Eg har rett og slett ikkje tid til å skriva gjennomtenkte og (meir eller mindre) velformulerte omtalar av absolutt alle bøkene eg les. Her kjem difor eit nytt samleinnlegg med "mikroomtalar i kulepunktformat" over ein del av bøkene eg har lest og lytta til i det siste.
Oppløsning av C.J. Sansom
- Britisk historisk krim, handling frå den fascinerande Tudortida
- Glimrande miljøskildringar
- Gode tidsbilete
- Særprega karakterar, særleg forteljarstemme og hovudperson, - ein advokat med pukkelrygg
- Snirklete og omstendeleg språk - men det står i stil til denne historiske tidsepoken
- Munkar, kloster, smugling, halshogging, lukka rom-mysterium
- Overraskande og god avslutning
Det levende kjød av Lene Kaaberbøl
- Dansk historisk krim
- Handling frå Frankrike på 1890-talet
- Bok nummer 2 i serie
- Mykje svakare enn den fyrste (Kadaverdoktoren)
- Nokså makabert, ein Jack the Ripper-liknande mordar
- Ikkje så veldig spennande, men overraskande avslutning
- Terningkast 4
Knokkelsamleren av Jeffery Deaver
- Amerikansk krim
- Bok nummer 1 i ein serie på 11
- Svært spesiell etterforskar - og etter kvart etterforskarpar
- Særdeles utspekulert og djevelsk copycat
- Får assosiasjonar til dei amerikanske TV-seriane Ironside, CSI og Criminal Minds. Og litt Hercule Poirot.
- Mykje ekkelt, mykje blod, mykje råskap
- Men lite truverdig og difor likevel OK
- Gruusomt spennande
Alvdalstrilogien av Kjell Aukrust
- Simen,
- Bonden og
- Bror min
- Genialt og lunt
- Humoristisk og usentimentalt
- Klassikarar
- Profft opplest av Toralv Maurstad
- Soleklar terningkast 6
Popsongar av Frode Grytten
- 24 noveller
- 24 stader
- 24 songar
- Folkeleg
- Humoristisk
- Melankolsk
- OK å lesa ei slik bok mellom andre bøker
Sanger til Willow Frost av Jamie Ford
- Amerikansk roman
- Handling frå Seattle, 1920- og 30-talet
- Kinesisk-amerikansk miljø
- Interessant, men berre til ein viss grad
- Om ein stakkars barneheimsgut som leitar etter mor si
- Oppskrytt bok
- Kjedeleg og altfor lang
- Manglar nerve
- Godt opplest av Duc Mai-The, men likevel terningkast 3
Skråninga av Carl Frode Tiller
- Godt komponert
- Ubehageleg velskriven
- Mørk stemning
- Skremmande realistisk
- Dystert og destruktivt
- Brutalt og rått om familievald, rus og psykisk sjukdom
- Repeterande og insisterande stil, ganske masete
- Difor vart leseopplevinga slitsam og litt tung
Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår av Haruki Murakami
- Om ein einsam og framandgjort ung mann i storbyen
- Han er på leiting etter venene sine frå fortida - og seg sjølv
- Fine og originale språklege bilete
- Lite handling, mykje filosofi
- Ikkje så god som forventa
- Ikkje så overraskande som forventa
- Ikkje så magisk som forventa
- Terningkast 3
Jeg er Malala av Malala Yousafzai
- Biografi og faktabok
- Imponerande av ein 17-åring
- Årets fredspris-vinnar
- Barnsleg og veslevaksen
- Men samstundes veldig moden
- Oppramsande stil
- Interessant, sterkt, leseverdig
- Ei viktig stemme
Ikke så dumt dette Berit, Kjapt og effektivt. Jeg liker også å skrive om alt jeg leser (hvis jeg får det til) for å holde en oversikt for meg selv i det minste.. så får det bli noen meget korte og kjappe..
SvarSlett