Gyldendal 2024
Speletid 10:43
Lånt lydbok BookBites
Nytt hyggeleg møte med Barbarotti
Egentleg er ikkje feelgood-krim "min tekopp", men det finst unnatak. Når innhaldet, plottet, skrivestilen og språket er på nivå med denne boka - då må eg berre gi meg "ende over", som det heiter. 74 år gamle Håkan Nesser viser i denne boka både forteljarglede, vitalitet og kreativitet.
Eg var så heldig at eg fekk tilgang til lydboka i påsken, og dette er perfekt turlytting. Eventuelt peiskoslesing.
Handlinga er lagt til juletider 2020, det vil sei midt i koronapandemien. Dei fire søskena Rute har ikkje møtt kvarandre på lang tid, men no skal dei feira jul i lag. Det er eldstemann Ludvig (og "livsledsagersken" hans) som har invitert brødrene Lars og Leif og veslesyster Louise, samt Louise si dotter Linn og Lars si kone Ellen til herskapshuset i det snørike og fiktive Sillingbo. Det viser seg at Ludvig er alvorleg sjuk, og under opphaldet kallar han inn til eit møte kun for søskena. Etter dette møtet vert stemninga dårlegare og julekosen endå meir krampaktig enn før.
Så - natt til fyrste juledag skjer eit mord. Barbarotti og Backman entrar scenen, - det vil sei huset. På grunn av dårleg ver og av smittevernomsyn må dei juleferierande bli buande i huset der mordet har funne stad - saman med etterforskarane. Barbarotti er overtydd om at mordaren er ein av dei som oppheld seg i huset. Men kven av dei? Kva kan motivet vera? Kva er bakgrunnen for at Rute-søskena ikkje har hatt kontakt?Omgivelsane og deler av tematikken minner om ein Agatha Christie-roman - og det er sjølvsagt hensikten. Ein får sterke assosiasjonar til klassisk britisk "puslespelkrim" når ein les.
Før ein kjem så langt som til det omtalte mordet får me ein lang innleiing der me vert presenterte for alle dei involverte personane. Det kjem klart fram at det handlar om ein familie som skjuler hendingar som fann stad for lenge sidan - og som ingen vil sei noko om. Det kjem nokre hint i denne delen av boka, utan at ein egentleg tenkjer over det.
Boka er stillfarande, langsam og pratsam - men har likevel god framdrift sidan forteljarperspektivet vekslar jamnleg. Etterforskinga dreg ut i tid med nye puslespelbrikker og teoriar etter at alle har forlate Sillingbo. Når løysinga ser ut til å vera opplagt og alt virkar avgjort, kjem det eit overraskande brev frå München.
Om eg skal pirka på noko med denne boka, må det bli den innlagde "spøkelseshistoria". Den er etter mi meining noko malplassert, men handlinga elles vart ikkje forringa av dette innslaget.
Det er alltid hyggeleg å "møta" Gunnar Barbarotti. Den underfundige og sympatiske etterforskaren og den slagferdige kollegaen og sambuaren hans Eva Backman er eit etterforskarpar ein blir oppriktig glad i. Persongalleriet elles vert skildra med varme og humor, i andre høve heller melankolsk - eller med ironisk snert der det passar inn.Det kom et brev fra München er nummer åtte i serien om Barbarotti, men kan godt lesast åleine. Det er ein "snill", velskriven og underhaldande kriminalroman som eg verkeleg kan anbefala.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar