Håkan Nesser, Anders Roslund, Stefan Ahnhem og Anders de la Motte. I tillegg dei siste til danske Thomas Bagger og finske Max Seeck. 
Dessutan har eg sett meg på venteliste for ei bok eg har store forventningar til: Ken Follett si nyaste bok i det som er blitt Kingsbridge-serien; Lysets rustning

Og når ein er inne på historiske romanseriar: Edvard Hoem kjem med ny bok i serien Familien i Rekneslia seinare denne månaden. Den har tittelen Husjomfru og handlar om Felemakaren si dotter. Og her må eg faktisk sitera meg sjølv frå min eigen omtale av Felemakaren"Det er ikkje gitt noko hint, men eg anar at det kan komma fleire bøker basert på Hoemske forfedre og -mødre. Kanskje vert ein av døtrene til Lars og Gunhild hovudperson i neste bok?" 

4 kommentarer:

  1. Vi er så enig om Tore Renberg sin bok, den var virkelig god. Synd Guillou skuffet da, han har vært en favoritt før, men det er lenge siden jeg har lest ham.
    Det er så deilig å være fornøyd med egen leseinnsats, 90 bøker er jo mye. Jeg gleder meg også til Hoem, tenk at du spådde at det ikke var slutt med forrige bok, kanskje du er sanndrømt?
    Ha en fin lesenovember Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Me er samstemte om denne Renberg-boka, hyggeleg det. Guillou har vore ein favoritt hos meg og, i mange år. Dermed vart det nedtur denne gongen.
      Artig at eg "spådde" rett, men det låg vel kanskje i korta at det skulle komma ein oppfølger.

      Slett
  2. Jeg er enig med Tine angående så godt å være fornøyd:)
    Av dine har jeg kun lest Tyv, men har Sveens siste liggende her, og ønsker å lese Anne Holt sin siste.
    Ønsker deg en fin november med mye lesetid:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Anbefalar både Sveen og Holt!
      Takk og det same til deg!

      Slett