Påbyrja i oktober, fullført i november:
Abid Raja - Vår ære og vår frykt - Debatt/personleg beretning - Lånt papirbok privat
Ørjan N. Karlsson - Stille som snø (Jakob Weber #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Lese i november:
Kim Leine - Karolines krig (Karoline Blicher #3) - Dansk-norsk roman - Lånt ebok BookBites
Torbjørn Færøvik - Maos rike. En lidelseshistorie - Norsk dokumentar - Lydbok Storytel
Gard Sveen - Messe for en morder (Agnete Ness & Ulf Sommer #2) - Norsk krim - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Gard Sveen - Messe for en morder (Agnete Ness & Ulf Sommer #2) - Norsk krim - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Lars Kepler - Søvngjengeren (Joona Linna #10) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Påbyrja i november, fullførast i desember:
Robert Galbraith - Det beksvarte hjertet (Cormoran Strike #6) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Tempelridderen (Arn Magnusson #2) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel
Robert Galbraith - Det beksvarte hjertet (Cormoran Strike #6) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Tempelridderen (Arn Magnusson #2) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel
3 lyd, 1 papir, 2 ebøker
5 lånt, 1 abonnement
3 krim, 1 roman, 1 dokumentar, 1 debatt
4 norske, 1 dansknorsk, 1 svensk
Nye forfattarar: Ingen
5 lånt, 1 abonnement
3 krim, 1 roman, 1 dokumentar, 1 debatt
4 norske, 1 dansknorsk, 1 svensk
Nye forfattarar: Ingen
Eg tykkjer eg har lese mykje i november, men det vart faktisk ikkje meir enn seks bøker. Men fleire av dei er ganske omfattande, så eg vil tru at om ein reknar om til sidetal er det som ein normal månad (8-9 bøker).
Boka eg les no, Det beksvarte hjertet, er ekstra omfangsrik; 1072 sider. Eg må innrømma at eg har vore på nippet til å avbryta, men i skrivande stund er eg kommen til side 520. Det vil sei at alt no tyder på at eg kjem til å fullføra, for eg likar jo egentleg godt å lesa om Strike og Robin og om dei besyndarlege sakene dei etterforskar. Men ei krimbok på over 1000 sider - det er for mykje. Det blr for komplisert og litt utmattande frå Robert Galbraith (J.K. Rawlins) denne gongen.

Begge dei to sakprosabøkene eg las er veldig bra bøker. Abid Raja set dagsorden (også) med den nye boka si. I Vår ære og vår frykt tek han utgangspunkt i sitt eige liv og eige opphav og set søkelys på korleis ulike europeiske nasjonar har handtert innvandring og integrering. Ei svært viktig bok!
Torbjørn Færøvik si bok Maos rike handlar, som tittelen tilseier, om Kina, Mao og om korleis det kinesiske folket har lidd. Boka er rystande, lærerik og interessant om korleis (det som skulle bli) ein folkerepublikk blei eit diktatur.
Kim Leine har no fullført bøkene om Karoline Blicher, og han avsluttar med det som er den beste boka i trilogien. Karolines krig er veldig spennande, skremmande realistisk og nesten dagsaktuell. Handlinga er nemleg lagt til oktober 2024.
Dei to norske krimbøkene er bra og her viser eg til samleomtalen.
Eg las (lytta) ferdig Søvngjengeren i natt, og eg er framleis andpusten. Atter ein gong har det svenske forfattarparet laga ei velkomponert og kjempespennande historie. Boka er nifs, bestialsk og urealistisk - men altså; dei skriv veldig bra.
Antall sider sier mer enn antall bøker. Derfor begynte jeg med å telle sider også. 1000 sider på en krim er for mye, så de bøkene får ligge for meg, andre like lange bøker også.
SvarSlettHar ellers ikke lest noen av disse, men har Sveen og Raja på vent her.
Ønsker deg en fin desember Berit:)
Ps- har meldt meg på workshop i AI for journalister:) Da skal jeg teste det ut på blogganmeldelser; jeg også:)
Sorry feil, har selvsagt lest Stille som snø:)
SlettEnig i at 1000 sider er i overkant. Men bra at det er ebok og ikkje papir!
SlettHa det gøy på workshop! Eg bad ein AI laga eit fint og humoristisk juledikt i dag. Det var heilt håpløst, hehe. Så det funkar ikkje heile tida.
Takk, blir medio desember, et par timer:)
SlettHehe, angående juledikt, Artig å leke seg litt:)
Det er alltid like spennende å se oppsummeringene dine, digger at vi innimellom er helt enig, mens av og til ikke. Denne gangen har vi trukket ned på de samme stedene :)
SvarSlettHa en strålende desember Berit!
Her er eg veldig enig, hehe. Det er artig - og fascinerande! - at me kan vera veldig enige i enkelte høve og totalt uenige i andre.
SlettKim Leine sine to siste bøker har jeg ikke fått med meg, men det skal jeg. Ønsker deg en fin desember :)
SvarSlettDei må du for all del få med deg!
Slett